Tirsdag 21.april kl 17 og utover er det duka for folkemøte med mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk på Verftet i Bergen under overskrifta "Har norsk matproduksjon noko å tilby?" Fram mot dette møtet kjem eg til å publisere ein artikkelserie som før har vore publisert i avisa Dag og Tid om norsk matproduksjon, her på bloggen, samt skrive litt om kva eg tenker, røffe tanker, om matproduksjon. Eg er utdanna i veterinærmedisin og det er fagkunnskap og praktisk erfaring, ikkje tilfeldig synsing, eg bygger min argumentasjon på.
Merkevarebløff?
Først kan eg starte med å spørre: er det sant når ein framstiller norsk landbruk som idyll: utegåande griser som veltar seg i søla, høner på tunet? Er dette ønsketenkning eller forbrukarbedrag? Sjå på denne barneboka "Barnas husdyrbok" som eg kom over igår.
Den er eit glimrande eksempel på eit av paradoksa i norsk matproduksjon: bileta viser gris som bader i gjørme medan sanninga om norsk gris er betonggolv, bogsår og industri. Den viser høner og kylling ute på tunet, medan sanninga om norsk kylling er innendørs oppdrett i varme og støv, og som lever sitt korte liv tynga av overvekt. Skal desse dyra framstillast som utendørs, frittgåande, sunne - når sanninga er innendørs, fastlåste og ofte sjuke med sår? Greit nok, ein kan alltid forsvare seg med at det er verre andre stader, i andre land, men er dette eit argument for å framstille norsk landbruk som betre enn det er? Eg vil sei nei. Heller enn å servere eit glansbilde frå landbruket bør ein heller søke å gjere norsk landbruk så godt som mulig. Spar oss heller for dei falske merkevarene. Skal ein eksempelvis vere klimavennlig, kan ein ikkje male bilen sin grøn og sei at den er meir miljøvennlig enn ein gul bil. Ei heller hjelp det å framstille norsk landbruk som idyll om dette i stor grad kun er ei maske: oss kontra verda, og vi er betre. Korleis kan ein då få forbetringar? Her kunne eg ha lista opp mangt og mykje, men av hensyn til nyhendeverdien og journalister som flakser innom her, sparer eg lista mi til stoff for papirpressen. Og dette er ikkje meint som hardnakka kritikk mot norsk landbruk, sektoren har det ikkje økonomisk enkelt, men eg trur ikkje det hjelper å framstille seg sjølv som noko anna enn ein er. Dette er vanskelig, men det må tenkast på. Kva vil norsk landbruk vere?
Eg har før flagga eit ønske om kafe-kultur til bygda, og medan eg var ute å reiste i Sogn og Fjordane sommaren 2008 for å lage reportasjeserien for Dag og Tid, kartla eg kafelivet i fylket. Resultatet var blant anna Osabua på Viksdalen, Nærleiken i Eikefjorden, kafeen på Mundal Hotell i Fjærland og kafe Didriks på Eid. Her fanst det god mat og god kaffe. Men ikkje alle vil ha det slik. Til og med på lesarbrevplass i Firda har eg lese at "dei der kaffedrikkande folka som har flytta ut og blitt avhengige av kaffe latte, vil vi ikkje ha tilbake til bygda. Dei treng vi ikkje", skreiv den sinte kvinna. Kvifor skreiv ho det? Er bygda som den alltid har vore? Skal bygda forbli slik den har vore til evig tid? Kva med bloggarane? Kva med internett? Kva med norsk matproduksjon? Og kvifor ikkje kaffe latte, seier eg, sjølv om eg ikkje liker kaffe latte. Eg drikk kaffen svart, så svart som mulig, men gjerne på kafe, men eg vil ha dei andre historiene om bygde-Norge, og eg vil gjerne ha dei historiene om matproduksjon som gjer at vi kan ta reelle val kva framtida til norsk matproduksjon angår.
Den globale marknaden for mat
Bygde-Norge er også del av ein globalt matmarknad. Der vi sit på våre små vestlandsgardar og rakar på gras i bratte bakkar, er det lett å tenke at det er eit fæla slit. Då eg var fem veker i India i desember og januar på feltarbeid i veterinærmedisin, såg ein virkelig korleis global handel virkar lokalt på landbruk og dyrehald. Det var som å lande midt oppe i alle problema ein før har lese og høyrt om. Dei var med eit heilt innpå. Dei raka ikkje gras i bratte bakkar. Dei hadde knapt nok gras til dyra. Kva fortel dette meg?
From India |
Blant anna kom ein tett innpå korleis økonomiske soner et seg inn i arealet, og korleis Indias ønske om å delta i den globale handelen påvirkar matproduksjonen, korleis arealet skrumpar og ein må kutte ned på husdyrhald, korleis tørke og økologi spelar inn, og korleis vankunna frå sentralt hald gir teoretisk papirstyring lokalt som overhodet ikkje fungerer. Lat meg ta to eksempel: den intensive produksjonen av BT-bomull (genmodifisert bomull frå Monstanto), og utlevering av høgproduktive importerte dyrerasar til fattige menneske som ikkje evner å skaffe desse dyra nok mat. Konsekvensane av industrialisering og ein global marknad, er enorme, og her sit vi på kafeane våre ute på bygda med blondedukar og vurderer om vi skal produsere økologisk eller konvensjonelt. Norge er eit lite land, men Norge treng mat og i følge IPCC er Norge eit av dei landa der vi faktisk vil kunne produsere mat i framtida. Så kva skal vi gjere? Legge ned i same farten som vi gjer per i dag? Er det bærekraftig i ein global samanheng?
