Gå til hovedinnhold

Det er greit at vi halal-slaktar i Norge. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen.

Fakta: halalslakt i Norge er akkurat som anna slakting. Einaste skilnaden er at ein ved halalslakt ber ei bøn. 

Les Mattilsynets orientering. 

Det er greit at vi halal-slaktar i Norge så lenge det foregår med bedøving først, slik som i dag. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen. 

Les debatt rundt dette innlegget hos Verdidebatt (Vårt Land) og Nye Meninger (Dagsavisen). 

Når ein slaktar dyr ved slakteri, blir dei først bedøva. Dette kan, heilt enkelt forklart, skje med boltepistol i hjernen (storfe, hest), strøm gjennom hjernen (sau), gass (gris, kylling, kalkun) eller elektrisk bad (kylling). Argon og CO2 er gasser som blir brukt. Argon skaper mykje uro og er nok ein svært ubehagelig bedøvingsmetode.

OBS: bedøving i denne samanheng er som ein "narkose", ikkje som ei lokalbedøving. Bedøvinga (boltepistol, gass, strøm) før avliving gjer at dyret fullstendig taper bevissthet. Dyret kan altså verken oppleve eller føle avlivinga. Ordet "bedøving" er dermed noko upresist. 

Etterpå stikker ein kniv i halsen så dyret avblør (storfe, hest, sau, gris) eller kappar av hovudet (fjørfe). Vi er pålagt å stikke etter bedøvinga når dyret er bevisstlaust. Det er det som er poenget med bedøvinga: dyret skal vere bevisstlaust når det blir avliva (stukke).

Dyr kan både i teori og praksis vakne opp att etter bedøving med bolt, gass eller strøm. Difor er det viktig at ein også stikk/ avblør slik at dyra ikkje vert slakta levande (kan føle og oppleve slaktingeprosessen). Ved å først bedøve sikrar ein at dyret er bevisstlaust før ein avlivar (stikk), og ved å stikke etter bedøving, sikrar ein at dyret er dødt før det vert slakta. 

Ein del bedøvingsmetodar er betre enn andre. Det finst slakteri i Norge som ikkje bedøver skikkelig, og som i praksis slakter levande fjørfe, utan at dette har noko med halal å gjere. Det handlar om slakteri som har fritak frå forskrifter om dyrevern og slakteri. Dessverre. Slik kuttar ein kostnader, på bekostning av dyrevelferden. Ein kan også spørre seg om transporten av kylling og kalkun, der høge prosentandelar dør, er noko betre enn tradisjonell halal der ein knivstikk utan bedøving.

Når ein godkjenner denne forma for grotesk transport, der dyra frys ihjel eller dør av mangel på luft fordi bilane manglar godkjende luftesystem, kan ein kanskje like godt godkjenne tradisjonell, ekte halalslakting i Norge.

Mange fjørfe som skal halalslaktast, dør av bedøvinga (gassinga), opp mot tjue prosent, ifølge Aftenpostens artikkel Dør på feil vis.  I følge halal skal dyret dø ved stikking, altså ikkje alt vere dødt når det blir stukke. Det er inga overrasking at opp mot tjue prosent av fjørfe dør av gassinga. Eg er i grunnen overraska over at talet ikkje er høgare. Der finst mange måtar å gassbedøve fjørfe på, og ikkje alle er like humane. Nokre fører til eksistering og tydelig stress/ angst hos dyra når dei blir ført inn i gasskammeret.

Der finst folk som ikkje stikk etter bedøving, og dyret vil som regel dø uansett. Det tek berre lenger tid. Men dette er ikkje ein godkjent avlivingsmetode.

"Ekte halalslakt" foregår utan bedøving først. Det vil sei kun ved stikk i halsen. Dette er ikkje lov i Norge, heldigvis. Då eg var i Uganda på reportasjereise for å skrive om Norturas mislykka forsøk på å etablere ein kjøteksporterande sektor i landet, fekk eg ikkje vere med inn når dei slakta. Der slaktar dei tradisjonelt halal og det var visst for sterk kost for meg, meinte dei.

Les reportasjen her. 

Greit nok, mitt poeng er ikkje å samanlikne Uganda og Norge, men å forklare korleis dette tradisjonelt blir gjort. Ein held dyret fast, stikk det i halsen, og så ligg det på golvet og forblør. Det er, etter vår målestokk, ein grotesk måte å slakte på. Ein har ved slakteriet eg skriv om, Top Cut, forsøkt å innføre boltepistol før stikking av storfe, men fordi mange trur at bedøving med boltepistol er lik avliving, vil ein ikkje nytte boltepistol. Ein held på tradisjonell halalmetode med kun stikking.

Vi godtek ikkje denne forma for slakting, ergo er ikkje dette kjøtet godkjent for eksport til Norge.

No er det sjølvsagt ei rekke andre faktorar som fører til at dette kjøtet ikkje er godkjent for eksport: slakting på golvet, munn- og klauvsjuke, tuberkulose osv, men halalslaktemetoden er også eit moment. Skal dei eksportere, må dei gå bort frå såkalt "ekte halal".

Det er greit at vi halal-slaktar i Norge så lenge det foregår med bedøving først, slik som i dag. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen. 

Eg er meir skeptisk til at ordinær slakting kan foregå utanfor reglar og dyrevelferd: av hensyn til at ein skal spare pengar og difor slaktar fjørfe regelrett levande. Eg er også meir skeptisk til den høge transportdødeligheten og det legitimerte dyreplageriet som foregår i produksjon av gris og fjørfe.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...