7. jul. 2009

Kulturkampen fortsetter

Den eine halvkveda visa slår den andre ihjel, gammel kunnskap mikses på ny og hamres ut, tankane stoppar opp og vi går alle i ring. Det er iallefall veldig lett å peike på kven det er som ikkje kjem til å bringe verda eit steg vidare, og som ikkje kjem opp med ein einaste ny tanke. Men i andedam, stasjon Oslo, treng ein ikkje tenke nytt for å taste hardt. Her er det nok å ha lyst til å blafre litt med bjellene i spaltane.

I andedam Oslo går vi alle på repeat, og hei kor det går.

Det smartaste eg har lese idag er dette sitatet frå Jørgen Lorentzen og Wenche Mühleisen i Aftenposten:

"det er ingen motsetning mellom evolusjonsteorien og humanistisk eller samfunnsvitenskapelig forskning på kjønn. Spørsmålet er grensene for de biologiske forklaringene i forhold til kvinner og menns intellekt, emosjonalitet og atferd."

Men igjen: dette er svææært gammelt nytt. Kva blir det neste som presenteres i spaltane? At jorda er rund?

Wiki om kulturkamp.