Gå til hovedinnhold

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen, fann eg dette sitatet:

"Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire.

Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denne måte, legitimerer ikkje argumentasjonen din om at du jobbar meir enn meg og forvaltar meir penger enn meg. Eg respekterer deg og eg har alltid respektert bønder, respekter meg er du snill så kan vi vere venner. At eg ikkje har valgt å vere bonde, legitimerer ikkje at du kan skryte på deg at du jobbar meir enn meg. Kva veit du om det forresten, tenkte eg. Eg har jobba mine 90-timars veker, veke etter veke. Og eg har valgt det sjølv.

Etter denne konfrontasjonen med ein sinna bondes mindreverdighetskompleks, som denne gongen gjekk utover meg som fekk meg ei overhaling så dritten spruta, har eg blitt langt meir skeptisk til bønder, sjølv om eg kjem frå gard. Det er på ein måte litt dårlig gjort, denne bonden representerer ikkje alle bønder, men han representerer ei halding eg meiner å oppfatte er ganske typisk for bondeyrket: mindreverdighetskomplekser som gir seg uttrykk i ein form for defensiv aggresjon. Ein er på defansiven, og den som føler seg trengt inn i ein krok, har lite andre valg enn angrep. Og angrep er ikkje alltid beste forsvar, iallefall ikkje når det kjem ut som a) usakleg og b) usannferdig og c) aggressivt. Denne måten å argumentere på, er forsåvidt klassisk for mange grupper som føler seg skvisa og marginalisert. Du ser den også hos visse folk i målrørsla, utan at eg skal gå inn på det her.. Represaliene lar nemlig sjeldan vente på seg.

Men tilbake til samtalen med min kompis idag. Han sa så til meg: bønder er lei av å bli sett ned på, det er klart denne bonden ville hevde seg. Dessuten produserer dei mat, det er viktig, men uten underhaldning og kultur, får ein jo ikkje eit fungerande samfunn, ergo treng ein også oss.

Ja, sa eg, og eg forstår ikkje at det er rett måte å hevde seg på og slenge dritt om andre yrkesgrupper. Greit nok, om eg og deg dør vil ingen svelte, men kva er poenget for denne bonden i å fortelle meg at han er ei viktigare brikke i systemet enn det eg er? Eller ei meir pengeforvaltande brikke med større ansvar for større pengesummar, eller kva som var hans mission til sjuande og sist? Til sjuande og sist er eg kanskje ein større maktfaktor enn han. Han er klar over det, han berre liker det ikkje. Han jobbar seg til døde for fillelønn, eg drikk vin på hagefest og får journaliststipend frå staten/ skattepengar. Kanskje ikkje rart han blir forbanna, men kva er vitsen?

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...