Gå til hovedinnhold

Trash-dame-happy-ending og big-love-litteratur møter Arlington Park

Eg har begynt å lese trashlitteratur, trur eg. Eg veit ikkje heilt, men har iallefall lese Homecoming av Cathy Kelly. Kjøpte den på ein kiosk i West Midlands på veg inn på toget til London her om tirsdagen. Skikkelig klisjecover, og skikkelig klisjetittel, men boka er faktisk ganske fascinerande.

Den positive versjonen av Arlington Park (Rachel Cusk). Men medan Cusk skriv politisk korrekt om forstadskvinners frustrasjonar, menn, barn og karriere, skriv Kelly om kvinner som har kome på avveie i livet, eller gjort nokre gale valg, går på ein smell, må tenke seg godt om, seier "love" og "darling" heile tida til alt og alle, henger på kafe og et cupcakes og drikk kaffe latte kvar dag, gråter, elskar mannen sin over alt på jorda (alle har opplevd den STORE, megakjempestore kjærleiken) og har wonderfulle kids.

Og det er happy ending, stormande lykke, mor møter datter, søster blir gift og storesøster som har gitt opp håpet om å finne seg ein mann (ho tippar førti), blir ilag med den supersexy aleinepappaen next door, og det er berre herlighet.

Og eg syns det er ganske alright å lese ei sånn bok ein gong i blant. Ikkje berre om livets kjedelige trivialitetar blant kjedelige overklassehusmødre som egentlig er lei av både ungar, gubbe, jobb og bydelen dei bur i, ser oppover karrierestigen dei ikkje får klatre i, og lengtar inn til London sentrum fordi der er det meir hipt å bu.

Politisk korrekt kvinnedrama møter kioskkvinnedrama-happy-ending. Den eine gjer deg skremt: aldri mann og barn, grusomt helvete, og den andre gjer deg glad: feel good-trash. Og eg liker begge og les stort sett alt, men det er eit eller anna veldig sjølvhøgtidelig ved ei bok som Arlington Park. Og denne følelsen får ein absolutt ikkje av Homecoming. Den er enkel og grei, lett språk, ein del ord og uttrykk blir gjentatt litt vel ofte og eit par parti virker påtrengande og unødvendige: vi skal liksom bli presentert for den eine karakteren si mor utan at eg heilt ser kva det tilfører historia, og eit par av karakterane er kort sagt ikkje truverdige: dei blir for mykje av det eine (INGEN menn er interessert i meg og eg er SIKKER på at han elsker ho dama i den tighte hotpantsen), altså for stereotypt, men dette er jo klassisk for såkalt kiosklitteratur.

Arlington Park er langt meir avansert i språket, mange snirklete ord og fine vendingar, og språket er renska for gjentakingar og stereotype karakterar. Karakterane her har dybde og egenart, og dei er truverdige: det er jo litt slik verda faktisk er. "Homecoming" er litt meir på sida. Greit nok, storyen er fin, men den er fiction, ikkje real life. Og det er feel good, så det er greit. Ein kjøper storyen på sjangeren sine premiss.

Og om ein ser på omslaget, ser ein jo kjapt settingen. Versus Arlington Park som eg vil tru selger og appellerer til eit heilt anna publikum. "Homecoming" er type bok som eg knapt kan ha liggande synleg, ein må snu den med ryggen opp. Husmorporno? Tja, den er ein bestselger i England. Det er forståeleg.

Til slutt ei bokanbefaling, verdas finaste barnebok:


Eg har den både på norsk og på engelsk, og den er superfin, åkkesom.

Gruffalo, hva er det for et dyr?
Vet du'kke det, han er litt av en fyr,
med knoklete knær og klørne ute
og en giftigrønn vorte på sin snute.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...