Gå til hovedinnhold

Telenor sitt rot med linjer og dårlege kundeservice, ei interessant observasjon frå Bygstad

Vi fekk i mange år ikkje installert internett her i Bygstad. Årsaka var, som Telenor påpeika, at det var ikkje bygd ut linje. Merkeleg, tenkte vi. Alle naboane har jo internett. Kvifor ikkje vi?


Etterkvart, etter purring og masing og diverse oppslag i Firda, orka Telenor å sjekke systemet sitt. Det viste seg at her var utbygd for internett. Men Telenor hadde rota vekk linja i systemet sitt. Dei visste ikkje at den eksisterte. Dei var også så elendige i geografi, og hadde ikkje orka sjekke, så dei hadde trudd at vi budde ein heilt annan stad på kartet enn kva som faktisk var tilfelle. Dei hadde rett og slett eit salig kaos i karta sine som fekk det til at vi budde ca på flyplassen. Det gjer vi då altså ikkje. 

Telenor sitt slurv og elendige kundeservice stansa derimot ikkje. Når dei først hadde klart å rote vekk ei linje, kunne dei like gjerne prøve seg med litt snusk i tillegg. Eventuelt er det berre uttrykk for ein låg komptanse i Telenors bedrift. At dei har ansett folk som rett og slett ikkje maktar utføre arbeidet sitt skikkeleg. Kven veit. Eg ser berre konsekvensane av det lite grundige arbeidet dei gjer.

Då dei skulle installere nett her i Bygstad første gong, leverte Telenor kun halvparten av den kapasiteten vi betalte for. For å få opp farta på nettet, bestilte vi eit betre abonnement, men framleis leverte Telenor kun halvparten av kapasiteteten i det første abonnementet. Dette gjorde dei heilt skamlaust og skulle ha betaling for det fram til dei vart avslørt, svindelen avdekka og dei måtte betale oss tilbake ein heil del pengar.





Her i Bygstad har eg siste par dagane hatt store problemer med internett. Etter å ha fungert bra eit par veker, har det no slått fullstendig krøll på seg sjølv. Å bu på bygda er hardt. Strømmen går og internett er nede.


Det trådlause nettet fungerer ikkje, så eg ringte til Telenors kundeservice 05000. Der fekk eg opplyst av ein usikker kundebehandlar som gjentok seg sjølv, at dei ikkje kan hjelpe meg med trådlaust internett, kun om eg har kabel. Men eg har då kontor i andre etasje. Sendaren står i første. Eg har problemer med det trådlause nettverket! Og det vi har bestilt og betalt for er eit trådlaust nettverk.

Nei, det kunne dei ingenting om. Dei kunne ingenting om trådlause internett. Det måtte eg da forstå. Dei sa også: er du sikker på at internettet ditt ikkje virker?

Ja, eg er sikker.

Jaha.

Så kvar kan eg få hjelp med trådlaust internett? spør eg.

Då må du ringe Telenor ekspert, og det kostar 26 kroner i minuttet, men du kan vere sikker på at utgiftene dine ved samtalen ikkje vil overstige 390 kroner. Kjem du opp i 390 kroner, ringer dei deg tilbake.

Jaha. Så dette er kundeservicen til Telenor? Når produktet DEI ikkje leverer ikkje funkar, så er det DU som skal betale? Og kvar er logikken i at det skal vere så dyrt å få hjelp med eit TRÅDLAUST internett?

Eg ventar fortsatt på hjelp frå Telenor. Denne bloggposten er posta i eit av dei augneblinka internett fungerer.

Det er då stor skilnad å ha datamaskin frå Dell og mobilabonnement hos OneCall. Der har du kundeservice og hjelp når du måtte ønske det. Og no kjem det flashbacks frå tida med Telenor-ab på starten av 2000-talet. Det var aldri hjelp å få. Ein gong sletta dei alle bonuspoenga mine. Ikkje eit fekk eg att.

Kvar er logikken i at det skal vere gratis å få hjelp med internett om du har kabel, medan det skal vere skamdyrt om du har trådlaust?? Telenor er skamlaust dårlege på kundeservice og elendige på geografi. At dei greier rote vekk ei heil l
Publiser innlegg
inje, fortel oss vel langt meir enn kva vi ønsker å vite.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...