Gå til hovedinnhold

Smil eller dø, smil og dø, eller berre dø: ulike teoriar om bygdeutvikling.

Deler av denne teksten er sensurert, og den er i bunn og grunn ein fake.

«Har du Georg som psykologhjelpar eller går det på fylkeskommunen sitt budsjett, det og? De er nokre knakar, vi tek dykk snart,» skreiv ein kar frå Nordfjord til meg på Facebook. Eg vart litt paff. Eg vert alltid litt paff når folk viser, skriftleg og lett dokumenterbart, at dei manglar eit eller anna vesentleg i toppboksen. Du sender nemleg ikkje slike meldingar om du er retteleg klok, men heldigvis, får ein sei, er ikkje alle retteleg kloke. Då hadde vi jo ikkje hatt nokon grunn til å sparke nedover.

Georg er Georg Arnestad. Han er forskar ved høgskulen i Sogndal, og det går ikkje an å skrive ei bok om Vestlandet utan å skrive om Arnestad. Mitt bekjentskap med Arnestad starta med at han meinte eg var litt bortinatta, iallefall ikkje den skarpaste kniven i den berømte skuffa. Etterkvart har han strekt seg så langt som å poste ein del av mine bloggpostar på Facebook-wallen sin med kommentarar av typen «Har Anne Viken eit godt poeng igjen?» Stig Eikås rasa i Firda mot kulturelitekonstellasjonar mellom Georg Arnestad, Katrine Sele (kulturjournalist i Firda) og Anne Viken, den sniken. 

Er det ein stad kulturelitehatet står sterkt, så er det på bygda. Sogn og Fjordane er sjølv kroppsleggjeringa av Bygda, frå mitt perspektiv. Dette er ikkje negativt, ei heller positivt. Det er ei stadfesting av eit samfunnsfenom: bygdesamfunnet i år 2011, klistra inn mellom stereotype analyserammer. Og dette får Sogn og Fjordane tåle. Dei er Bygda på alle nivå, utan skikkeleg internett og med vegar smale som sytråd. Ein må beint fram ha spesielle interesser av balansekunst for å leve her. Du lever på dugnad og bur du på rett stad, kan du risikere og bli drept kvar einaste dag på veg til jobb av snøras eller beint fram av at vegen forsvinn på fjorden. Slikt liv krev sterke nervar.

Haha, tenkte eg om gubben som kalte meg knarkar. Du er dum. Og han er antagelegvis dum. For du sender ikkje slike meldingar om du har litt omløp. Iallefall ikkje når du har passert femti. Då forventar vi at vettet har klikka inn. Dermed kan ein trygt klippe ut meldinga, legge den i arkivet og bruke den ved passelege anledningar, som når ein skal skrive dette kapittelet. Men dumme folk blir eit problem den dagen dei får innflytelse. 

Dette er ei frekk og fornærmande hypotese, men eg har lurt på om dumme folk har større spelerom ute på bygda enn i byen. Dette må nødvendigvis stemme all den tid det er lettare å gjere karriere på bygda enn i byen. Det er iallefall det Framtidsfylket fortel oss.

Ver positiv –flink i pink.

Smile or die: How positive thinking Fooled America and The World er det ei bok som heiter. Den er skriven av Barbara Ehrenreich. Eg vil tru den same teorien kan anvendast på Sogn og Fjordane.

"Sogn og Fjordane byr på spennande jobbar og vekstarenaer i mange næringsklynger. Framtidsfylket er for menneske som vil ha både i pose og sekk: ein spennande karriere og eit aktivt liv i fantastiske omgjevnader.» Sjølvsagt er teksten på nynorsk. Ellers hadde dei fått med Magni Øverbotten ved Nynorsk Mediesenter og gjere. Ho sender ut rasande epostar til alle som vågar seg på ein liten bokmålsvri.

Men her trengs det visst litt modifikasjonar. Mest av alt er vel Sogn og Fjordane fylket for deg som ikkje treng i pose og sekk, men som kan sei frå deg ein del goder i byte mot å få bu akkurat her. Eksempelvis som er villeg til å droppe den spennande karrieren fordi du heller vil bu på bygda, som er villeg til å avkall på eit faglegsosialt miljø til fordel for den einsame grundertilveret på ei aude øy. Ikkje noko gale i det, for all del. 

Ein snakkar støtt og stadig om at Moods of Norway kjem frå Breim, men alle veit jo at Moods mest av alt held til alle andre stadar enn i Breim. Om Moods blei i Breim, ville dei aldri få suksess. Dei må ut dit det skjer. Og det er ikkje i Sogn og Fjordane. Face it. Her skjer ein del, men det skjer meir andre stader.

Mange meiner ein er negativ om ein påpeiker det openbare fakta, men fakta må vere lov å peike på midt mellom rosa pastell rundt den sjukeleg positive merkevara Framtidsfylket, tydeleg er tungt inspirert av smilekultur, så tydeleg at det blir ein helsefare, iallefall for utviklinga. I «Smile or die» påpeiker Ehrenreich at den positive tenkinga førte USA inn i den økonomiske krisa. Eg vil tru den same teorien kan forklare folketalsstagnasjonen og samfunnsstagnasjonen i Sogn og Fjordane.

Men dette er eit tveegga sverd. Medan ein på eine sida seier «ingenting er gale med oss, og alt går så bra (falsk positiv)», så seier ein på den andre sida nei til alt som luktar av nytt (ekte negativ). Summen har, som all praksis viser oss, blitt eit samfunn som no må tenke på korleis ein skal organisere sine vidaregåande skular fordi folketalet kort sagt synk. Det er ikkje så mange elevar igjen.

«Smil, du skal flytte til Framtidsfylket i rosa pastell», er ein tung motkultur til det gråhåra gubbeveldet som veltar seg i eige spekeflesk på Fylkestinget. Det hjelp ikkje å trimme på fjellet kvar einaste dag når ein har tippa seksti og håret skulle ha vore grått. Ein er ikkje ung lenger og bør sleppe andre til.

Og så vidare. 

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...