Gå til hovedinnhold

Bakstreversk ny leiar i målungdommen fjasar litt i Firda, og eg sit på altanen og les kloke ord om språk.

"Man kan altså velge å stå vakt om de Aasen-klassiske idealer og konservere nynorsken som et elitespråk — opphøyd, klangfullt, vakkert og verdig — men uhyre vanskelig å lære, og på solid avstand fra talemålet (især det dagligdagse ordforrådet) i landet.

Men alminnelige mennesker velger ikke skriftspråk ut fra moralske eller ideologiske overveielser — de velger det skriftspråk som er lettest å håndtere. Og da er valget klart: Bokmålet er lettere."

Sitatet er henta her, på Lektorlagets heimeside, og stammar frå professor Finn-Erik Vinje. Klok språkmann.

I mi jakt på nettet etter debatter rundt nynorskutspela til meg og forfattar Brynjulf Jung Tjønn kom eg også over professor Finn-Erik Vinje sin blogg. Vel verdt å lese. Om ord og vendingar og språk. Her eg sit på verandaen ute i det vakre vårveret og høyrer regn treffe bakken, er det kjekt med godt lesestoff. Nettdebattar endar ofte med tull og fjas og inkompetente debattantar får fritt herje om seg. Skal ein lese alt folk skriv om feks nynorskutspela i det siste, ville ein ikkje hatt anna å gjere. No sist i Firda utspelet frå den nye, men akk så rett inn i den trauste debatten som står på staden kvil-gamalmodige, nye leiaren i målungdommen i fredagens Firda. Saka ligg dessverre ikkje på nett meg bekjent. Ho etterlyser at eg og Jung Tjønn deltek i debatten om å utvikle språket heller enn å byte til bokmål. Ærleg talt. Det er jo det vi gjer. Vi deltek ved å peike på problema, vi er ikkje språkforskarar og kan ergo ikkje utvikle språknorma, men vi kan sei frå om kvar skoen trykker. Om ein ikkje vil vite kvar skoen trykker, korleis kan ein då skape ei ny norm? Get a fuckin grip.

Er det rart språket taper terreng når dei hentar inn unge mennesker som alt no går i revers. Målrørsla oppdreg sine eigne, som kanskje er glad dei finn seg nokre venner i mållaget?, til å bli som seg sjølv og tenke i flokk. Dei er grå og kjedelege og framstår som fargelause fjasemiklar som få, om nokon andre enn dei sjølv, tek på alvor hihi. Eg hugsar eit intervju med ein målungdomsleiar i Dagbladet Fredag. Eg hugsar ikkje kva han heiter, eg meiner hugse han var litt gamaldags og særs språkglad og litt sur på meg som tross alt ville diskutere. Reportasjen begynte med at journalisten var overraska over at leiaren ikkje gjekk i ei stygg allversjakke. Dette seier ein del om kva forventningar folk har til nynorsken, og nynorskmålrørslefjasefantane innfrir og gubbar seg mest mogeleg frå yngst mulig alder.

Eg oppfordrar alle til å lese mitt sexy slakt av den skrullete målrørsla i tirsdagens Nationen. Du trur det ikkje før du ser det, kva dei har prestert å skrive i det såkalte arbeidsprogrammet som skal frelse landet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...