Gå til hovedinnhold

Kva mat skal ein kjøpe om økologisk ikkje er økologisk?

var det ein kar som spurte om i ein kommentar her på bloggen. Det er eit godt spørsmål. Eg forsøksvis svarer:

Tja, om du ønsker å ete mat som er økologisk per Debio-definisjon, har du ø-merka mat, men dette er og blir tvilsomt, som før påpeika. Då ville eg faktisk berre spart dei ekstra kronene og heller kjøpt konvensjonelt. same shit, different wrapping. Du må nok ut i småskala heimeproduksjon, og knapt nok der, før du finn reelle økoprodukt.

Lat osss ta eit eksempel. Feks er ikkje norske lam definert som økologiske sjølv om dei går på ugjødsla fjellbeite frå mai til langt på høsten, og kun eit par veker på heimebeite kvar vår. Fjellbeiter er ikkje gjødsla med verken kunstgjødsel eller sprøyta med sprøytemidlar. Dette med at norske lam, både øko og konvensjonelle beitar på same fjellbeite heile sommaren, side om side, for så å pakkast i ulik emballasje på hausten i butikken og prisa heilt ulikt, er eit eks på kor firkanta og lite i tråd med "økologiske prinsipp" Debio faktisk er. Dei godkjenner ikkje utmark som økologisk.

Ein brukar generelt lite kraftfor på sau om du samanliknar med feks ku, og når det kjem til hald av sau innandørs går både øko og konvensjonell sau på rister, all den tid det ikkje fungerte å ha økosau på talle pga talle blir svært blaut når sauen blir fora på silofor. Dermed var rister meir hensiktsmessig frå eit dyrevelferdsperspektiv.

Eksempelvis ein villsaubonde eg kjenner. Ho har sauene ute heile året, dei går på ugjødsla øyer ved kysten, men dei vert ikkje solgt som økologiske men som konvensjonelle. Rasen er villsau. Ho er "slow food"-produsent men alle sauene vert slakta som konvensjonelle. Logikken er kvar?

Link Slow food.

Så dette med Debio-økologisk er rett og slett så firkanta og lite hensiktsmessig at ja, kjøp konvensjonell. Spar pengane.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...