Eg er feminist. Trur eg sjøl i alle fall. Av og til lurer eg litt. Eg vil for eksempel gjerne stille opp naken på framsida av klassekampen, men når ikkje ein gong simone de bever kan gjere det utan å skape sjokkbølger og rasande debatt innover i det feministiske miljøet, så kan vel ikkje eg gjere det heller. Lat oss legge lista med ein gong. Eg føler meg undertrykt. Av feministane.
Problemstillingen er altså denne: aller helst ville eg kaste kleda på framsida av nærmaste avis, men dette strider mot all feministisk tankegang. Eller finnast det argumenter i feminismen som seier at ja, kast kleda, vis puppa, spre beina og blott deg i dagspressa?
For å finne argumenter drog eg å skaffa eit urepresentativt utvalg meir eller mindre feministiske bøker. Det er jo trass alt snart kvinnedag og eg føler for å lette på skjørteet.
Men først av alt. Kvifor vil eg ha nakne naturlige kvinner i dagspressa?
Per i dag er det berre FHM og Vi menn blant dags- og vekebladpressa som trykker nakenbilder av kvinner. I tillegg trykker Dagbladet og VG med jevne mellomrom bilder av naken kropp men då ofte som ein illustrasjon på sexspalter, eller sånn for du diggere orgasme-saker. Kvinnekroppen knyttes nesten utelatande til sex. Det er dette eg vil endre. Min kropp kan brukes til ein heil del andre ting enn sex, feks studere russisk. Ingen trykker kvinner slik kvinner er, og om nokon gjer det, blir det ramaskrik. Eg har close to perfect figur.
Matlary vart, som kjent, stempla som den o store mørkekvinnen av dåverande politikk- og debattredaktør i Fett Martine Aurdal ved lanseringa av Fett i 2004. Matlyar har, meg bekjent., aldri posert naken på framsida av offentlige publikasjonar, men uansett. Matlary er ein relevant samfunnsdebattant, lik det eller ei, og i boka si spør professoren: Kva er kvinners viktigaste utfordringar i dag? Er det seksuelt overførbare sjukdommar? Er det eit liberalt sexliv? Er det lønn? Utdanning? Barneoppdragelse?
Tja.
For meg som single ung kvinne med høgare utdannelse og lett for å få orgasme, er dette eit enkelt spørsmål. Det er dei seksuelt overførbare sjukdomane. Er det ikkje sopp, så er det clamydia, og har du uflaks får du HIV. Matlary gjer heilt rett når ho i boka si viser til at deltakere på Beijing-konferansen i 95, beskreiv menn som en hindring for kvinners framgang. Jævla mannfolk. Er det ikkje det eine, er det det andre, og er ein ein mann bra i senga, kan du vere sikker på at han har clamydia.
Eg etterlyser ei feministisk bok i sjekking. Korleis sjekkar ein feminist? ”Hei, kor fint palestinaskjerf du har, eventuelt berre heilt vanlig eller frekk og dirty?”
Men sjekker eg menn, kan eg risikere å bli gift og undertrykt. Eg kan miste jobben om eg får unger, eg kan risikere å måtte tilbringe årevis på rygg og eg blir kun avbilda naken i manneblad. Det er kort sagt grusomt, og snart er det kvinnedagen. Eg vil publiseres i Dagsavisen.
Men tilbake til professor Matlary. Boka hennar har som grunnleggande prinsipp at menn og kvinner er ulike frå naturen si side. Ho skriv blant anna dette: (og det at eg har lese boka hennar betyr ikkje at eg er einig med ho). Direkte sitater frå boka På kvinners premisser av Janne Haaland Matlary:
s.11: Kvinner trenger mer enn likestilling for å bli likestilt fordi kvinner og menn er veldig forskjellige, både biologisk og på andre måter.
s.17: Det gode liv for en kvinne i vårt moderne vestlige samfunn berører tre atmosfærer: familie, arbeidsliv og politikk.
s.18: Kvinner i dagens vestlige samfunn er ofte usikre på sin femininitet. De har trodd de ville bli mektige og frigjorte ved å imitere menn.
s.26: Istedenfor å sette fokus på hva en kvinne virkelig er, har feminismen ofte hatt et aggressivt menneskesyn der de to kjønnene er opptatt av maktkamp.
s.70: Mødre vet hvor eksisensielt viktig det er å være mor.
s.71: Utviklingen går mot fullstendig nihilisme når det gjelder sex. Resultatet er en fri markedsmentalitet som gjør verdier til varer som kan kjøpes og selges.
s.74: En måte å ta fra mor retten til å realisere morsrollen, er ganske enkelt å tvinge kvinner ut i arbeidslivet.
Er mor viktigare enn far? Spør matlary i boka si, og svarar ja. Ho snakkar vidare om den primitive 70-tallsfeminismen som ho meinar ødela mykje når det gjeld respekt og status ved det å vere mor. Matlary meinar mor av feministane blei stempla som ei passiv, heimeverande kvinne som var dum nok til å få mange barn.
Ei anna bok eg har lese i mi jakt på argumenter for kvifor eg skal bli avbilda naken på framsida av Dagsavisen, er Råtekst. Råtekst er ei samling tekstar av unge norske kvinner som kom ut i 1999. her listar unge kvinner opp argumenter for kvifor dei er feministar. Her finn ein ein del personlige historier, samt ein del slagordaktige formuleringar som kan skrivast ned i ei notatbok du kan ta fram når mørke tankar trenger seg på. For eksempel denne:
”Når du gjer noko du sjølv vil, sjølv om du egentlig ikjke er tøff nok, vil du aldri bytte med dei som ikkje tok sjansen.” Det slagordet her klarer eg ikkje å tolke.
Argument lese frå bok følger på bildene under:
Ei anna samling tekstar av unge feministar, finn du i svenske Fittstim som også kom i 1999. her er blant anna Stephen King sitert: Sometimes being a bitch is the only thing a woman has to hold on to. Eit anna fint sitat her er You can’t win them all- alle kan ikjke elske deg. Ellers er boka mykje lik Råtekst, og eg må vel egentlig innrømme, at sjølv om dette er ganske koselige bøker, så er dei litt kjedelige. Litt i sjanger alla den liksom revolusjonerande boka Rosa Prosa som kom på kvinnedagen for to år sidan.
Eg anbefaler med andre ord ikkje feministiske tekstsamlingar. Då er det faktisk meir interessant å lese Matlary. Ho provoserer i det minste når ho skriv at menn frå naturens side er meir aggressive enn kvinner. Er menn virkelig det? Det er absolutt verdt å vite kva desse kristenkonservative kvinnene meinar. Konservative vindar bles over Europa og da kan det absolutt relevant å vite kva som er grunnlaget for deira retorikk dersom vi skal battle dei i kampen for kvinners rettar. I tillegg må dei jo lese Simone som er min altoverskuggande favorittfeminist.
Hm, men tilbake til mi opprinnelige problemstilling. Eg fant faktisk ikkje ut korvidt eg kan finne argumenter for at eg må stille opp naken på framsida av Dagsavisen og Klassekampen. Mitt beste argument er det eg hadde frå før, og det er at kroppen min er kjempenaturlig. I mellomtida får eg prøve å kapre meg ein mann (woohaaaa).