Gå til hovedinnhold

Ligg unna min blogg




Det er ein kar som ikkje klarer å ligge unna meg og min blogg. Eg har bede han ligge unna fleire gonger. Ver grei, ligg unna bloggen min. Denne karen sender meg også private hatmail og sjikane.

Nok er nok for min del. Eg har fleire gonger bede han kutte ut, men utan hell. Eg lurer på kva eventuelle nettdebattantar i det ganske land meiner? Kva gjer ein med menn som meiner dei er i sin fulle rett til å pepre deg med vekselvis hatmails, kjærleikserklæringar og saklege mails? Det er jo kort sagt trakassering.

Eg meiner vi må kunne debattere sakleg i det offentlege rom utan å motta sjikane på mail. For min del er begeret fullt. Eg blir forbanna. Men for min del er eg heldig, eg er ein ressurssterk person og har mykje erfaring frå debatt. Eg er relativt herda sjølv om sjikane ikkje er noko eg har vandt meg til. Eg har aldri opplevd sjikane før, heldigvis. Eg tenker på folk som ikkje har denne erfaringa, men som blir utsett for det same. Hev dykk over det, alle tøffe damer. Ikkje lat hatske menn gjere inntrykk. Og at ein dud tørr battle meg på den måten under fullt namn, er meir enn eg forstår. NÅr eg brukar tid på å skrive om dette, er det fordi det er eit problem i det offentlege rom at menn erklærar hat mot kvinner. Mange kvinner på offentleg debattarena må diverre forhalde seg til dette. Det er synd.

Eg spør meg sjølv kva glede desse mennene har av det dei driv med? Ein kan ikkje synke lågare enn å tvinge seg til kontakt med nokon som ikkje vil ha kontakt med dei. Eg hatar deg, skriv denne mannen til meg på mail. Eg har aldri møtt han, eg kjenner han ikkje. Kvifor gjer han det? Kvifor hatar han meg? Eg anar ikkje. NOko må det jo vere. Ein hatar ikkje folk utan grunn.

Spor på nettet er søkbare i årevis framover, dei forsvinn aldri. Eg oppfordrar alle til å opptre sakleg på nettet. Når du først har skrive ein kommentar, forsvinn den aldri. Ellers er alle saklege debattantar velkommen til min blogg.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...