Gå til hovedinnhold

Nokre små lokalsamfunn kjem til å gå under/ "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør".

utkast til ein artikkel som eg fant ut eg ikkje gadd trykke med det første.


"Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord». Boka kom ut i høst og tar opp ei rekke problemstillingar som er aktuelle, ikkje berre for nord. Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Han peiker vidare på at analogien som ligg der er ei slags historisk basert kognitiv grunnhaldning eller magekjensle, som gjer at ein i nord ikkje ser nytta av å trenge ned i dei prosessane som utspelar seg rundt ein. Svelle meiner at å binde tanken for sterkt til skillet nord versus sør kan hemme for nødvendig konkretisering av kva som faktisk foregår. I kor stor grad er ein i stand til å skifte fokus og tenke nytt versus å vere bunden av meir vante førestillingar med utgangspunkt i det som var, spør Svelle.

Og vidare: Når blir det lokale og regionale fokus kontraproduktivt, og når er det ikkje mogeleg å oppretthalde, sjølv om det kanskje kunne ha vore til det beste? Når blir det mest vern om eigne lokale posisjonar og interesser for mykje basert på det som har vore, framfor å vere utviklingsfremmande? Spørsmåla er særs gode. Han peiker også på at det generelle reklamespråket gjer sitt inntog, særlig tenker han då på i omtalen av nordområdespolitikken. Dette er tilslørande. Spriket mellom mikrofortellingane frå samfunnet, og makrofortellingane, dei fortellingane som blir presentert utanfrå, blir raskt stort. Kva skal ein då tru på?

I klassikaren «Hva skjer i Nord-Norge?» (1966), ei bok som burde vere ei obligatorisk bakteppet for alle som er interessert i distriktsforskning og distriktsutvikling, tar Ottar Brox eit oppgjer med strukturrasjonaliseringa. Han kastar på båten fortellinga om at «alle vil til byen», og forklarar inngående mekanismene, eller strukturrasjonaliseringa og velferdsstatens grep som gjer at folk vel å forlate lokalsamfunn til fordel for byar og tettstadar. Dei skal valsast inn i samfunnet på andre premiss enn sine eigne. Dei er overkjørt av sentralmakta og kolonisert. Brox held fast på tesene sine, og om ein les Morten Strøksnes bok «Hva skjer i Nord-Norge? (2006), finn ein att retorikken frå Brox.
Om ein ser på mykje av retorikken frå utkantane idag, finn ein, om ikkje den same retorikken, så ein liknande. Om ikkje folk direkte blir jaga frå bygda, så er det manglande tilrettelegging frå ei ekstern makt som gjer livet på bygda lite attraktivt. Ei maktopphoping langs Oslofjorden, eller manglande forståing for utkantane sine behov, er i stor grad skuld i dette. Dette er i tråd med både siste maktutredning og forskninga. På Dyrøyseminaret i Troms 27.september sa professor ved Universitet i Tromsø, Kjell Arne Rørvik, at vi ser ei sentralisering av makt frå lokalt til sentral, snakket om regionalisering er berre snakk, og at vi ser ein voldsom vekst i tilsynsbyråkrati plassert i Oslo. Han peika på ei rebyråkratisering med mindre innslag av soft ledelse, meir styring og auka krav.

-----------

For over hundre år sidan fanst det ei gruppe vitelystne og framtidsretta nordlendingar, riktignok i Oslo, med liten sans for fokuset på fortida og heroiske sider ved den nordnorske fortida. Desse mennene ønskte å redefinere vår nordlege landsdel, blant anna gjennom navnebytet. Blant desse var Elias Blix og ei rekke framtredande stortingsmenn.
Utgangspunktet for denne gruppa var behovet for eit historisk oppgjer med landsdelens skjebne gjennom mange hundre år som eit utbytt og utnytta område. Blant oppgåvene dei ansåg som viktige, var å byte namn på landsdelen til eit navn som ikkje var tilbakeskuande med einsidige referansar til sagatida, vill natur og eksotisering av samane. Eit slikt tilbakeskodande namn var Hålogaland. Dette ville dei kvitte seg med.
Idelogien var framtidsretta og namnet blei Nord-Norge. Ein hadde behov for nye fokus og nye tankar. Namnet Nord-Norge var frikopla frå belastninga som sagahistoria og det tradisjonelle fokuset på fortida utgjorde.

Lat oss hoppe framover til Dyrøyseminaret i Troms sist i september. Ein søker fortsatt etter nye fokus og nye tankar. Mange i desperasjon. Toppturar, seier ein og kastar seg på naturfokuset. Ein har sett i trollspegelen, media, og sett at friluftsliv er i vinden. Problem: dette er ein forbigåande trend. Om få år er det andre ting enn Birken og skitur som er greia, skal ein tru trendanalytikar Ole Petter Nyhaug. Ein må med andre ord ikkje kaste seg på første og beste greie som susar forbi, men halde hovudet kaldt. Men folketalet går ned. Noko må gjerast, og det må skje fort! Nye tal frå SSB viser at Sogn og Fjordanes befolkning vil auke med 1905 innbyggarar fram mot år 2030. Ilag med Finnmark går fylket på ræv. (NRK-sak)

Grusomt, seier nokre. Hald hovudet kaldt, seier andre. Greit. Vi må berre innsjå det. Nokre lokalsamfunn kjem til å vinne. Andre kjem til å tape. Mange kommunar er alt på hælane. I desperasjon ser ein seg rundt. Kva kan ein gjere? Skal ein mekke arbeidsplassar til ufaglærte arbeidskrafta som blei ledig då industrien tok helga? Skal ein bannlyse vindmøller?
Kultursjefar i kommunane seier dei skal satse på kafear og diskotek, fordi dette er urbant. Urbanitet er ein sterk verdi hos dei som er unge. Men stopp ein halv. Er kafear og diskotek urbant?

Ein arrangerer konferansar. Innovasjon Norge er på offansiven. Glad kristen-stemning er å spore rundt Distriktssenteret. Knebøy, tøy, hopp og sprett. Ut på tur, aldri sur, berre jævlig forbanna, som min fetter seier. For når blei det fresht og frekt å kalle inngangspengar på konsert for «kollekt»? Ny bruk av gamle verdiar? Gi meg ein pause. Det er detaljpirk og nerding i ein bransje der virkelighetskontekst er viktigare enn alt anna. Ein kan bli jævlig forbanna berre av å sjå på halleluja-stemninga rundt dei merkelegaste tiltak. Når eldre damer i fargerik trikot og med energisk sprellande bevegelsar får makt, er det sjeldan anna enn undergang i vente.

Når fekk vi eksempelvis behov for ein forskningsrapport som fortel oss at «Florø har identitet som ein kystby»? Kanskje i tider der det er billigare å fyre med papir enn god gammaldags ved.

I boka «Nord-Norge møter fremtiden» peikar Arne Rydningen på at det finst godt dokumentert internasjonalt materiale på at det er ein klar negativ samanheng mellom rike naturressursar og økonomisk vekst. Regionar med naturbasert økonomi blir rekna for å ha brukt opp sitt vekstpotensiale. Fortsett vekst må komme frå heilt andre kjelder enn disse naturressursane. Eksempel på stadar som har lukkast, er nord-finske Oulu (IT-sentrum). Eit anna er Silicon Valley som før var eit område for dyrking av epler. For å få til utvikling, måtte dei totaltkaste gamle idear, vrenge seg ut av epleskrotten og asfaltere.

Dei som ikkje vil tenke nytt, må innfinne seg med å innta rolla som taparar. Storstila ”satsing” på turisme er i dag ikkje anna enn eit ord for tilbakegang, skreiv forskningsleiar ved Høgskulen i Sogndal, Georg Arnestad, i Sogn Avis sist helg.

Det er tid for å ei omskriving av Johannes Openbaring 13,4: «Hvem er dyret (sentraliseringa)? og hvem kan stride mot det?» Det finst 666 fjelltoppar over tusen meter i Troms, ifølge google, Hell ligg i Trøndlag og Vetle helvete i Sogn. Den som syndar vil bli straffa. Vi skal ikkje alle stå på asfalten framfor herren på den siste dag. Enkelte skal ligge daude under baugen på eit cruiseskip.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys