10. apr. 2011

Les helgas Klassekampen: momskuttlureriet og nøkkelholsspøken

Om kor helsefarleg og lite etisk nøkkelholsanbefalingar om kvitt kjøt er for deg som konsument. Korleis Kiwi, utan å vite det sjølv, anbefaler deg helsefarleg kvitt kjøt. Det er vanskeleg å tenke seg at Kiwi har gjort eigen research, dei har gjerne berre hoppa på nøkkelholets historier.

Er det snart på tide å kalle ein spade for ein spade: pelsdyroppdrett er ikkje landbruk. Kylling og kalkun er heller ikkje landbruk: det er industriproduksjon på linje med fiskeoppdrett. Kvifor kan vi i grunn kalle kylling og kalkun for landbruk når vi ikkje kan kalle fiskeoppdrett for landbruk? Logikken er ikkje særlig klar. Det er mengdeproduksjon i industrielle mengder. Det handlar ikkje om å bruke landet. Det handlar om bigger, faster, cheaper: produsere mest mogeleg for lågast mogeleg kostnad. Ordet er industri.

Fisk, kylling og kalkun er ikkje landbruk. Ei heller pels.
.