Gå til hovedinnhold

Asfalter, NO!!

Den store folketalsquizen

Og korleis kan gamlisar på distriktsutviklingskonferansar redde utkantane? Kvifor bestiller ein sjølvsagtheiter i rapportform? Og ein haug med andre spørsmål.

"Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord». Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Dette kan også seiast om Vestlandet. Ein grip til påstanden «vi er overkøyrde», og sentraliseringa er sterk, og let dermed vere å tenke sjølv.

På same tid som mang plasserer skulda for utviklingsproblema i sentrum, søker ein i utkantane etter nye fokus og nye tankar. Toppturar, seier ein og kastar seg på naturfokuset. Ein har sett i trollspegelen, media, og sett at friluftsliv er i vinden. Ein forsøker å vere det den urbane middelklassen ønsker seg: eit friluftsinnramma paradis for deg med frittståande arbeidsplass.
Problem: toppturar er ein forbigåande trend. Om få år er det andre ting enn Birken og skitur som er greia, skal ein tru trendanalytikar Ole Petter Nyhaug. Ein må med andre ord ikkje kaste seg på første og beste greie som susar forbi, men halde hovudet kaldt. Men folketalet går ned. Noko må gjerast, og det må skje fort! Nye tal frå SSB viser at Sogn og Fjordanes befolkning vil auke med 1905 innbyggarar fram mot år 2030. Det er dramatisk.

Greit. Vi må berre innsjå det. Nokre lokalsamfunn kjem til å vinne. Andre kjem til å tape. Dei som vil tenke nytt, kan overleve, medan dei som ikkje vil, må godta rolla som ein stad som langsamt svinn bort, finansiert av offentlige løyvingar enn så lenge.
Mange kommunar er alt på hælane. Kva kan ein gjere? Gi vekk gratis tomter? Nei. Det viser seg at ein stad som annonserer med gratis tomter, framstår som tapande, og lite attraktivt. Får ein i tillegg penger for å flytte dit, kjem folk i allefall ikkje. Nedbetaling av lån for tilflyttarar i tiltakssoner i nord har hatt forbigåande og høgst diskutabel effekt. Best fungerte tiltaka i tider med nedadgåande konjunkturar, men det er ikkje nok.

Så skal ein mekke arbeidsplassar til ufaglærte, middelaldrande arbeidskrafta som blei ledig då industrien tok helga? Skal ein bannlyse vindmøller? Kultursjefar i kommunane seier dei skal satse på kafear og diskotek, fordi dette er urbant. Urbanitet er ein sterk verdi hos dei som er unge. Dette hindrar dei i å flytte ruralt. Men stopp ein halv. Er kafear og diskotek urbant eller er det misforstått urbanitet? Det siste, utan tvil. Urbanitet handlar om ein mentalitet og om verdiar, ikkje om kaffe latte, slik enkelte med lite gangsyn trur.

Så arrangerer ein konferansar. Innovasjon Norge er på offansiven med sine masseproduksjonstiltak av trendbaserte tiltak der korvidt du er god på å treffe med dine formuleringsevner avgjer om du får støtte. Og det blir arrangert «forstå seg på distriktsutviklingskonferansar» der gjennomsnittsalderen er dobbelt så høg som på den målgruppa ein ønsker å tiltrekke seg. Er det berre gamlingar som interesserer seg for distriktsutvikling, eller er det slik at dei unge (bortsett frå meg sjølv som deltar på ei rekke av desse konferansane) ikkje slepp til? Eventuelt er dei unge mest opptatt av andre saker. Greit nok.
Men dette gjer ikkje saka lettare å løyse. Det er svært stor avstand i verdiorientering mellom ulike aldersgrupper. Særlig er spriket stort til dei unge som i langt sterkare grad enn eldre har urbane verdiar. Korleis kan då konferanser stappfulle av folk på førti femti seksti pluss vite korleis dei skal få folk på pluss minus tretti til å flytte ut av byen? Antalet konferansar kan vel tyde på at dei ikkje har knekt koden. No har regjeringa sett ned Utval for kompetansearbeidsplassar i heile landet for å sjå på kva som skal til for å få unge til å flytte. Det blir interessant å høyre kva dei kjem fram til.

Neste spørsmål. Korleis går det når dei som bur på bygda skal prøve å tiltrekke seg dei som bur i byen? Det er store skilnader i verdiar på skalaen moderne – tradisjonell dimensjonen mellom folk i by versus bygd. Bygda er langt meir tradisjonelt orienter, viser UiO-professor Ottar Hellevik i artikkelen «Har vi en sentrum-periferi motsetning i Norge?» Her er ei rekke utfordringar.

Distriktsforskninga som kunne ha vore kreativ, produserer i stor grad rapportar som bidreg til å forsteine inntrykket av utkant-Norge. Når fekk vi eksempelvis behov for ein forskningsrapport som fortel oss at «Florø har identitet som ein kystby»? Kanskje i tider der det er billigare å fyre med rapportpapir enn god gammaldags ved. Likevel betalar ein i søkk og kave for denne typen selvfølgeligheter.

Men ein treng ikkje gå til forskinga for å finne vas og manglande nytenkning. «Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering». Jenny Følling, gruppeleiar for Sp i Sogn og Fjordane viser at ho ikkje har fantasi. «Det (folketalsutviklinga) berre understrekar at sentraliseringskreftene er sterke.» Fylkesordførar Nils R. Sandal avslører at han tenker som før.

I boka «Nord-Norge møter fremtiden» peikar Arne Rydningen på at det finst godt dokumentert internasjonalt materiale på at det er ein klar negativ samanheng mellom rike naturressursar og økonomisk vekst. Regionar med naturbasert økonomi blir rekna for å ha brukt opp sitt vekstpotensiale. Fortsett vekst må komme frå heilt andre kjelder enn disse naturressursane. Eksempel på stadar som har lukkast, er nord-finske Oulu (IT-sentrum). Eit anna er Silicon Valley som før var eit område for dyrking av epler.

Storstila ”satsing” på turisme er i dag ikkje anna enn eit ord for tilbakegang, skreiv Georg Arnestad i Sogn Avis for eit par helger sidan. Han har heilt rett.
Det finst 666 fjelltoppar over tusen meter i Troms, ifølge google, Hell ligg i Trøndlag og Vetle helvete i Sogn. Den som syndar vil bli straffa. Vi skal ikkje alle stå framfor herren på den siste dag. Mange vil alt lenge ha lagt daude under baugen på eit cruiseskip.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...