Gå til hovedinnhold

Bernt Hagtvet på Frokost med Bernt: det er underlig at ein får lov til å bli journalist utan akademisk utdannelse

frokost med Bernt, med kommentarer. Fritt etter AViken.

Eg kom på frokost med Bernt, som vanlig i siste liten inn døra med kaffe i handa og store forventningar, og no skal vi sjå på korleis det gjekk.

Først heldt Kristian Meisingset, kulturredaktør i Minerva, ei innleiing om dannelsens sammenbrudd. Dette var interessant, men det er ikkje det eg skal fokusere på her. Eg skal fokusere på litt av dei innspela som kom i etterkant av innleiinga, samt dissikere desse ukritisk frå mitt tastatur på Birkelunden.

Først av alt tar eg opp ein replikk som vart servert av Bernt Hagtvet ganske seint i opplegget, men eg tek det først fordi det er det eg anser som mest interessant. Han seier det er underlig at ein får lov til å bli journalist utan akademisk utdannelse.

Min kommentar. Eg trur ikkje nødvendigvis mediene ville blittt stort betre om alle hadde høgare utdannelse, all den tid eg trur dette handlar meir om mentalitet og haldningar i media, ein virkelighetsoppfatning så annleis enn mange andre utanfor media, at ein må jobbe i media over tid for å forstå den. Det handler om egne regler og normer og etikk, ei eiga oppfatning av kva som er viktig versus uviktig, og kva ein treng kunne, versus ikkje kunne. Nyhet versus ikkje nyhet, god versus dårlig kilde, nødvendig versus unødvendig kunnskap, slik mediene sjølv ser det.

Men mangel på medieforståelse pregar mykje av mediekritikken, også den frå Hagtvet her. Det er flott med høgare utdanning, men når ein veit at ein svært høg andel norske journalistar har høgare utdanning, fortrinnsvis frå universiteta, kan ein kanskje spørre om det er utdannelsen det er noko gale med, sidan den avføder slike vulgære mediefolk som det journalistar ofre framstår som. Dette med vulgarisering av media er eg enig med Hagtvedt i. Medielogikken trur eg nemlig ikkje det er så kjapt å endre. Vulgariseringa kan vi risikere at blir enda verre, på trass av at utdanningsnivået vel stig i pressa. Det er ein underlig sammenheng. Eksterne og frie stemmer bør i ei slik utvikling, bli desto viktigare i mediene for å balansere nivået og fokus.

Dette er virkelig noko å tenke på.

Og så går vi til starten av arr:

Forfattar Geir Uthaug sa det som alle smale nisjeforfattarar som ikkje selger bøker og som heller ikkje får napp hos store forlag sa, nemlig at dei store satsar på krim heller enn seriøst litteratur (som om krim ikkje kan vere seriøs litteratur), samt at smal litteratur er overlatt til smale forlag som fell utanfor kulturrådets bevilgningar fordi dei er utanfor det gode selskap. Han sa vidare at Dostojevskij er meir krevande å lese enn Ambjørnsen, og eg tenkte med meg:

Ja, mykje smal litteratur er overlatt til smale, små forlag, men også mykje smal litteratur er så smal og så dårlig at den ikkje vert gitt ut nettopp av denne årsak: kvaliteten er for låg. Ein an ting er det faktum at forlag også må tjene penger. Kunst er bissniss, som alt anna. Lik det eller ei, men kven sin feil er det? Forlaga?

Det er ingen automatisk samanheng mellom smalt og kvalitet. Det er heller ingen samanheng mellom bok gitt ut på stort forlag, og høge salgstal. Er bok som sel dårlig, men som er gitt ut på stort forlag, smal litteratur?

Uthaug hadde også eit godt poeng: høgkultur er i ferd med å bli subkultur, og det er i ferd med å utvikle seg eit klasseskille mellom dei som konsumerer høgkultur, og dei som ikkje gjer det. Høgkulturen er privat, medan lågkulturen er for alle. Den er masseprodusert.

