29. jul. 2008

Tromsø dag 3 museum

På min første intervjufrie dag på tur nordover, drog eg avstad for å kjike på museum. Eg kjeik eg innom nordnorsk kunstmuseum. Der fann eg dette biletet ganske fasinerande. Det heiter Live Photo No.7, 2004 Sunday 17:45 2004 og er teke av Crispin Gurholt. Kanskje ikkje eit spesielt koselig motiv, men det minner meg om Diesel-reklamen frå nittitalet, altså klesmerket Diesel.Så steig eg innom Polarmuseet i Tromsø. Fasinerande norsk polarhistorie, livet ombord på skipa og eventyrlysta som dreiv Amundsen og Nansen.
Så har vi Perspektivet Museum i Tromsø som viste sitater frå russiske sjømenn. Korleis ser dei på oss? Føler dei seg velkommen her?
Og til sist Tromsø kunstforening, gallery of contemporary art. Samtidskunst er fasinerande. Ein av dei tinga eg gledar meg til med å kome tilbake til Oslo, er å gå på kunstopningar.
Skjelett av metall, kanskje ikkje det mest inspirerande eg har sett i mitt liv, men det er jo lett å sjå kva det er. Dette første ser ut som ein maurslukar, det andre ein fugl og det tredje ein fisk..
Og her er cdar på rekke og rad. Eg lurer litt på symbolikken?