Gå til hovedinnhold

Flytt ikkje til bygda, seier dei til meg

Primus motor i Bygstad, Helge Kårstad, stangar hovudet i veggen når han vil satse nytt og friskt. Kårstad har fått Bygstad på kartet, skapt liv og røre, bryggedans og Storehesten opp. Ei ildsjel med andre ord. Men Gaular liker visst ikkje ildsjeler, som om det var ei overrasking. Gaular har ikkje kontroll på internett, ikkje vil dei ha turistar. Gaular er i ferd med å gå bli ein klatt med fin natur der folk bur fordi dei bur der, og som ellers er irrelevant, dei berre liker ikkje å snakke om det. Dei er nøgde med å ha litt farmar, litt byggefelt, litt folk, eit par buler å drekke pils, og så får dei som tar til takke med dette berre ta til takke, og dei som vil noko meir bør helst skjøne at dei må da halde seg i byen. Tilbuda her ekje så gode, må vite. Her er vi oss sjølv nok. Slik er visst bygda.

Er det noko Sunnfjord har bruk for, så er det primus motorar som Helge Kårstad. Slike prosjekt trekker andre med seg og skaper positive vibber. Det finst nok av dei som står på bakbeina og drar i bunadsstakken bak ei låvedør, eventuelt ei lokalpolitikardør. Eg må sei av og til beundrer eg folk som orkar forhalde seg til den omfattande stagnasjonen som ein ofte får inntrykk av at finst der ute, med unntak av nokre få ildsjeler som Kårstad og Åmot gard og den slags prosjekt som open minded maktar å bringe nye saker til bygds.

Eg skal innrømme det er fleire næringslivsfolk i fylket som har sagt til meg, sjølvsagt off the record, at dei advarer mot å flytte til Sunnfjord. På grunn av mangelen på driv og mangelen på engasjement, på grunn av eit stivt miljø og stive personer. Eg trur dei. Det er bra at dei seier frå heller enn å late som om dette er eit område ein bør satse i. Men god PR er det ikkje.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...