Gå til hovedinnhold

Fuck biodrivstoff!

(Dette lesarbrevet stod på trykk i avisa Klassekampen 29.april 2009).


Zeros grelle biodrivstoffreklame


I Klassekampen 25. april rådar Einar Håndlykken i Zero raddisar til å køyre på bioetanol. «Vi vil gjere det lettare å finne rett bil for dei som ønskjer å kome seg rundt utan å øydeleggje klimaet», seier Håndlykken. Dette høyrest veldig enkelt (og lekkert) ut, men bioetanol er, som vi veit, eit tveegga sverd.


Eg har nett vore nokre veker i Andhra Pradesh i India på feltarbeid, og ein del har sikkert lese reportasjeserien min i Klassekampen i påska. Her vart det dyrka biodrivstoff. Biodrivstoff er eit såkalt cashcrop på linje med bomull, og mange vart her av myndighetene tvinga til å dyrke biodrivstoff på markene. Dei vel det ikkje sjølv. Årsak: det er penger i biodrivstoff og India ønsker å tjene penger. Samtidig, i same landsby, svelt folk og matprisane stig.


Framtida er high tech, og bilindustrien ser nok på biodrivstoff som eit sexy tilbud til kresne, framtidsretta kundar, men her er visse problemstillingar som let til å vere oversett, og det er grelt å sjå korleis Håndlykken snakkar om «lekre miljøvennlige bilar» når ein veit at på den eine åkerlappen står biodrivstoffet og veks, og like ved går folk svoltne til sengs.


Ein annan ting er reduksjonen i areal med påfølgande reduksjon i biologisk mangfald som skjer som ein følge av produksjonen. Ein reduksjon i biologisk/ genetisk mangfald svekkar i sin tur mulighetene for å imøtekomme klimaendringar lokalt, og svekker også evna til lokal matsikkerhet.


Når vi idag står ansikt til ansikt med veksande befolkningspopulasjonar, enorme utfordringar knytt til klimaendringar, endra krav frå konsumentar og ein veksande trussel frå sjukdommar, treng vi tilpasningsdyktighet og muligheter til å gå ei usikker framtid i møte, skriv Commission on Genetic Resources for food and agriculture, i forordet til global tiltaksplan for bevaring av dyrs genetiske ressurser, lansert av FAO (Food and Agricultural Organisation). Planen skal bidra til å nå millenniumsmål ein, utryddelse av ekstrem fattigdom og svolt, og mål sju som er å sikre eit bærekraftig miljø.


Genetisk mangfald skal ryste oss til å møte klimaendringane, medan redusert mangfald, blant anna som ein følge av biodrivstoff monokulturer, svekkar mulighetene for klimatilpasning.


Ein an ting er om ein i det heile tatt bør støtte opp under produksjon når folk svelt. Klimatiltak handlar ikkje berre om å redusere utslepp.


(Eit poeng som var utelate i dette lesarbrevet, var journalistens naive framstilling av problemstillinga. I etterkant av lesarbrevet har eg mottatt fleire epostar frå lesarar som er einige med mitt synspunkt. Puhh, det finst håp og der finst kunnskap. Bra. Sei nei til biodrivstoff!)


Vite meir: Les Oppkjøp av matjord til produksjon av blant anna biodrivstoff, truer lokal matsikkerhet. eller rapporten En verden uten sult frå Utviklingsfondet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...