Gå til hovedinnhold

Bygda er den nye rocken.

mitt lesarbrev idagens Firda.

Om Bygda, og no skriv eg Bygda med stor B, i framtida kan klare å framstå med den takhøgda som byen påstår at den har. Merk dåke at eg seier: som byen påstår at den har, trur eg vi har kome langt. Dette var litt av min bodskap på debatten i Førde på fredag. Det handlar ikkje om at Bygda skal bli Byen. Det handlar om at Bygda skal bli ei bygd for framtida, ikkje ei bygd som blir fråflytta. Då må ein endre innhaldet i merkevara "Bygda", og dermed merkevara "Sogn og Fjordane". Dette drukna i mandagens sak i Firda der journalisten hadde klipt og limt tilfeldige sitar frå eit femten siders kåseriaktig manus. Manuset kan lesast i si heilheit på anneviken.blogspot.com samt på Firdas nettstad Fjordaglimt.no.


Eg skal innrømme at eg vart ganske sjokkert då eg las Firda. Hardt klippa sitater, tatt totalt ut av kontekst, blei tidenes sitatsak. Eg er nemlig eit råskinn på å levere sitater, og elskar store ord. Som journalist forstår eg behovet for å slå opp dei villaste sitata, men som journalist veit eg også at klipp og lim ikkje er ein redelig journalistisk teknikk.

Det kan anbefalast å lese heile manus all den tid dei som har lese dette, har skifta syn på kva som blei sagt på debatten og kva som stod i Firda.

Men over til INNHALDET I MITT FOREDRAG.



Det eg snakkar om er kva ein kan gjere for å endre biletet av fylket utad, samt kva eg meiner er til hinder for utviklinga i ein berekraftig retning. Her trakk eg fram målrørsla som med si evige jamring unekteleg bidreg til å sette sitt preg på nynorskfylket Sogn og Fjordane, Senterpartiet og bunadseliten med sine pinnetrange rammer for tankeverksemd. Senterpartiet, målrørsla og bunadseliten er skuld i mykje av det biletet som distrikta slit med den dag i dag all den tid dei dyrkar motpolane "Bygd" og "By" på ein måte som ikkje fungerer så godt, vel å merke når ein tenker omdømebygging. Bunadseliten betyr "låg takhøgde, intoleranse og allergi mot nye tankar".

Eg har også meir tru på Arvid Andenæs enn Liv Signe Navarsete (Sp).


Det er sjølvsagt greit at mange ikkje kjenner seg att i mi framstilling av fylket. Verda består av fleire sider. Eg ser mot Sogn og Fjordane med ein utflyttar, kanskje tilbakeflyttar, sitt blikk. Dette er eit anna blikk enn blikket til dei som bur der. Eg snakkar ikkje om korleis fylket framstår for dei som bur der. Det må dei som bur der snakke om. Slik får ein diskusjon.

Mange i Sogn og Fjordane vågar ikkje å seie høgt det eg seier, men det betyr ikkje at meiningane er eineståande. Det betyr berre at folk ikkje tar sjansen på å snakke så høgt. Eg skal innrømme eg har frykta Bygdedyret og Bunadseliten etter å ha blitt vist fram i lokalmedia som ein kontroversiell "bunadsbrennar", men det har eg slutta med. Årsaka er at det er svært mange mennesker i Sunnfjord som tenker som meg. Mange folk er, unnskyld uttrykket, møkk lei gubbementaliteten, meiningspoliti og det evinnelige turistbiletet som strålar ut frå Sogn og Fjordane, og merk deg ordet "strålar ut". Det som ein får inntrykk av når ein ser mot fylket, er nemlig ikkje vere i tråd med innhaldet. Vi snakkar her om merkevarebygging. Ein har meir å tilby enn turisme og gubbekultur, men dette har lenge vore godt skjult. Dette prøver ein no å få fram gjennom tiltak som Framtidsfylket.

Turistifisering dekkar over mykje av det som skjer innan eksempelvis næringslivet. Ein er meir opptatt av å bli omtalt i National Geographic enn å skaffe tilflyttarar. Fokuset er fullstendig feil om ein vil ha folketalet til å stige. Og ein treng å tiltrekke seg høgt utdanna arbeidskraft all den tid framtidas arbeidsmarknad i stor grad er basert på slik kompetanse. Dette betyr derimot ikkje at vi ikkje treng yrkesfaglig utdanna. Vi treng noko av alt. No handlar det om å tiltrekke seg folk, nye eller tilbakeflyttarar. Noko må gjerast. Eg trur det er vesentlig å endre merkevara Sogn og Fjordane som ledd i ein langsiktig utviklingsstrategi.

Fylket slit med fråflytting og mangel på tilflytting. På sikt kan dette bli eit alvorlig problem. Ein må handle no. Ein viktig del av denne handlinga er å ta debatten om fjordfylket og kva det skal vere.

Sogn og Fjordane er svært mykje positivt, og det var difor eg i 2007 sa "Brenn bunadane". (For ordens skuld: "brenn bunadane" er ein metafor, eit språkleg bilete, som betyr at vi treng å fornye merkevara Sogn og Fjordane). Den gongen sa eg at alt fokuset på "det tradisjonelle" skuggar for det virkelige og moderne Sogn og Fjordane. Men ein treng ikkje legge frå seg historie og kultur sjølv om nye tider bankar på. Ein kan ha både vindmøller og feler.

Eg trur ein må jobbe for å fjerne fordommane som finst mot bygde-Norge som eit ledd i få opp folketalet. Folk som kjem hit endrar kanskje syn på fylket, men problemet er idag at det er for få folk som vil flytte hit. Mange folk i Oslo er sjeleglade for at dei slepp bu i Sogn og Fjordane. Dei trur på fordommane sine og turistbiletet. Det handlar altså om fleire ting enn tilgang til arbeidsplassar, men så lenge ein framstår som ein turistkoloni, er det mykje kompetansearbeidskraft ein ikkje får tak på. Dei vil ikkje ut på Bygda, og då snakkar eg om den bygda dei trur finst her. Dei kjenner ikkje til den bygda som faktisk finst. Igjen er vi tilbake på merkevarebygging.

Vi er den nye rocken

Nynorskskrivande kvinner er den nye rocken, skriv Dagens Næringsliv. Den nye rocken betyr at vi er den nye motkulturen frå bygde-Norge, stemmer som set bygde-Norge på kartet og som skapar merksemd rundt nynorsk og distrikt. Vi er stemmer frå distriktet, er stolte av det og brukar det som vår merkevare. Eg snakkar i store ord og vendingar og har tenkt å rocke på i enda nokre år. Men denne debatten handlar ikkje om meg. Den handlar om tilflytting og utvikling. Bygda har i realiten to valg: fest eller avfolkning. Det er ingen tvil om kva ein må velge.

Anne Viken, skribent frå Bygstad, bur i Oslo.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb