22. jan. 2010

Eg frykta ein ny bunadsdebatt

Eg vart eg ganske så skeptisk då eg såg framsida i Firda. Eg frykta ein ny bunadsdebatt og ein ny runde mot røkl og meiningspoliti. Når eg no derimot ser politiet i spaltane, bit dei ikkje på. Dei bryr meg ikkje.

Fire ting er heilt klart:

a) dette er ei sak Sogn og Fjordane må tåle.
b) det er ei god sak.
c) folk må sjølv ta ansvar for å forstå sjangeren kåseri.
d) det er massiv støtte for mine synspunkter, eller saka, i Sogn og Fjordane, og dei haglar inn den dag i dag, og det meste kjem frå lokalpolitisk hald og næringsliv. Dette er verdt å merke seg.
e) alt eg sa i mitt kåseri er sant. Eg dementerer ingenting, men her er mine tankar i etterkant av saka.

Denne veka har vore mykje mediapes. Folk som ikkje skjønar eit kåseri, avslører seg sjølv. Eg blir godt skremt av Firdas framside.

Min umiddelbare tanke akkurat no er denne: kvifor reagerte eg med å bli sjokka over framsida mandag.

Min reaksjon var omtrent som følger:

1) Ser framsida
2) tenker: Å nei, ikkje ein ny bunadsdebatt! Ikkje eit nytt korstog mot Viken!
3) får hetta fullstendig.
4) alle mann til pumpene! Avverg skandalen! Berg skinnet.

Eg har erfart bygdedyret i spaltane før i bunadsdebatten i 2007. Det var ei oppvisning i trangsyn. Difor.

Bygdedyret, eller bunadseliten, er nemlig eit heidundrande meiningspoliti når det går laus.
Eg vart ganske stressa, sjølv om eg er journalist. Eg er ikkje van med å vere på framsida. Og no tenkte eg: faen og no bærer det laus igjen og ny bunadsdebatt.

No har eg tenkt meg litt om.

Firda: lagar oppslag som er svært tabloid.
Min reaksjon: å rase mot Firda.
Firda sin reaksjon: å rase mot meg.
Min reaksjon: å rase mot Firda.

Så kven er egentlig skurken her?

a) Firda? Som klipte og limte i mitt kåseri? (Når sant skal seiast, og som eg har sagt før, var dette kåseriet smekk fullt av gode formuleringar som kan få ein journalist til å skrive med store bokstavar. Dei laga ei sak som var så tabloid at det måtte bli debatt. "Dette er godt stoff, Viken. Du ville vel også ha slått det opp?")
b) Meg sjølv? Som hadde eit slikt kåseri i Førde? (Var eg ein tosk? Ja, som tok det dustete personangrepet på leiaren for nynorsk mediesenter i Førde. Det var ein generaltabbe.).
c) Bunadsmafiaen med si låge takhøgde? (MEININGSPOLITIET. Dei må gå opp i røyk.)

Eg meiner fortsatt at klipp og lim ikkje er godt journalistisk handverk. og at all må lese heile innlegget for å skjøne samanhengane og poenga, men trekker likevel tilbake ein del av kritikken mot Firda som slo opp saken som dei gjorde. Eg ser det litt annleis no, men det tok litt tid. Eg er langt mindre kritisk til det oppslaget per idag enn før. No begynner eg faktisk å tenke at det oppslaget er litt ehh tøft, vilt som det er. Problemet har vel meir vore min eigen skrekk for bunadspoliti enn Firdas oppslag. Spekulerer. Vil vere med på leiken men er ikkje tøff nok for steiken? Særlig ikkje i eige heimfylke.

"Dette er godt stoff, Anne. Det ser du vel? Du er journalist. Ser du ikkje kor kult det er å ha slike saker i Firda?"

Jo, eg ser den. No.

Sjølv om eg syns det var hardt spissa med "på krigsstier".

Såpass må du Viken tåle.

Godt mulig. Eg prøver. Og ja, idag tåler eg det, men eg vart ganske paff då eg såg det første gong. Dette skulle jo vere ein hyggelig interndebatt, eg hadde ikkje i min naive verden sett for meg pressedekning av slikt format.

Skrekkslagen: kva skjer no? Men skrekken har lagt seg etter at eit nytt verdsbilde blei introdusert:

"Så utrulig tøft at de kan ha ein slik debatt i Sogn og Fjordane, som er så vill og tabloid. Kva andre lokalaviser i landet har dette her?"

TJa, eg veit ikkje. Eg les ikkje andre lokale aviser.

"Viken, dette må du ta med humor. Dette er veldig ville saker, men det er sabla moro."

