Gå til hovedinnhold

Erfaring frå felt tilseier at storskala landbruk er best for dyrevelferden

Debatten om storskala vs småskala landbruk ruller og går. I Norge blir vi fortalt av småskala er best, tryggast, sikrast, best for dyra og så vidare.

Men er dette sant?

Denne artikkelen er relevant innanfor ein NORDISK kontekst, og gjeld for storfe og sau. Når det gjeld fjørfe er dyrevelferden svært låg uavhengig av skala, med mindre vi snakkar om hobbyhald. Det same gjeld for gris. Eg tek her ikkje føre meg hobbydyrehald, men gardar der "garden er meint å vere eit inntektsgrunnlag". Stor vs liten skala må då også forstås som stor vs liten skala i Norden. Å debattere dette i ein an kontekst, blir lite relevant då klima og regelverd lenger sør er annleis, driftsformer dermed også heilt andre.

Nei, seier erfaringar frå felten, og no snakkar eg ikkje berre om eigne erfaringar sjølv om dei tilseier det same: jo større gardar, jo betre er dyrevelferden.

KOMPETANSE er eit kriterie som langt overstig SKALA i betydning for om dyrevelferden er god eller ikkje. Altså STOCKMANSHIP, korleis ein handterar dyra. Ein bonde som slår, har dårleg dyrevelferd sjølv om han berre har ti kyr.

Som veterinær merkar eg forskjell på dyra frå gard til gard. På gardar der bonden er voldsam, eksempelvis slår og jagar på dyra, er dyra krakilske. Dei kan sparke etter meg og tåler ikkje å bli handterte. På andre gardar der bonden er snill og flink med dyra, står kyrne som tende lys. Ein bonde med seksti kyr kan rope inn ei og ei ku, dei responderer på namn. På enkelte gardar med tjue kyr, ser ikkje bonden skilnad på dyra.

Det handlar om INTERESSE.

At ein gard har 700 kyr, betyr ikkje at alle kyrne går ilag. Dei er delt opp i avdelingar inne og ute. Ein stor gard eg jobbar på, økologisk, der går kyrne ut og inn som dei vil heile døgnet. Der er bemanning heile døgnet, store sjukebingar med halm og høy, og ei kalveavdeling som kunne vore klipt ut av ei Tine-reklame. Her står det 2 000 storfe.

SKALA er eit ord ein bør hive ut av debatten då det er uten innhald.

Eit anna parameter som avgjer dyrevelferden er, i tillegg til KOMPETANSE og STOCKMANSHIP, er behov for å tjene pengar på dyra. Mange gongar blir det framhalde som forferdeleg at ein vil tjene pengar på dyr, men praksis viser at dei bøndene som treng å tjene pengar på dyra sine, steller dei langt betre. Bønder som ikkje treng tjene pengar på dyr tilbyr ofte dårlegare stell. Slik får ein eksempelvis avmagra garasjesau og villsauer som går på beiter der det er for lite mat. Fordi bonden har eit anna yrke, og treng ikkje inntjening frå sauene. Dette ser ein også på kyr. Bønder som driv og driv berre for å drive, og som ikkje har interesse. Dei driv av plikt eller for å halde kulturlandskapet ope.

Å halde dyr for å halde landskapet ope, fører ofte til mishald av husdyr. Dette ser ein stadige eksempel på, og det handlar for det meste om småskala sauehald.

Viktigheita av måten ein behandlar dyr på, er utan tvil det viktigaste parameteret. Og ikkje alle er i stand til å omgås dyr. Nokre har arbeid på si og er trøtte og stressa og har ikkje tid til å stelle dyra skikkeleg. Andre omgås dyra med vold, roping og skremsler. I ein fjøs eg kjenner til var kyrne før redde og vanskelege å handtere. Så skifta ein ut drengen i fjøsen og kyrne blei rolege og snille.

Menneskers eiga atferd overstig langt betydningen av SKALA. SKALA er eit tomt retorisk slagord. Skillelinjene innanfor dyrevelferden går ei heller mellom økologisk og konvensjonelt då driftsformene er svært like, samt at andre parameter:STOCKMANSHIP, KOMPETANSE, INTERESSE OG BEHOV FOR Å TJENE PENGER,  er langt viktigare. Skilnaden er større mellom enkeltbønder, enn mellom øko/ konvensjonell drift.

STOCKMANSHIP, KOMPETANSE, INTERESSE OG BEHOV FOR Å TJENE PENGER er blant dei relevante parametera vi kan diskutere. Det er desse som påverker dyrevelferden. Å snakke om SKALA er tåkelegging.

I Norge driv ein ein politikk som gjer småskala til ein trussel mot både folk og fe. Det blir stadig vanskelegare å vere småskala bonde. På same tid pratar ein om viktigheita av småskala landbruk. Det kan omtales som dobbeltmoral, eventuelt mangel på kompetanse. Skal småskala landbruk funke i praksis, må det leggast til rette så det kan drivast forsvarleg.

Kompetanse er ein nøkkel her.


Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...