Men at ein derfra konkluderer med at det er eit skarpt skille mellom krim og seriøs litteratur, blir for lettvint.

Fritt Ord-direktør Erik Rudeng kom inn, og han sa: du har brød og sirkus versus meir ergjerrige livsidealer, kvalitetssans og fordypelse over sanne verdiar i livet.

Jaha, tenker eg. Så ergjerrige livsidealer kan du ikkje ha om du ikkje har livsidealet til den elitedefinerte gruppa av folket som les den seriøse litteraturen.

Eliten vil ikkje oppløses, sa Rudeng så. Dei vil finne kvarandre og det har dei alltid gjort, i dag mer og mer globalt, ikkje berre lokalt.

Ja, tenker eg. Men eliter er som andre, krake søker make, forfattere henger med forfattere fordi dei har felles interesser. Slik er verden. Bønder henger i Bondelaget. men enkelte eliter er meir glamorøse enn andre, og meir i media. Er det antal sendetimar i media som definerer kven som er eliten i landet? Eller er det kva bøker dei les, eller kva pengesekkar dei sit på? Eller antall deltakarar på trygdeordningar? Det siste ville trekke kunstnarmiljøet høgt opp.

Åse Kleveland snakka om kunst og kultur til arbeidarane, og spurte om det ikkje er dannelse at 100 000 barn går på musikkskuler over alt i Norge. Over ALT i Norge er det musikkskular og utøvande musikarar.

Her må eg korrigere Kleveland. Mange stadar er det ikkje eingong skule, og det store spørsmålet er ikkje musikkskule eller ikkje musikkskulegang for ungen, men korvidt foreldra sjølv skal drifte skulen som no blir nedlagt, eller om dei skal flytte derifrå. Vil dei ha ungen to timar på buss kvar dag til og frå skulen frå seksårsalder? Kleveland bør begynne å reise rundt i landet igjen, slik ho fortel at ho gjorde i gamle dagar, på seksitalet, då alle bygder hadde pianistar som ikkkje hadde gått på musikkskule. På den tida hadde dei nok skular på bygda, sjølv om dei ikkje hadde musikkskule. Tidene snur seg, eller endrar seg. Denne gongen til det verre.

Ein må ha fokus på å behalde skulane på bygda i valgkampen.

Bernt Hagtvedt kom med ei rekke utspel i løpet av dei to timane, som alltid. Og nokre av Hagtvedts favorittpoeng, er som vanlig faren ved kommersialisering, blant anna av nettmedier. ei grunnleggande vulgarisering av mediene. Aftenposten og P2 forfell. Den kapitalistiske kommersialiseringa av kulturen i Norge, og samanbrotet i siviliserte normer, feks personangrepa på nettet.

Då tenker eg, der eg sit, at mange som skriv anonyme personangrep på nettet, nettopp er høgt utdanna akademikarar. SÅ hjelp høgare utdanning i møte med ein slik debattkultur? Neppe. Langt frå alle som tek høgare utdanning, er intellektuelle mennesker. Kun ein liten del.

Håvard Øvregård kom med ein smart kommentar frå salen. Han sa at utviklingsnegativitet tyder på manglande forståelse for det nye. Han kom med fleire eksempel, blant anna at der han kjem frå, har dei slutta å skyte på kvarandre med hagle, samt at folk frå Ålesund kan dra på bensinstasjonen utan å automatisk bli slått ned. Det er mindre vulgært lokalt, sa han, og meir vulgært i media. Dette kan eg vere einig i.

Dannelsens samanbrot er spesielt tydelig i mediene, og på nettet. Det er overtydelig. Eventuelt ser vi utviklinga av ein ny form for dannelse, eventuelt vulgærdannelsens framvekst. Eg har svært delte følelsar all den tid det ser ut til å vere sin slik omfattande aksept av det vulgære i mediene. Tenker på eit anna sitat, om at norske politikere ikkje strekker seg intellektuelt. Men er det mulig, å strekke seg intellektuelt, i eit slikt medieklima? Ikkje lett.

Kom på neste frokost og skaff deg åndelig føde.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb