Gå til hovedinnhold

Fredagsfilosofering frå stresslessen på løkka

"The scientific evidence is quite clear about the environmental dangers of continuing to focus on the values and goals so prominent in today’s hyperkinetic, consumeristic, profit-driven culture. A growing body of research shows that the more people value money, image, status, and personal achievement, the less they care about other living species and the less likely they are to recycle, to turn off lights in unused rooms, and to walk or bicycle to work."

Sitatet er henta frå World Watch Institute-artikkelen Shifting Values in Response to Climate Change.

Påstanden er at jo mindre folk jobbar, jo lykkeligare og meir fornøgde er dei, og jo mindre konsumerer dei. Jo mindre opptatt dei er av penger, jo meir opptatt av egenutvikling er dei og jo mindre konsumerar dei. Og jo færre timar jobbar dei per veke.

Dette høyrest egentlig ganske fint ut. Eg for min del føler eg lever eit heseblesande fryktelig travelt liv der ein springer frå møte til debatt til jobb til praksis til epost til leilighet og vasker kler og kåken når ein ein sjelden gong har tid. Det er bissi living on the edge in urban Oslo. Men eg både jobber masse og tjener lite, så her er ein dissonans i retorikken.

Tjene lite penger er noko dritt. Ein skriver ikkje inn store summar med mindre ein er fast ansatt i ei trashavis av tabloid kaliber, og det har eg ikkje lyst til. Altså må ein inn på dei andre trange vegar, men det eg innbiller meg, er at desse trange vegane omsider kan vide seg ut. Eg aner lys i tunnellen. Sidan eg var liten har eg hatt lyst til å bli forfattar. Eg har lese dokumentarar, reiseskildringar, National Geographic og Times, og tenkt at hmm dette er gøy. Dette vil eg også gjere ein dag. Så har eg lese Doris Lessing, Allen Ginsberg, Jens Bjørneboe, og tenkt at dette vil eg gjere ein dag. Altså: eg vil bli forfatter, veldig gjerne. Men det har inga hast. Livet kjem nok til å vare ei stund til. Eg trur ikkje eg skal dø imorgon, og ein har trass alt hatt nok å ta seg til om ein ikkje skal skrive ei bok i tillegg.

Thor Heyerdahl er ein fasinerande fyr. Grønn var jorden på den syvende dag, skriver han. Og så har vi Arne Næss, økologisk filosof som alle politikere i dagens klimaverden bør lese og lære av. Tenk å leve eit slikt liv. Tenk å tenke så store tanker. Det er så fasinerande. Når ein les slikt, tenker eg at ein må jammen legge lista høgt når ein sjølv skal skrive. Alt er jo skrive før. Dei store tankane er tenkt. Ein må tenke store tankar i si eiga tid. Denne tida har trass alt aldri eksistert før, og alt som skjer, skjer i ein kontekst. Alt som tenkes, tenkes i ein kontekst. Ingenting skjer i vakuum. Ergo kan dei store tankene tenkes igjen og igjen av nye hovud, uten at dei nødvendigvis gjentar seg, fordi kontekst er annleis.


Her vil eg gjerne sitere Jonas Gahr Støre frå eit intervju gjort av Torbjørn Røe Isaksen: "Jeg tror ikke at samfunnet utvikler seg av harmoni, men av motsetninger og menneskers virketrang." Resten av intervjuet er også bra. No skal eg lese desto meir bra greier. Gjerne utenlandsk som det heiter. Eller bokmagasinet til Klassekampen som kjem imorgon. Det kan eg anbefale alle. God kveld.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...