Gå til hovedinnhold

yo eksamen, galskap og anna fjas

Om du er sprø nok til å lese denne bloggen, og les denne bloggen opp mot xx antall gongar om dagen slik enkelte ser ut til å gjere, om ein skal sjå på mitt elektroniske søkesystem, kan du iallefall slappe av dei neste to vekene. Eg har tenkt å ta litt eksamen. Ha det kjekt så lenge!

Eg tek meg ein bloggepause. Det er på tide å få avlagt litt eksamener i medisin så eg kan ta meg sommarferie. Og det er på tide for intense lesarar å få tid til litt andre ting, kanksje få seg noko sol på kroppen eller ete ein is. Eg er ein livsnytar, det kan anbefales.

Det er svært når folk sit oppe døgnet rundt og skriver, så eg får dessverre ikkje lese alt av innlegg og debattar, men har bråkete søkere ute;) Dei varsler/varsles, kan du sei.

Når det kjem til nynorskfolk som leser denne bloggen, om de ikkje føler de har fått gode svar, som maalmannen, så er det litt å beklage altså for eg sit med ein kjempestor eksamen og ein del jobbing eg må levere (skriveoppdrag, blant anna frå nynorskmediene), så eg har rett og slett ikkje tid til å svare skikkelig. Eg må ta det igjen seinare. I mellomtida får de ta det litt lugnt. Men eg anbefaler at de høyrer på kva eg har å sei om språket. Eg har dessverre mange med meg. Når de ikkje vil godta våre synspunkt, blir det harselas. Det er nemlig ikkje så lett å ta målfolk på alvor at de avfeier mine meiningar når ein veit kor mange det er som meiner og står for nøyaktig same synspunkt. Dette handlar om røynda. og no er røynda mi eksamen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...