Gå til hovedinnhold

Lettvint omgang med kilder/ Vestlig ovenfra og ned retorikk for biodrivstoff

ZERO svarer i dag på mitt leserbrev i Klassekampen, og sidan avisa har satt ein strek for debatten i denne runde, tar eg eit motsvar her på nett.

Media har kjørte kampanjejournalistikk mot biodrivstoff som klimaløsning, skriv Einar Håndlykken, daglig leder i ZERO i sitt svar til meg. Dette er ein veldig billig påstand frå Håndlykkens side. Om han hadde fulgt litt med i timen, og ikkje berre hengt seg på teknooptimismens radige biobølge, hadde han visst at det er ei rekke grasrotorganisasjonar og NGOs lokalt over heile kloden som jobbar MOT biodrivstoffproduksjon.

Men Zero er helter. "ZERO har valgt å stå ved sitt standpunkt," skriv Håndlykken, og det seier vel sitt.

"Ingen energiproduksjon er uten konsekvenser, heller ikke den fornybare. Det er inngripen i naturen å legge fosser i rør, å bygge vindmøller i verdsatt kystnatur og å øke uttaket av biomasse fra skogen," skriv Håndlykken, og viser her til inngrep som påvirker naturen. Eg på mi side snakka om inngrep som påvirker levekåra til menneske. No kan ein ikkje sjå menneske og natur som to isolerte saker, men når det kjem til å legge fossar i rør (går det virkelig an å samanlikne legge fossar i rør med å produsere biodrivstoff??), går det ikkje utover menneskers tilgang til mat og areal, men over menneskets visuelle tilgang til ein foss i fritt fall. Når vi snakkar om vindmøller i verdsatt natur, er vi igjen inne på eit typisk vestlig forsøk på å "verne natur", nemlig "verne natur for menneskets glede". No er vi igjen inne på "visuelle gleder". Det er ingen som kjem til å svelte av at vi set opp nokre vindmøller. Det som kan skje, er at folk blir forstyrra av a) lyd og b) synsinntrykk. Vi snakkar med andre ord om heilt andre nivå i Maslows behovspyramide enn det vi kan sei om biodrivstoff som går på det heilt grunnleggande: rett og behov til mat for å halde liv ved like. Fossar og vindmøller går på behov lenger oppe i denne pyramiden, men er dessverre eit typisk argument når vi i vesten/ rike Norge, skal argumentere mot/ for vind/ vannkraft.

"ZERO er for fornybar energiproduksjon i praksis, ikke bare som politisk honnørord," skriv Håndlykken. Ja frå ein vestlig, overfra og ned tanke- og argumentasjonsgang.

Til slutt avslutter Håndlykken med eit sitat frå Paul Mbole som jobber med et biodrivstoffprosjekt i regi av Kirkens Nødhjelp og ZERO i Kenya. Mbole er sjølvsagt pro biodrivstoff all den tid han jobber med det, og for Zero. Ein skal velge sine kilder med omhu er det noko som heiter på journalistspråket. Det anbefaler eg også ZERO å gjere. Kikk ein gong til på kildene de bruker.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...