Gå til hovedinnhold

Det er ikkje berre dyrevern å vere mot pels, det er fagekspertise

Det er ikkje dyrevern å sei nei til pels.

Det er fagkompetanse i praksis. 

Kronikk trykt i Firda 13.april 2011 etter Aps landsmøte.

«Dyrevernarar kuppa Ap» stod det på framsida av Firda mandag 11.april. Dette er ei sanning med modifikasjonar. Det er lenge sidan det var utelatande dyrevernarane som arbeidde for å få lagt ned pelsdyrnæringa. No er det fagfolk som står på barrikadane.

I Firda mandag seier pelsdyroppdrettar Finn Årdal at avgjerda på Aps landsmøt, der dei går inn for avviklikng av pelsdyrnæringa, er eit resultat av ein kampanje frå dyrevernarar, der NRK spesielt har slukt materialet rått. Folk gjer seg opp meiningar ved det dei får servert i media, seier Årdal og ein kan spørre seg korvidt Årdal har fulgt med på fagdebatten rundt pels dei seinaste åra. 

Det er ikkje berre såkalte dyrevernarar som er mot pels. Det er også ekspertise- og fagmiljø, og det er desse Ap viser til i sin uttalelse frå landsmøte: «Arbeiderpartiet mener det er forbundet med store utfordringer innen dyrevelferd i pelsdyrnæringen - noe både Den norske veterinærforening og Veterinærinstituttet har påpekt. Brudd på gjeldende regler i bransjen har vært avdekket gjentatte ganger, både gjennom media og av Mattilsynet. Næringen har fått flere sjanser til å forbedre forholdene uten å kunne vise til gode nok resultater.»

10.april, same dag som Ap fatta sitt vedtak, skriv Den Norske Veterinærforening (DNV) denne pressemeldinga: «Landsmøtevedtaket i Ap om å avvikle pelsdyrnæringen er et viktig signal. Den norske veterinærforening har alltid satt dyrevelferden øverst. (...) Veterinærforeningen har siden 2001 vært kritisk til pelsdyrnæringen. Dagens pelsdyrhold er basert på å ha rovdyr i små nettingbur, noe som betyr at dyrene ikke får tilfredsstilt sine naturlige adferdsbehov i tilstrekkelig grad.»

1.november 2010 melder NRK: «Etter nye avsløringer i pelsdyrnæringen tar generalsekretæren i veterinærforeningen til orde for å forby hele næringen.» Generalsekretær Hans Petter Bugge sa vidare at «– Veterinærforeningen har gått ut og sagt at dagens driftsformer ikke er forenlig med god dyrevelferd. Vårt råd er at det snarest kommer på plass en egen tilsynsordning og helsetjenesteordning for pelsdyroppdrettsnæringen,» sa Bugge i november, og denne ordninga er no på plass. 
 
Men er det riktig at vi skal bruke mykje fagfolk, tid og ressursar på å følge opp ei næring som er på kollisjonskurs med etisk husdyrhald, og som utgjer så små dimensjonar? Erfaringar frå Sverige, der liknande ordningar finst på gris, viser at dette er svært ressurskrevande og dyrt arbeid.

Av Senterpartiet vert pelsdyrnæringa omtalt som ei viktig landbruksnæring, men å omtale pelsdyrnæringa som ei viktig næring, er som å sei at landsskyttarstemnet er viktig forsvarspolitikk (sitat: Tore Eikeland, Hordaland Ap). Det er på høgt tid å skille distriktspolitikk og landbrukspolitikk. Vi har i Norge 350 pelsfarmar. Det er med andre ord inga viktig næring, men desse 350 farmane får altså lov til å ta livet av 250 000 rev og rundt 600 000 mink i året. For denne unødvendige jobben får pelsdyrfarmarane 40 millionar kroner i subsidier. Eg, og mange med meg, ønsker ikkje at mine skattepengar skal gå til denne næringa.

Mange ytrar bekymring for at pelsnæringa med sitt frynsete rykte kastar mørke skuggar over resten av landbruket. Dei ytrar seg med rette.
«­ Å holde pelsdyr er ikke forenlig med våre mål om at vi skal være best i verden på dyrevelferd,» sa veterinærpresident Marie Modal i eit portrettintervju i Norsk Veterinærtidsskrift nummer 1, 2011, og her har ho eit godt poeng. Eg siterer vidare frå intervjuet med Modal:
«­ Kan egentlig DNV som forening egentlig gå ut og si ja til pels uten å tape ansikt og anseelse?
­ Nei, vi kunne aldri ha gått ut og vært for hold av pelsdyr sånn som pelsdyrholdet er idag. Men vi kunne ha latt være å kommentere saken, svarer Modal.

­ Kunne dere egentlig det?
­ Jeg kunne ikke ha gjort det. Første gangen vi fattet vedtaket var i 2001. Vi har ikke sagt «legg ned», men vi har sagt at det er på tide å vurdere denne typen dyrehold. Næringen har ikke utviklet seg på tjue tretti år, men samfunnet har utviklet seg. En kan ikke vurdere pelsdyrholdet i forhold til andre dyreslag, men i forhold til samfunnsetikken.»
Modal har eit godt poeng.

Frå Ap sitt landsmøte les vi dette:

«6 av 10 Ap-velgere er mot pels. Pelsnæringen gir bare få og ustabile deltidsarbeidsplasser. Likevel mottar pelsnæringen nesten 50 millioner av våre felles skattekroner hvert år»

I Aps vedtak står blant anna: «Holdningene til dyrevelferd har vært i utvikling siden driftsformen ble etablert på 1930-tallet. Arbeiderpartiet mener at sannsynligheten for at pelsdyroppdrett skal kunne drives i overensstemmelse med dagens krav til etisk dyrehold, virker liten.»

«Eg driv ei heilt lovleg verksemd, der eg har investert 1,8 millionar kroner for å gjera tilhøva for dyra enda betre enn før,» seier pelsdyroppdrettaren Olav Haugen i Lærdal til Sogn Avis 6.november.
Han sluttar frå investeringar til dyrevelferd, frå gode intensjonar til dyrevelferd. Dette er ikkje uvanleg, men begge delar er feilslutningar. Kunnskapen om dyrs følelsar og velferd er ikkje allmennkunnskap. Derimot er det internasjonal annerkjent fagkunnskap.

Men i Firda mandag seier pelsdyroppdrettar Årdal at antalet skadde og sjuke pelsdyr er lågare enn tilsvarande tal blant andre husdyr og kjæledyr. Årdal har gått glipp av eit par ting: vi måler ikkje lenger dyrevelferd og følelsar i blott i antal sår. Vi har kome lenger enn som så. Antal sår er gårsdagens fagkunnskap. Pelsdyrnæringas terping på antal sår fortel oss om ei næring på hælane.

Avvikling handlar ikkje om å straffe ei heil næring for slurvet til nokre få oppdrettarar. Det handlar ikkje om å talle antal sår på pelsdyr versus antal sår i andre landbruksnæringar, men om at pels ikkje er forenlig med norsk samfunnsetikk i år 2011.

Det er ein viktig signaleffekt når Ap no har lytta til fagmiljøas bekymringsmeldingar og går inn for avvikling av pelsdyrnæringa. Det går også an å håpe at snart også Senterpartiet vel å setje seg inn i dagens fagkompetanse og samfunnsetikk rundt pelsdyrhald. Pels kan ikkje forvarast med eit einaste fagleg argument.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...