Jammen du kjenner ikkje Sogn og Fjordane!!

-

Viken har uansett vakna frå tåka med eit smell og ser saka brått med nye auger, kanskje medieaugene har slått seg på.

Bunadspoliti: Eg liker dykk ikkje, og de liker ikkje meg. Vi er ikkje venner, vi blir det aldri. Vi blir aldri enige, så vi lar det ligge.

Firda derimot leser eg no kvar dag frivillig. Difor meiner eg eg må gå i rette med min eigen kritikk av avisa.

Så er det egentlig Firda si skuld at eg vart skremt? Nei tja: dei skreiv jo saken, men den er jo sitert pinlig korrekt. For eg meiner alt eg sa sjølv om det sjølvsagt ikkje må takast bokstavleg. Men ein ting: Firda kunne ha skrive at det var eit kåseri. Då hadde dei formilda det litt, som ei lita innføring for dei som ikkje fattar kåseri og som ikkje tar ein vits.

Ein an ting er dette med tilsvarsrett i same sak. Det hadde nok vore eit godt grep å ta. Og den leiaren om meg kunne ein godt ha spart seg for. Den var ikkje god. Det er det første oppslaget eg snakkar om.

– Bunadsdebatten var ei sjokkerande oppleving for meg. Den var ei oppvisning i trongsynt argumentasjon og intoleranse. Eg oppdaga då kor ille det stod til i Sogn og Fjordane, fortalde Viken.


Om bygda hadde klart å framstå med den takhøgda som byen påstår at den har, trur eg vi hadde komme langt, sa eg. Dette er sannare enn eg var klar over, altså ordet FRAMSTÅ.

Men eg har lært, eg tar sjølvkritikk og beklager deler av min kritikk mot Firda.

Kanskje var det sant noko i den leiaren til Firda som skriv at eg er for pinglete for mine eigne sitater. Eg trur faktisk han har litt rett. Det hadde eg aldri trudd eg skulle innrømme. Men ok, Firda. Eg tok ikkje den saka med humor, men no tar eg den med humor. Den saka i Firda er faktisk fullstendig legendarisk, men seriøst. Eg skjønte ikkje det før igår.

Eg skjønar altså, på ein annan måte enn før, kvifor mine redaktørar klappa i hendene på forlaget: den dama her går jo av hengslene gong på gong og forstår aldri sjølv rekkevidden av det ho lirer av seg. Ein drøm for eit forlagshus.

Gi ho eit forskot til! Keep the madness going!

Dette må vi seriøst kunne bruke til noko konstruktiv i framtida. Eg aner muligheter. Bygda er trass alt den nye rocken.

Viken er tidvis ein tosk, men eg kan i det minste lære. Det er no enda godt.


... til slutt:


Eg vil til slutt sei at denne frykta for meiningspolitiet bør takast alvorlig. Den er ein hemsko for offentlig ordskifter.

"Er det ikkje kult at dei kan ha slike saker i Firda, Viken?"

"Jo, det er det. Eg ser den no, men det tok tid. Eg veit nemlig kva slags fylke eg kjem frå".

"Ok, Viken. Vi veit det. Men denne saka var skikkelig bra. Du må ikkje bry deg om folk som brukar hersketeknikken "du sårar meg". Ytringsfridomen må brukast, ikkje undertrykkast. Slike saker som denne må ein ha fleire av, røske litt opp i sakene og dei sarte sjelene".

"Dei skjønar ikkje sjangeren kåseri og kjeftar i vei om at eg må ikkje kommunisere slik".

"Hehe, den teksten går jo ikkje an å ta bokstavleg. Dei som tek den bokstavleg, må du berre la få lov til å misforstå. Dei får lese det dei vil ut av teksten. Dei som skjønar innhaldet, kjem til å skjøne det. Slapp av. Du kan ikkje nå ut til alle, men du når svært mange".

"Hm, ja. Eg kan ikkje begynne å gi ut ABC heller".

"Nettopp".

"Jepp, sjef. Dei skal få høyre meir frå meg.
Eg kjem til å fortsette min karriere som hardtslåande skribent, og tek ikkje ansvar for at folk ikkje forstår sjangeren kåseri.".

"Det er rett innstilling, Viken. Du kan ikkje bukka under for litt såre tær eller folk som ikkje kan lese ein slik tekst", sa pressesjefen* på telefon frå Oslo. Han liker hardtslåande skribentar, og dette er eg glad for. Litt pep talk frå fagfolket er greit å ha med seg.

God helg frå forfatterkåken i Berlin.


(*Pressesjefen er her eit ord for ein kar i presse-Norge toppen, men eg gjengir ikkje navnet pga det var ein privat samtale).

...