Gå til hovedinnhold

1905 nye innbyggarar innan år 2030

i Sogn og Fjordane, ifølge tal frå SSB.

Kanskje på tide å tone ned dette evinnelige turistfokuset og heller tenke på å få opp folketalet? Lat meg ta kommunen eg kjem frå. Gaular kommune i Sunnfjord som antagelegvis, vel Bygstad iallefall, er ei sånn bygd som berre satsar på turisme. Vikingfjorden med vikingskip er vel det fremste symbolet på kor fortidsbaserte og bakoverskuande dei folka er som styret showet. Det er jo ikkje rart det stagnerar. Folk jobbar i Førde og Dale og andre stader. Kor mange jobbar vel i Bygstad? Der er ingen nye, interessante arbeidsplassar, utover dei ein mekker sjølv, heime på soverommet, altså om ein jobbar via nettet med eiga bedrift. Ellers er du tvingande nødt til å jobbe på butikken, køyre taxi eller pendle til Førde. Jada, pendle er ok, men når skal Bygstad kunne tilby ein interessant arbeidsplass? Om femti år? I mellomtida kjem vel trehundre nye vikingskip på fjorden. Det er faktisk heilt utrulig at folk får økonomisk støtte til å på denne måten få ei heil bygd til å framstå som tilbakeståande.

Dette er eit glitrande eksempel på ein konservativ stad som ikkje har forstått kva som er greia med år 2010. Fortset dei på denne måten, vil eg tru at alle som bur der, om få år, må gravleggast i vikingskip.

Lat meg ta eit lite eksempel. Røros er ein stad spekka med historie. Er det sexy? NÅr folk er ute etter ein stad å bu, flyttar dei ikkje inn i vikingtida. Då vil dei ha ein streit, vanlig stad der dei kan ha seg eit hus, eit par ungar og ein jobb. Det blir stadig meir viktig for folk kva omdøme staden har. Så kva omdøme har Bygstad, der eg kjem frå? Greit nok. Dei har sjølvsagt fin natur. Så har dei Vikingfjorden som får det til å framstå som bakstreversk og ein virtuell nisseplass. Så har dei Tønna, ein aldeles fortreffelig uteplass, så dette er tommel opp. Ellers er flyplassen ein stor bonus og gjer staden svært lett tilgjengelig, om enn stygt overprisa billettar.

Så er det ti femten minutt til Førde. Det er fint. På skulen er dei same oldisane lærarar som då eg gjekk der. Det trekk ned. Eg hugsar fortsatt alle faktafeila eg lærte, blant anna av læraren i heimkunnskap som påstod vi hadde ein pose på spiserøret der alle tablettar la seg om vi ikkje svelde dei med eit glas vatn. Nærmare eventyr kjem ein knapt. Men ok. Barnehagen er ny iallefall, og skulen er ny.

Så har du bilverkstad, halvshabby internett og ein del skog som veks opp over alt. Egentlig, kva kan dei tilby? Kva er merkevara Bygstad? Eg syns Bygstad er fint, om enn overgrodd av skog. Men er det noko spesielt med staden, sånn i grunn? Ingen har hørt om den. INgen har hørt om Vikingfjorden, ingen har hørt om Storehesten, vårt monumentale fjell. Nei, eg forstår meg ikkje på dette med kor mange som skal ha hørt om noko før det har funka, men ein ting er sikkert. Bygstad, eller Gaular for den del, er ein stad som ikkje gjer ein pøkk for å få tilflyttarar dit. Ikkje ein pøkk. Dei henge med, såvidt, i svingane og er nøgde med det. Dei kjem til å overleve pga dei er så nære Førde. Kanksje driter dei i det. Kven veit.

1905 innbyggarar ekstra i år 2030. Store problemer med å skaffe seg høgt utdanna arbeidskraft. Eg skal sitere ein klok ung mann eg kjenner. Dette seier folk i Sogn og Fjordane opent ut:


”å bevare det vi har er beste våpen mot alskens nymotens skit som ungdomen likar.”

    • Har forøvrig vore her i dag og menga meg med kultursjefar og andre som håper dei vert regna som ein del av eliten når andre snakkar om den. Tafatt gjeng. Det florerte med menn i 50åra, med Fylkesbaatane T-skjorte spent som eit segl over ein alt for tjukk mage, ekkel kaffiånde og med tanken om at å bevare det vi har er beste våpen mot alskens nymotens skit som ungdomen likar.
    • Desse var para med overentusiastiske kvinner i samme aldersgruppe, med svært fargefulle kreasjonar på både hode, hender og føtter, også med ekkel kaffiånde og syting om for lite pengar som unnskyldning for at dei ikkje får til noko. Hjelp. Dei treng å få fillerista seg litt slik at dei blir litt klamme i skinnsandalane som vart kjøpt på Kreta i '76. Dei treng å bli litt redde og utfordra.

    • Sitat: ung, profilert næringslivsmann frå Sogn og Fjordane. Han held nesten ikkje ut å bu i Sogn og Fjordan sjølv om han har ein kremjobb.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...