Gå til hovedinnhold

Kvitt kjøt frå dyr som et kun kraftfôr, er farleg for helsa di.


Per idag får lam og sau 90 prosent grovfôr (gras), og 10 prosent kraftfôr. 
Storfe får femti prosent grovfôr og kylling og gris får hundre prosent kraftfôr! Hundre prosent!!!

Eg heldt eit innlegg på Bonde- og småbrukarlaget sitt møte om kvinner for rein mat 8.mars i Oslo, og her i bloggposten refererer eg til nokre av dei andre foredragshaldarane.

Kosthaldsråd. Ein blir anbefalt kvitt kjøt, men kvitt kjøt er basert på kraftfor. Og kjøt produsert på kraftfor er langt farlegare for helsa di enn kjøt produsert på gras (sau, geit, ein del storfe). Kjøt frå kylling og gris inneheld for mykje arakidonsyre, og for lite Selen, ifølge Anna Haug, ernæringsfysiolog og førsteamuniensis ved UMB. Ho heldt eit innlegg om kvitt og raudt kjøt. Eg skal kome tilbake til dei helsemessige konsekvensane av dette.

Les min kronikk Frå beite til bur" om korleis stadig større andelar av norsk kjøtproduksjon vert produsert av kraftfor og dyr i bur.

Helsedirektoratet anbefaler maks 500 g raudt kjøt per veke, men understrekar samstundes at det trengs vidare forskning for å avklare om det er ein faktisk samanheng mellom raudt kjøt og kreft i tjukktarm og endetarm. Dette er nemleg svært usikker.

Eg har av og til lurt på om Helsedirektoratet er kjøpt og betalt av dei som ønsker å auke produksjonen av uetisk og lite miljøvennleg kylling, kalkun og gris i Norge. Påstandane om raudt kjøt er nemlig i tråd med landbrukspolitiske målsetningar, men ikkje i tråd med faktiske helsekonsekvensar av inntak av kvitt vs raudt kjøt. Dette er verdt å tenke over.

Haug sa vidare at kjøt frå beitedyr er det sunnaste kjøtet. Dette er ikkje vanskeleg å tru på når ein veit korleis mange dyr lever i bur og i oppvarma hallar utan dagslys, utan frisk luft og kun fora med kraftfor og vatn, aldri tilgang til gras som er deira naturlege føde, framavla kun for produksjon av kjøt, ute av stand til å leve naturlege liv i det fri.

Sei meg kva den du spiser, spiser.

Les artikkelen om dyrs følelsar: kalkun og kylling slit med store dyrevelferdsmessige problem grunna uetisk foring og uetisk hald av dyra.

Haug oppga dessse tala, og dei kan vere retningsgivande når du vel maten din på butikken:


Per idag får lam og sau 90 prosent grovfôr (gras), og 10 prosent kraftfôr. 
Storfe får femti prosent grovfôr og kylling og gris får hundre prosent kraftfôr! Hundre prosent!!!

Det er også verdt å merke seg at graden av etikk synk jo høgare kraftfôrprosenten er i framfôringa av dyra. Jo meir kraftfor, jo mindre beite, dagslys og naturleg liv. Jo meir påavla lidingar og jo mindre eigna dyr for eit naturleg liv. Kylling og kalkun er framavla for eit liv på betongen, og ingen annan stad vil dei kunne overleve då dei ikkje kan kontrollere matinntaket, ikkje kan ruge og ikkje kan pare seg naturleg.

Men tilbake til arakidonsyre som det er for mykje av i kjøt frå dyr som har levd på kraftfôr. Denne syra vert omdanna til hormonliknande stoff som i overskot forverrar betennelse, smerte, kan gi blodpropp, kreft og svekke immunforsvaret ditt.

Dette er ikkje så rart når vi kjenner til kva forhold dyra som produserer dette kjøtet lever under. 

Haug peika også på at det er fiskefettsyrer i raudt kjøt. Fisk er dessutan ein begrensa ressurs.

For å forbetre kjøtets kvalitet med tanke på human  helse bør ein gi dyra meir gras og mindre kraftfôr. Dette betyr i andre omgang også ein meir etisk forsvarleg matproduksjon og eit betre dyrevelferdsmessig hald av dyr.


--


Nyvalgt leiar Merete Furuberg prata om at vi må løyse problema med GMO og doping av dyr. Eg lurer litt på kva dei tenker på med doping av dyr. Det er ikkje akkurat det ein gjer. Ein gir derimot dyra sprøyter med hormon for å auke produksjonen av kjøt og melk. Eg vil påstå ordet doping er misvisande, og den upresise ordbruken rundt GMO bidreg til at debatten blir forvirrande.

Eg gjorde meg ei rekke tankar. Blant anna at matprodusentar er meir opptatt av utstyr enn av dyrevelferd. Dei trur nytt utstyr er viktigare enn god behandling av dyra. God behandling er også god økonomi. Dyrt utstyr er ikkje nødvendigvis god økonomi.

Ein tenker også at størst mulig dyr er mest økonomisk, men det viser seg at små sauer er mest økonomisk effektive då dei produserer mest per kilo kroppsvekt. Ein liten sau som får to store lam, har produsert meir per kilo kroppsvekt enn ein stor som får store lam. Ergo er økonomien betre, fôrforbruket lågare og output større. Men dette verkar det som om ein gløymer tenke på. Ein tenker størrelse, ikkje output, og økonomien blir verre.

I Sverige besøkte eg ein bonde som sa at då han dreiv konvensjonelt var det dyrare å dyrke marka pga utgifter til sprøytemiddel og kunstgjødsel, enn kva han tjente på kornet som vaks der. Han la ergo marka brakk. Så la han om til økologisk som har lågare forbruk, eller ingen forbruk, av kunstgjødsel og sprøytemiddel, og brått tjente han penger på marka igjen. Kvifor? Ikkje fordi inntektene blei større, men fordi utgiftene blei mindre.


--

Eit anna innlegg eg høyrde 8.mars, var Julie Voldberg frå Høgres kvinneforum. Ho snakka på FOKUS sin frukost.

Voldberg snakka om at ein må finne kvinnesaker på tvers av politiske partier.

Dette er eit godt poeng. Det er tidvis litt vittig å sjå korleis kvinner frå høgre sloss mot kvinner frå venstre, og omvendt. Og korleis ein har brytekamp om kven som kan kalle seg feminist eller ikkje. Det er lite fruktbart, men veldig komisk og underhaldande. Felles kampsaker burde ikkje vere så vanskeleg å finne.

Voldberg sa vidare at ein veit langt meir om korleis medisinar fungerer på menn enn på kvinner, fordi medisinar er langt betre utprøvd på menn enn kvinner. Dette er jo virkelig alvorlig. Årsaka er at det er lettare å teste medikament på hanrotter enn horotter fordi horotter har hormonsyklus, noko som kompliserer det heile.

Voldberg prata også om at mange kvinner lar seg segregere inn i mannstunge miljø for så å sei at det ikkje er eit problem å vere kvinne. Dette meiner ho er eit problem for likestillingskampen. Ein har framleis way to go. Ho fortalde om korleis beslutningar vart tekne i badstua der ho ikkje var, og ikkje ville vere, heller enn på møta der ho var tilstades i kraft av sin posisjon. Klassisk problemstilling.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...