Akkurat no sit eg ute på altanen på Hjelmeland. Det er mørkt og heilt stille. Einaste eg høyrer er lyden av flaggermus. Bygstad er kort sagt eit paradis på jord, og det er ein fantastisk vår i år. Eg kosar meg glugg ihjel. I sommar skal eg lage ein reportasjeserie frå Vestlandet. Kva den handlar om, er hemmeleg, men den kjem på trykk i ei avis nær deg. Nei, det er ikkje Firda. No sit det ein stor mygg på skjermen min. Eg har ny pc, den er ein traktor av ei kraftig maskin. Fy søren, livet på landet er digg! Og eg, min heldiggris, har odel på denne fantastiske staden der graset veks langt i hagen og blomar gror opp over alt mellom frittgåande høner og påfuglar. Eg er jammen heldig. God pinse!
No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske. Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...