22. jan. 2010

FRED - eg heiser kvitt flagg og legger ballen død.

denne debatten er utmattande for mange, meg sjølv inkludert.

Eg lovar å aldri meir halde kåseri i Førde. Årsak: her er ikkje takhøgde for slikt, og dette er ikkje eit kompliment. Eg skjønar at folk blir provoserte, men eit kåseri skal no ein gong ikkje takast bokstavleg. Legg meg uansett flat for å ha karakterisert leiar for nynorsk mediesenter, sjølv om ho hadde nokre drøye personangrep på meg frå tilbake i tid.

Eg må også få kommentere Judith Kapstad sitt innlegg i Firda. Ho stiller der spørsmål ved om ein ikkje maktar å rekruttere gode journalistar til fylket. Dette trur eg potensielt ho kan ha rett i, men det er vanskelig å sei om det er journalistane eller den redaksjonelle linja det går i.

Time out. Vi snakkast ved ein seinare anledning.