Gå til hovedinnhold

Jublar for glasperler - ordførarane stasjar seg for MGP i Florø

I helga var det MGP delfinale i Florø. Såkalla folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. På same tid kuttar dei i kulturbudsjetta og har særs dårlege kulturtilbod til ungdom.

Les også: min analyse av Sogn og Fjordanes marknadsføringstiltak

Lat meg gjere eit par ting heilt klar: At private aktørar går inn og finansierier delfinalen, er derimot heilt topp. Eg har ingenting imot MGP, men eg har noko imot at fylkeskommunen bidreg med finansiering, samt begrunningane dei nyttar for å forsvare sitt økonomiske bidrag.

Les også om korleis Sogn og Fjordane kan unngå taparstempelet, kronikk i Bergens Tidende, 2010.

På første benk under delfinalen sat ei rekke ordførarar, deriblant fylkesordførar Åshild Kjelsnes, med ordførerkjeder og glitterkjolar.

Det er eit absurd show å følge med på, korleis fylkeskommunen går ned i kneståande i gullkjolane sine for å få lov å ha ein lokal delfinale dei attpåtil må betale for. For det er slik det framstår. Dei framstiller seg som om dei trur at glasperler er gull.

Dei kaller det reklame for Sogn og Fjordane, men eg er usikker på om reklameeffekten er den dei hadde tenkt seg. Å framstille bygda som ein stad der ein går i kneståande for å få arrangere ein delfinale er ikkje direkte imagefremmande.

Det lyser ikkje folkefest, men desperasjon av arrangementet om ein ser på begrunningane frå fylkeskommunen. Tidlegare fylkesordførar Nils R Sandal begrunna ein pengebevilgning til MGP delfinale med reklameverdi.

Snakket om reklameverdi, er lyden av desperasjon.

Snakket om reklameverdi er også det snakket ein tyr til kvar gong ein vil bruke pengar på noko som ellers vanskeleg kan forsvarast. Reklameverdien er ein påstand som ikkje kan etterprøvast, og det fremste symptom på desperasjonen som rår i Sogn og Fjordane. Det er også eit symptom på inkompetansen når det kjem til kunnskap om markandsføring. Og reklameverdi er umogeleg å etterprøve. Reklameverdi er utfrå desse kriteria ikkje haldbart som begrunning for ei bevilning på i år 600 000. Men sjølv om ein er desperat, bør ein prøve å halde på eit snev av sjølvrespekt.

Det er ikkje sjølvrespekt å kle seg i gull for ein delfinale i MGP finansiert utfrå begrunningar om "reklameverdi". Det er kompetalseløst.

Dei bør kaste argumentet om reklameverdi på båten, og heller bruke den einaste forklaringsfaktoren som kan brukast: folkefest for folk flest. Dette ville også ha vore i tråd med sittande regjerings kulturpolitikk der ei av målsetningane er at kulturen skal tilgjengeliggjerast for alle.

Om dei verkeleg trur på sitt eige argument om reklameverdi, manglar dei openbart kompetanse om kva som gir reklameverdi. Ergo manglar ein også kompetansen til å bevilge pengar til eit slikt arrangment som ein delfinale i MGP.

Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar er biletet av indianararane som trur glasperler er ekte. Alle som har kunnskap om amerikansk kolonihistorie forstår denne metaforen.

Ei fin rekke klovnar. Nokre ordførarar ville ikkje sitte der, det kan vi forstå. Dei er trass alt politikarar og bør ha litt sjølvrespekt. For kven skal ellers ha det, om ikkje dei folkevalgte på vegne av folket? Å sjå folkevalgte dresse seg som klovnar, bidreg ikkje til auka sjølvfølelse på vegne av Sogn og Fjordane. Det bidreg derimot til å prente inn desperasjonen og fatalismen: vi har ikkje kontroll, vi gjer kva som helst, vi er gislane som forsøker å få nokon til å sjå oss. Sjå oss! Vi fallbyr oss!

Dei framstiller seg som bygdevulgaristar, tydelegvis utan å vite om det sjølv, dei som sit der. Og denne mangelen i innsikt i kva det er dei faktisk foretar seg, er urovekkande. Kva blir det neste? Den som handlar i desperasjon, handlar som kjent ofte utan rasjonelle begrunningar. Dette er MGP eit symptom på. Ein lagar seg forklaringar som ein så trur på sjølv: reklameverdi.

Men til skilnad frå den tids indianarar, burde fylkeskommunen vite skilnaden på fake og real, glasperler og reell verdi.

Og har ein ikkje snev av sjølvrespekt? Nei, og det er det som er problemet. Ein har for låg sjølvtillit og fallbyr seg, sjølv om dei sjølv må betale for kaka. Etterpå stiller ein i gull. Det er episk.

Signaleffekten av gullrekka under MGP er tydeleg. Under delfinalen av MGP framstår den såkalla lokale politiske eliten som indianarar som har fått kasta glasperler til seg, og i takknemlighet stiller i sin finaste stas. Dei framstiller bygde-Norge som ein vulgær arena der ein trur at glasperler har verdi, der ein er så inkompetente at ein trur at MGP delfinale gir reklameverdi verdt mange hundre tusen. Desperasjon.

Lat meg stille eit spørsmål: kven hugsar kvar delfinalane vart arrangert ifjor?

Fylkeskommunensn finansiering av delfinalen i MGP er ei fatalistisk form for bygdevulgarisme. Fatalisme er det motsette av å ta kontroll. Vulgær betyr ukultivert og simpelt, det motsette av kompetent. Sjeldan kjem Sogn og Fjordanes mindreverdskjensle og desperasjon tydelegare fram enn under MGP delfinalen i Florø.

Singnaleffekten er ikkje til å misforstå.

Reklameverdi? Ja, om ein ønsker bygge opp under fordommar mot bygde-Norge. Då er fylkeskommunens finansiering av delfinalen i MGP definitivt verdt pengane.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...