Gå til hovedinnhold

Denne mannen har knekt Viken-koden:

Eg siterer Fredrik Hope frå Fjordaglimt: Sitatet er gjengitt med tillatelse frå Hope:

Som ung spelemann, sp-ar og medlem i Noregs Målungdom, følte eg meg litt treft av Hovudoppslaget til Firda i dag. Men etter kvart som eg byrja å lese teksten inni avisa, skjønte eg fort at her hadde Firda “klipt og limt” nett so dei ville. So eg har no lest det opphavelege innleget ditt, og forstå meir kva du vil fram til. Du har monge gode poeng! Turistnæringa sitt einsretta fokus på “The local culture” er sikkert ikkje den beste måten å trekkje til seg nye innbyggjarar. Felespelande, bunadkledde huldre-jente og gamle gubbar som sit på kvar sin stein ute i skogen og spelar fele og bukkehorn, har nok begrensa tiltrekningskraft på nyutdanna akademikara.

Sogn og fjordane er jo so mykje meir enn dette! Vi har Noregs einaste Operahus utanfor Oslo, nyskapande industriverksemder som jobbar med å utvikle meir miljøvenleg teknologi, eit stort potensial innan vindkraft og enkeltpersonar som står på for å drive lokalmiljøa og bygdene framover! Det er slettes ikkje sikkert at alle er like flinke til å vere opne og posetive til nye ting/folk/idear, men då er det bra vi har slike som deg, Anne Viken, som røskar opp i dei litt nedstøva tankane våre.

Men eg ser de ikkje nødvendigvis som noko negativt at vi er nokre få som driver med litt rare, gamle ting. For samstundes som ein skal prøve å utvikle fylket vårt vidare, kan det vere lurt å ta vare på noko av det lokale særpreget. Ein kan spele både i spelmannslag og metal-band. Og syngje i operakor.

Det går fint å ha minst to tankar i haudet på ein gong.

Død over Bygdedyret, lenge leve Hardingfela.

Viss det er forståeleg.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...