Gå til hovedinnhold

Ei reise i kunstformidling og vrangvilje


Kunstmusea i Sogn og Fjordane har i fleire år hatt søkkande publikumstal. KUNSTsf2012 Tour la ut på vegen og tok pulsen på kunstformidlinga i Sogn og Fjordane.

Kronikk i Bergens Tidende 14.november 2012 av KUNSTsf2012 Tour.

Sjå våre YouTube-episodar om kunst. 

Oppspark. Nittitre millionar kroner er brukt på det nye kunstmuseet som vart opna i Førde 8. september 2012. Bygget og beløpet er knapt diskutert i media, og museet skaut for mange opp av bakken like fort som julekvelden kom på kjerringa. NRK melde om 1100 besøkjande under opninga, men opninga av signalbygget i Førde vart oversett av alle nasjonale medium. I 2011 var det berre 858 besøkjande ved museet.

KUNSTsf2012 Tour er kalla opp etter opningsutstillinga, KUNSTsf2012, og er ei sjølvfinansiert reise til ulike museum, kulturpersonlegdomar og kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane. Vi (Anne Viken og Frank Willy Djuvik) ønskte å undersøkje formidlinga av kunst i Sogn og Fjordane.


Dei siste åra har besøkstala ved musea i Sogn og Fjordane stupt. Det skjer samtidig som resten av landets museum opplever at stadig fleire tek turen innom. Sogn og Fjordane ramlar også nedover på Norsk kulturindeks. I 2012 låg Sogn og Fjordane på 11. plass av 19 mulege, som var tre plassar ned frå året før.

I fylket finst der seks institusjonar under paraplynemninga Kunstmuseet i Sogn og Fjordane: Kunstsenteret i Førde, Kunstmuseet i Førde, Sogn Kunstsenter, Astruptunet, Eikaasgalleriet og Anders Svor museum. Nettsidene deira ber preg av at dei ikkje er oppdaterte på fleire år.

Nokre dagar etter opninga prøvde vi å finne informasjon om utstillingane på det nye museet på nettet. På nettsida til kunstmuseet i Førde låg der bilete av ein flyer som var for liten til at den var lesbar. Den var heller ikkje klikkbar. Verken utstillingane eller kunstnarane bak var presenterte. Vi måtte ty til google for å finne informasjon om kunstnarane bak utstillingane. 

Bilete fann vi ikkje, utover dei som var i flyeren. Flaks for oss var vi allereie på museet, så vi kunne rusle opp og ta utstillingane i augnesyn. Men kva om vi hadde budd i Sogndal? Hadde vi køyrt dei 105 kilometerane til Førde for å sjå ei utstilling vi ikkje visste noko om? Kva om vi kom frå Sandane? Derifrå er det 88,5 kilometer til Førde.


Til skilnad kan det nemnast at då Bergen Kunstmuseum sette opp si nye faste Astruputstilling, laga dei langt betre nettsider, samt ein eigen Astrup-app for Iphone. På websidene deira kan du sjå fleire titals verk av Nikolai Astrup, lese om forsking knytt til arbeidet hans, og lese om Jølster.

Alle har høyrt om Astrup i Sogn og Fjordane, men er det godt nok å vite at tunet finst? Ikkje om vi ser på dei dramatisk stupande besøkstala. Heller ikkje turistane oppsøkjer tunet. ”Eg kan ikkje svare på kvifor bussane ikkje kjem til Astruptunet, vi er ikkje ei reiselivsbedrift", sa direktør ved Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, Morten Johan Svendsen, då han blei utfordra av reiselivssjefen i Sunnfjord.
Sidan 2008 har besøkstala for Astruptunet gått berre ein veg: nedover. I 2011 skrapa museet ned på totalt 3744 besøkjande. 

"Kulturinstitusjonane i fylket skal vere i tet på digitale tilbod", står det i Kulturstrategi 2008–2011 for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Men når vi klikkar oss inn på Sogn Kunstsenter, må vi igjen ty til Google for å finne kunst laga av Lærdalskunstnaren Hans Gjesme. Dette trass i at Lærdal kommune har forplikta seg til å syte for at samlinga vart fagmessig ramma inn og at samlinga vart gjort tilgjengeleg og kjent for publikum.

Heller ikkje på nettsidene til Eikaasgalleriet i Jølster finn vi anna enn eit amatørfoto av museet sett frå baksida. Klikkar vi på "komande utstillingar" på Sogn og Fjordane kunstmuseum si heimeside, finn vi i skrivande stund (24. oktober), programmet for januar-september 2012.

Besøksnedgangen dei seinaste åra er likevel publikum sin feil, ikkje musea, om vi skal tru museumsdirektør Svendsen. 11. mai uttalte direktør Svendsen til NRK Sogn og Fjordane at: "Skulle vi gå for mykje folk, måtte vi berre lage arrangement med Tone Damli, men det er ikkje vår jobb."
Kva med å halde oppe? Då vi vitja Eikaas-galleriet, var det stengt – midt i opningstida. Ingen lapp hang på døra, ingen var å få tak i. Berre pøsregn og ein tom parkeringsplass. Skuffa drog vi vidare til Astruptunet. Her prøvde vi å kjøpe oss årskort for kunstmusea i Sogn og Fjordane.

Dette var enklare sagt enn gjort. Listene for påskriving av nye medlemmer var ikkje å oppdrive bak disken, og dei to som stod der, visste ikkje kva arrangement som inngjekk i prisen. Dette var i midten av september, men vi er framleis ikkje registrert på lista for elektroniske nyhendebrev.

