13. mai 2008

Verneverdige nynorskland, kommentar i Nationen

Gjestekommentar i dagens Nationen. Utdrag:

Kanskje vi i det eksotiske ekskursjonsmålet «Nynorskland» bør avskjerast heilt frå kontakt med omverda. Til slutt vil vi sikkert også gå tilbake til å gjete kyr og grave i jorda. Folk frå Noregs Mållag kan kome på ekskursjon og nøgde konstatere at vi lever akkurat som Ivar Aasen. Ein mur rundt Sunnfjord er kanskje eit mål for Noregs Mållag på sikt.