Eg utfordrar Bioforsk til å forklare oss kvifor økolandbruket anbefaler homeopati framfor skulemedisin.
Direktør Bioforsk Økologisk Kristin Sørheim skriv i eit innlegg på Oikos sine nettsider at kjendisblogger (??) Viken har gått ut mot økolandbruk. Sørheim skriv at ho har også registrert en del synsing om at det blir forsøkt alternative behandlingsmetodar i øko husdyrhald (...).
Ein variant av dette lesarbrevet har stått på trykk i Klassekampen 28.april 2011.
Sørheim rullar tomme tønner og det kan sjå ut til at Bioforsk-direktøren ikkje kjenner til regelverket for hald av øko landbruksdyr. Difor skal eg her skyte ned Sørheims tomme tønner bevæpna med økos eige regelverk.
Ein treng ikkje synse for å snakke om homeopati i økolandbruk Det er økolandbrukets eige regelverk vi snakkar om, og det er verkeleg nok. Ein treng ikkje synse når ein veit at veileder B om økologisk produksjon anbefaler alternativ behandling som førstebehandling når dyr i økologiske besetningar blir sjuke. Det held å sitere direkte punkt 4.7:
Sykdomsforebygging og veterinærbehandling: «Naturlige terapeutiske midler og metoder bør vektlegges, og følgende type produkter foretrekkes:
Fytoterapeutiske produkter (feks planteekstrakter (unntatt antibiotika), essenser)
Homeopatiske produkter (feks vegetabilske, animalske eller mineralske stoffer)
Mikronæringsstoffer.
Dersom slike produkter skulle vise seg å være uten effekt i det aktuelle tilfellet, kan det brukes antibiotika eller medisiner av syntetisk opprinnelse under veiledning fra veterinær.»
Det finst ingen dokumentasjon på at desse behandlingsformene verkar på dyr, jamfør Lisbet Hektorens forskning. Derimot finst det dokumentasjon på at bruk av homeopatiske preparat gir same resultat som om ein let vere å behandle.
Mitt poeng er enkelt: ønsker øko å vere truverdig som eit betre alternativ? Då bør det tas eit oppgjer med regelverket. Det er interessant å høyre Sørheims synspunkt sidan ho tydelegvis har ein del. Reglane bidreg til å gi øko eit ufortjent useriøst omdøme.
1.februar 2008 fastsette LMD at lausdriftskravet ikkje gjeld for besetningar under 35 kyr i øko mjølkeproduksjon. Å halde kyr på bås strir mot Oikos politiske plattform på fleire punkt: «I økologisk dyrehold skal produksjonsdyr leve under forhold som fremmer helse og trivsel, så langt som mulig i pakt med deres naturlige atferd».
Sørheim viser til at økokyr på bås har krav om lufting to gongar i veka, men når vi veit at arealkravet på luftearealet for ku er 0,75 m2 per 100 kg kroppsvekt (Debios Veileder B, Liste 6), framstår ikkje lufting som så flott likevel.
Bioforsk økologisk sin direktør støttar valg av homeopatisk behandling framfor skulemedisin. Eller ser det berre slik ut?
Her er nokre utfordringar til direktøren:
Bioforsk økologisk sin direktør støttar valg av homeopatisk behandling framfor skulemedisin. Eller ser det berre slik ut?
Her er nokre utfordringar til direktøren:
- Kvifor vil ikkje Sørheim høyre «synsing om at det blir forsøkt alternative behandlingsmetoder» når det openbart er økolandbrukets reglar som anbefaler dette?
Skal vi ikkje ta regelverket på alvor? Kvifor/ kvifor ikkje?
- Vil Sørheim vurdere å argumentere for å fjerne desse anbefalingane? Kvifor/ kvifor ikkje?
- Kan Sørheim framlegge dokumentasjon som viser at alternativ medisin har effekt på landbruksdyr? Før denne dokumentasjonen foreligg framstår regelverket som useriøst.
Eg utfordrar herved Sørheim og forventar gode, faglige svar med referansar og kilder som vi kan sjekke.