Gå til hovedinnhold

Kirkenes - dag 1 til 5

Eg kom til Kirkenes mandag med hurtigruta. Kirkenes er eit eldorado om ein er interessert i industri og bissniss mot Russland. Eg kunne ha skrive mangt og mykje, mange titals sider og bloggar, men det har ein ikkje tid til når ein vandrar rundt og møter så mykje spanande folk. Det må bli når eg er tilbake i Oslo.Kirkenes Mekaniske verksted, Kimek, er ei av bedriftene som skal ansette mange i tida som kjem. Etterspørselen etter kompetansearbeidskraft er stor, det er arbeidstakers marked...
Russiske krabbetrålarar på havna i Kirkenes. Fleire er ombygde amerikanske båtar med amerikanske leiing ombord sjølv om skipa er eigd av russiske selskap. Amerikanarane har lang fartstid som krabbefiskarar i Alaska og områda i nord. Russerane har henta inn kompetanse.
Eg var i Kirkenes under Kirkenes-dagane. Her var ein del russisk innslag i gatene, blant anna med matroska-salg, og i teltet var det live musikk kvar dag, full stemning, dans på borda og smekka fullt med folk. På gata traff eg tre russiske mannskap på krabbetråler som ligg ved havna. Eg vart med ombord for å drikke te! Her er utsikta frå lugaren.
Båtane ligg ganske lange tider i havn mellom kvar gong dei går ut. Ein amerikaner, frå Florida, som eg kjenner, jobba på ein krabbebåt som gjekk ut fredag, men fredag låg enno denne i land. Han er ekspert på å fiske krabber, Ein driv også med krabber i oppdrett i Bugøynes, og dette skal ein forske meir på framover for å få til heilårs produksjon av krabber.

Frå Havforskningsinstituttet sine sider: "Russiske forskere satte kongekrabben ut i Murmanskfjorden på 1960-tallet for å øke verdigrunnlaget for den lokale befolkningen i Murmansk. Den har siden spredd seg østover og vestover i det sørlige Barentshavet, og har trolig kommet for å bli. Ennå vet vi lite om artens eventuelle negative effekter på den opprinnelige faunaen i området. Kongekrabben er en verdifull ressurs, men søkelyset rettes også nå mot det faktum at krabben er en introdusert art."

Valentino, Andrey og Oleg! Etter å ha drukke te, drog vi til festteltet for å høyre lokale band spele og drikke øl. Her var det kort sagt god stemning natta lang.
Great guys!! Fun company

Vokalisten trampa avstad bortover bordet så øl spruta, folk dansa og ja, det var skikkelig fest. Good party!
Og i tillegg til konsert i telt med lokale band, har Sør-Varanger Pasvikdalen.
Dette var det nærmaste eg kom Russland på denne turen. Sett frå Pasvikdalen.
Og dette var det nærmaste eg kom bjørn i Pasvikdalen.
Men i Pasvikdalen på den tida eg var der, gjekk det tre bjørnar å rusla på eit jorde der. Eg er usikker på kor begeistra folk var for akkurat dette.

.. men no har eg diverre forlatt Kirkenes for denne gong. Eg kjem til å reise tilbake, men akkurat no er eg i Rovaniemi i finske Lappland. Lappland er del av Barentsregionen, akkurat som Kirkenes. Men korleis ser utviklinga ut her? Gjenstår å finne ut. I første omgang har eg fått meg eit fint hotellrom og internett frå kabel i veggen, her i NOKIA-landet Finland. Er her like interessant som i Kirkenes? Eg aner ikkje, men i første omgang har eg iallefall skjønt at eg ikkje forstår eit plukk finsk. Trudde eg kjøpte yoghurt, men sat brått på bussen med ein boks med sitron-eit-eller-anna. Veit ikkje kva det var.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...