10. jun. 2007

Nostalgisk identitetsdiskurs (Debatt Bergens Tidende 13.juni 2007)

Når nynorskfolk snakkar om skam og identitetskriser, underbygger det inntrykket av at dei er meir interessert i nostalgisk identitetsdiskurs enn praktisk språkbruk. Synd for nynorsken.

Anne Viken, journalist og student. Frå Bygstad, bur i Oslo.

(Innlegget er eit svar på responsen som kom på min kronikk, Ein konvertitts bekjennelse, som stod å lese i BT 31.mai 2007. Responsen kom i form av to saker samt ein del debattinnlegg. Sakene og debattinnlegga er limt inn under dette debattinnlegget her i bloggen).

Skal eg sjå på skoa mine i skam over å sei det eit stort antal nynorskbrukarar meiner i dag? Nei. Ikkje faen. Og eg har prinsessesko. Det er det ikkje alle som har. Eg trur ikkje gong dei stabbern gubbekjerringane som sit rundt omkring i fjordfylket ein gong hadde fått på seg slike sko. Gubber med prinsessesko? Skulle eg likt å sett ja;)
skoa mine. eg er en engel

Eg er skuffa over at nynorskfolk, her representert ved Magni Øvrebotten og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, må gripe til billig argumentasjon om skamkjensle og identitetskrise for å imøtegå min kronikk i BT 31.mai.

Rotevatn seier i BT 1.juni at ho trur eg har hatt ei stor identitetskrise knytta til språket. Eg har for min del ikkje opplevd denne krisa, men her trur eg uansett Rotevatn peikar på noko viktig. Språk vert tillagt altfor mykje identitet framfor å sjå at språket stort sett er eit praktisk verktøy. Når dette verktøyet ein dag føles ubrukelig, skiftar folk det ut. Dei begynner å skrive bokmål. Vi lever i ei tid då identitet i større grad enn før er noko ein komponerer. Vi shoppar det vi føler er mest anvendelig. Ødelagte postmodernister? Tja. Reelt er det uansett.
Og ja, vi er alle under påverknad frå bokmål, men den retorikken blir for enkel. Poenget må vere å prøve å forstå korleis ein kan behalde nynorskbrukarar sjølv om bokmål har sterk innflytelse. Bokmålet får vi uansett ikkje gjort noko med.
Difor trur eg Bente Riise har eit godt poeng når ho på leiarplass i siste nummer av Syn og Segn skriv at ein treng ein langsiktig plan for nynorsk, og det er flott at Myklebust tek min kritikk på alvor. Mitt språkvalg er bevisst ja, skam nei. Eg hadde aldri gidda skrive i Syn og Segn dersom eg skamma meg. Då hadde eg heller skrive ein artikkel i Samtiden på bokmål om klimapolitikk post Brundland Det angår langt fleire. Nynorsk er trass alt eit kulturelt luksusgode. Eg set pris på at vi har to målformer, men eg set ikkje pris på ei norm som fjernar språket frå meg. Då shoppar eg bokmål, og det er mange med meg.

Det tek mykje tid å skrive korrekt nynorsk og mange ord er ikkje lov. Det hjelper ikkje at tusenvis av ord er lov, når hundrevis er forbode. Eksempelvis er ordet bekymra ikkje lov i følge Nynorskordlista, medan ottefull er lov. Ottefull er arkaisk for meg. Det praktiske spørsmålet blir her: skal eg skrive ottefull og støtte ei norm eg ikkje kan bruke? Skal eg bruke lang tid på å finne dette synonymet til bekymra i ordlista? Kvifor akseptere ei språknorm som i mine auge gjer mitt skriftspråk krokete når mitt skriftspråk for meg framstår som meir presist på bokmål.

Eg kan ikkje skrive det for meg naturlige ordet begynnelse. Eg kan derimot skrive begynning, eit ord som ikkje ein gong finnast i mitt vokabular. Eg kan skrive beskyttelse og bevegelse men ikkje begravelse. Eg er klar over at normeringsdebatten er lang og komplisert, men kor fjernt frå naturleg talemål er det hensiktsmessig at nynorsk ligg? Og Olaug Nilssen. Eg meiner ikkje at du skriv arkaisk. Og med arkaisk meiner eg ord og uttrykk som ikkje finnast i folks talemål.
Så lenge eg ikkje anser dagens norm som ok, ser eg heller ingen grunn til å avkreve at medier eg skriv for skal påleggast å lære seg ei norm eg finn for trong slik ein unngår at dei rettar sakene mine endå meir arkaisk enn kva som faktisk er lov å skrive. Difor rettar eg kritikk mot målrørsla. Eg meiner rørsla, ja Norges Mållag, har eit ansvar for å gå ut og fronte kor liberalt nynorsk skriftspråk faktisk er. Eg meiner nynorsk har eit imageproblem. I tillegg vil eg ha utvida låvedør og aksept for import av fleire bokmålsord, gjerne også litt engelsk. Så kan dei som vil skrive arkaisk, skrive arkaisk. Det burde vere mulig å inkludere oss alle. Og om eg får lov til å bryte normer over ein låg sko, skriv eg gjerne mitt eige nynorsk. Eg gir ikkje faen.

Men i dag shoppar folk ord og uttrykk på same måte som dei shoppar klede. Eg shoppar og eg vil bruke det eg shoppar, helst i nynorsk setting. Difor er det kunnskapslaust når Øvrebotten hevdar dette handlar om skam. Eg skammar meg meir over at Nynorsk Mediesenter har ein leiar som vel å framstå så fordomsfull i Vestlandets største avis. Det gir inntrykk av at ein mest av alt ønsker å hylle seg inn i ein nostalgisk identitetsdiskurs ved bruk av utdatert retorikk. Det er synd for nynorsken.

fakta Nynorsk som mediespråk
Bergens Tidende 01.06.2007
Side: 34

I eit debattinnlegg i gårsdagens BT (31.mai) kalla journalist Anne Viken (biletet) frå Sunnfjord seg «fråfallen nynorsking» og «offer for den arkaiske nynorsken»

- Viken skriv at ho ikkje gidd vere «den museale konservatoren målrørsla meiner eg bør vere»
- Ho vil ikkje bli framstilt som offer for «bokmålsdiktaturet». Nynorsk er ingen brukbar reiskap for henne som journalist. Språket er for kronglete og langt frå daglegtalen
- Ho tek til orde for ei modernisering av nynorsken.