Gå til hovedinnhold

Shocked into abstraction - virkelighetsflukt med gaffatape

Shocked into abstraction av Matias Faldbakken på Nasjonalmuseet. Eg såg utstillinga idag. Der var gaffatape på veggen, og ulike andre typar tape på veggen, og var ganske kult i grunn sjølv om eg tenker at det er ganske lett å tape litt gaffa på veggen og kalle det kunst. Frekt, rett og slett. Og heilt greit. Så eg tok med meg ein Faldbakken-plakat heim og hengte den opp, oppned, og der heng den godt.

Deretter drog eg for å kjike på India Highway på Astrup Fearnley. Anbefales. Sterke bilder og mange figurar, blant anna ein oppned hest med firkanta hjørner som var malt rød. Det var også ein sterk videoinnstallasjon om vold mot kvinner i India, samt ein oppned by bygd av små metallboksar som skulle forestille slum. Sjå bildeserie her.

Eg er ingen kunstkjennar, men å vandre rundt og kjike på kunst, former og uttrykk, i store, stille lokaler gir mange abstraksjonar og inntrykk. Det er litt som å vere på ferie frå verda utanfor. Det gir mange inntrykk og assosiasjonar som ein ikkje klarer å kome opp med sjølv, og det er vel difor vi har kunst. For å iscenesette det som finst mellom språket og verda.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...