Kven er då publikum? Det veit ikkje musea i Sogn og Fjordane. I ein vrimmel av strategiplanar og målsetjingar som alle peiker på kor viktig det er at ein skal få fleire til å nytte seg av tilbodet, har ein late vere å gjere det mest grunnleggjande av alt, å finne ut kven som er brukarar og kven som ikkje er det.


Musea feilar også i møte med media, og skaper eit bilete av seg sjølv som likegyldige og lukka i møte med publikum. Dei økonomiske prioriteringane er også uklare. 18. oktober sende vi ei rekke spørsmål om tema til Harry Mowatt, styreleiar i musea i Sogn og Fjordane, men har pr. dags dato ikkje fått svar.
I boka KUNSTSF2012, som vart utgitt i samband med opninga av kunstmuseet i Førde, er publikum utelate frå museumsdirektør Svendsen si gratulasjonshelsing. Lite tyder også på at dei ønskjer publikum.

21. september opna ei utstilling med fotograf Jens Hauge på kunstmuseet i Førde, men på heimesida låg det ein minimal, klikkbar link til Hauge si heimeside. Der står ikkje eit ord om kunstnaren, ingenting om kva bilete som kjem til Førde. Over linken ligg ein ikkje-klikkbar flyer.
Det er freistande å sitere Solveig Lømos helsing i boka. Lønmo er kunsthistorikar og kurator for opningsutstillinga KUNSTsf2012, og ho skriv: ""Her i området kan man flytte fjell uten at noen legger merke til det", bemerket Geir Hjetland da jeg var på kuratorbesøk på Kvamsøy. Jeg tror han siktet til alt fra nasjonal presse og kunstnermiljøene i hovedstaden, til sviktende lokal interesse for kunst".
Å skulde på publikum for sviktande oppmøte, blir berre dumt når ein ser korleis musea ikkje kommuniserer utanfor veggene. Det er musea som sviktar publikum, ikkje omvendt.
Artikkelen er redigert versjon av KUNSTsf2012 Tour med Anne Viken og Frank Willy Djuvik, leiar i Sogn og Fjordane FrP, i Syn og Segn, ute denne veka. Følg også turen på KUNSTsf2012 web-TV på Youtube.

Populære innlegg fra denne bloggen

Skal eg dumpe nynorsk som skiftspråk, Kristin Halvorsen?

   Er det dette Kristin Halvorsen ønsker seg, eller er det berre ein utilsikta praktisk konsekvens av hennar utspel om å tone ned fokus på sidemål i skulen? Lat oss ta det openbare først. Eg som nynorskbrukar er ikkje interessert i å publisere på eit språk folk ikkje beherskar. Eg er ikkje interessert i å nytte eit språk folk ikkje treng lære seg.     For meg er ikkje språket eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for kommunikasjon. Skal ein formidle må ein ha eit språk som fungerer. Om no fokuset på nynorsk skal tonast ned i skulen, må ein tenke seg godt om. Skal ein gi ut bøker på nynorsk, på eit språk som er nedprioritert, for dei spesielt interesserte og som folk ikkje vil/ treng bruke tid på å lære seg?     Er dette interessant for meg å bruke eit slikt språk i det lange løp? Kvifor er det slik at ein forlagsredaktør eg prata med, anbefalte meg bokmål? Desse anbefalingane vil nok neppe bli sjeldnare om nynorskkompetansen i skulen skal svekkast. Senka kompetans

Bloggarane: vår tids intellektuelle? Og er bok rett medium i vår tid?

Blogg er makt Dette innlegget stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 5.februar 2011. Kvart år kårar Tordenbloggen Norges beste bloggar, og ein har superheltinnekåringar i sosiale medier. Sosiale medier inkluderer Facebook, Twitter og blogg. Bloggarar er like sjølvsagt inventar på Aschehougs hagefest som forfattarar. Dei har fleire lesarar enn Klassekampen. Gjennomsnittleg antal solgte bøker i Norge ligg rundt 250 for ein debutant, eit latterleg lågt tal om ein samanliknar med antal daglege treff på ein norsk samfunnsblogg. Sosiale medier bidreg til å styrke maktnettverk, meiner mange. Men sosiale medier bidreg også til å opprette nye maktnettverk og rive beina under gamle. Kven treng sitte på Kunsternes hus å ete middag med kulturelitens yppersteprestar når ein kan regjere på nettet? Kulturelite og media har fått ein sterk konkurrent i bloggsfæren, og bloggarane er sjølv ofte ein del av den såkalte kultureliten. Og om dei ikkje er det, kven bryr seg. Blogg er o

Nøkkelholslureri?? Og er momskutta mat bra for deg?

Nøkkelholet skal gjere det lettare å treffe det sunne valg, seier den danske fødevareministeren Eva Kjer Hansen i You tube- filmen «Nyt nordisk ernæringsmærke – Nøglehullet». Påstanden blir ironisk når ein ser på enkelte av nøkkelholsmatvarene. Denne artikkelen stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 9.april 2011. Fjærkre er eit av desse nøkkelprodukta som skal gi oss eit betre liv. Gitte Gross, leder for Nationalt Videncenter for Fødevarer og Sundhed, seier det er vanskeleg for forbrukaren å gjennomskode om eit produkt er sunt eller ei. Nøkkelholsmerket skal gi ei tolkning av varedeklarasjonen og på hjelpe forbrukaren å velge. Eventuelt ei fordreining. Kiwi har vore ein hard marknadsførar av nøkkelhol og seg sjølv som ein grøn aktør. På Kiwi sine nettsider for momskutt og nøkkelholsider finn vi ulike variantar av kyllingfilet, kyllingkjøtdeig, strimla kylling, kyllingfilet taco, krydderskinke kalkun, kalkun naturell, kalkunfilet krydret og så bortetter: kvitt kjøt alt