Gå til hovedinnhold

Er det noko gale med norske universitet?

I innlegga Se til Tyskland og Husk navnet mitt! kritiserer studentar ved UiO opplegget for bachelorstudentar. Stikkord: Dårleg oppfølging på seminar med seminarledarar med elendig kunnskapsnivå (masterstudentar). Kven kjenner seg ikkje att? Eg har gått frå mang ein seminartime på blindern.

Eg skal her ikkje kome med ein lang utdjupande kritikk av UiO og UiOs nivå, men eg tok ein bachelor i Internasjonale studier med venstrehanda og blikket festa på heilt andre ting, og eg har ikkje eit dårleg snitt i statsvitenskap. Stiller ein kort sagt for låge krav til norske studentar på bachelornivå? Eg tørr ikkje uttale meg om master sidan eg aldri har tatt ein mastergrad. Eg har derimot straks ein cand.med.vet-grad i veterinærmedisin, og det er ingen tvil om at krava til kva du må kunne på veterinærhøgskolen, er laangt høgare enn krava til same karakter ved UiO: Den innsatsen ein legg inn for ein B ved UiO, held kanskje til ein E ved NVH. Kvifor er det slik? Er veterinærmedisin så mykje vanskelegare enn prestisjestudiet Internasjonale studier der det, i likheit med ved NVH, kun er dei aller beste som kjem inn? Tja.

Ein snakkar om at norske elevar havnar bak i konkurranse med utlandet pga dårlege fagkunnskapar, men eg las i Foreign Policy siste utgave at også amerikanske studentar ligg etter i blant anna matematikk. Tja. Dette er ei anna side av saka, men kvifor heng vi etter? Eg hugsar eg kjeda meg gjennom barneskule, ungdomsskule og vgs. Kort sagt fordi ein fekk ikkje stimuli og lærte lite nytt. Greit nok, eg er skuleflink og det har eg alltid vore, men skal ikkje skulesystemet også vere tilrettelagt for oss? Ved UiO surfa eg avstad på eit gullbelagt surfebrett. Det er ikkje noko å vere stolt av, men ein gong eg skulle avlegge eksamen i historie, las eg pensum i løpet av to timar på WIKIPEDIA! og eg stod med glans. Eg hadde ikkje vore på ei einaste forelesning. Kva slags krav er det til meg som student? Normalfordelingen seier at vi skal fordelast over skalaen A-E med visse prosentsatsar i løpet av så og så lang tid (eg går ikkje i detalj på det her), men om min innsats heldt til ein god ståkarakter, kreves det ikkje så hinsides mykje meir for å gjere det enda betre.

Eller stod eg fordi studentar som står bringer pengar i kassen til universitetet? I tilfellet bidreg då dagens stykkprisfinansiering til å trekke ned nivået på norske studentar. kven tjener på det?

På vgs gjekk på privatskulen Danielsen i Bergen. Nivået var høgare, elevane jevnt over flinkare men det var ikkje sååå mykje større krav enn i offentleg skule. Så kva er gale? Eg er ikkje eit supergeni. Elendige lærarar har eg hatt i bøtter og spann, folk som kunne mindre enn ein sjølv, feks i norsk. Hugsar eg sat og oversatte kongesagaene frå islandsk når læraren min stod fast, og han hadde vore norsklærar i førti år.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...