Mi oppgåve i veterinærmedisin og feltarbeidet rundt vil bli publisert som ein større reportasjeserie med tekst og bilder i avisa Klassekampen i påskeferien, samt som artiklar i Veterinærtidsskriftet. (Her er ein serie bilete frå India).
Bloggarane frå bygda
Dette er vanskelig og spørsmåla er mange. Korleis skal ein få fram historiene frå bygde-Norge og norsk matproduksjon? Kvifor ikkje gjennom bloggar! "Bort med klisjeane vi ikkje trur på - gi oss bloggarane frå bygda!" Det er på tide å kaste av seg bunadsimaget (brenn bunadane) og få fram det virkelige bygde-Norge. Kutt ut bunadsmisbruket. Gi oss real markedsføring som vi trur på. Men dette kjem vi tilbake til litt lenger utpå våren. I mellomtida:
Her følger saka om økologiske og konvensjonelle bønder som har stått på trykk i Dag og Tid i september 2009. I denne forbindelse kan det vere nyttig å lese min kronikk om temaet "Dyrevelferd i økologisk husdyrhald". Tema som blir tatt opp i denne kronikken er betenkelig. (Eg gjer merksam på at det ikkje gjeld for dei som er intervjua i saka som står trykt under).
Idealistar eller marknadsbevisste kapitalistar
Økologiske melkebønder meiner dei har eit etisk perspektiv sjølv om dei ikkje grev ned kuhorn bak låven og går rundt i buserull. Det meiner dei konvensjonelle også.
Av (veterinærutdanna) AnneViken (tekst og foto)
Om ein ser på næringsverdien for deg som forbrukar, er økologiske og konvensjonelle matprodukt tilnærma identiske, og om ein ser på driftsformer, driv økologiske melkebønder på same måte som dei konvensjonelle. Fjøsa er bygd etter dei same måla, ein nyttar dei same dyrerasane, og kyrne får den same kosten. Skilnaden er at økologiske kyr får gras frå enger dyrka utan bruk av kunstgjødsel og sprøytemidler, samt at dei får økologisk kraftfôr. Uansett, kraftfôr får dei, og kraftfôr er produsert med bruk av både maskiner og olje. Så kvar ligg resten av skilnadene mellom konvensjonell og økologisk melkeproduksjon? I mentaliteten til bonden som driv?
Moralsk ansvar
-- Så kvifor driv du i konvensjonell samdrift?
-- Det økonomisk sett beste valget, hadde vore å selge garden og legge ned. Då hadde eg vore nesten gjeldfri, men vi har eit ansvar for å produsere mat, og for å drive jorda. Dermed gjer ein sånne nest beste valg. Vi kan kjøpe all mat frå fattige land, men det er ikkje moralsk rett, meiner eg. Vi synest det er viktig å ha store tankar om det vi driv med, samt å ha fokus på det moralske ansvaret det er å produsere mat, seier Ole Jakob Nedrebø (42), kulturskulerektor i Hyllestad og konvensjonell samdriftsbonde på Straumsneset i Fjaler.
From Dag og Tid reportasjebilder |
Nest beste valg var her å investere i samdriftsfjøs saman med naboane snekkar Oddvar Åsnes (60) og fulltidsbonde Kjartan Åsnes (39), og starte opp SMOK – Straumsnes Melk og Kjøt. Dei bygde så nøkternt som mogeleg, og rekninga kom på 8,2 millionar kroner for fjøsen som opna 14.oktober 2007, ein god del dyrare enn først berekna. Fjøsen er ein klassisk lausdriftsfjøs.
-- Mat er det minste vi bør ha råd til å produsere i Noreg, seier Kjartan Åsnes.
Årsaka til at dei gjekk saman i samdrift, var eit ønskje om å halde jorda i hevd og produsere mat, samstundes som dei var økonomisk avhengige av arbeid utanom garden. Dermed slo dei seg saman for å begrense arbeidsbelastninga samt sikre vidare drift av gardane. Den viktigaste skilnaden frå før vi gjekk saman, er ein ny og betre arbeidsplass, samt ordna arbeidstid, ferie og fritid. Det sosiale er også viktig, at ein slepp arbeide aleine heile tida.
Urban befolkning
I 2007 utgjorde jordbruket 2,3 prosent av den totale sysselsettinga i Noreg, og 0,5 prosent av BNP, men til tross for låge tal, finst det knapt eit politisk meir brennbart tema i Noreg enn matproduksjon. Bøndene blir både i intellektuelle, om enn ikkje spesielt kunnskapsrike, og i mindre intellektuelle miljø uthengt som snyltarar som vassar i store traktorar og bidreg til at folk i sør svelt ihjel.
Stadig fleire veks opp i urbane strøk utan den same kontakten med bygda som folk hadde før, men uansett kvar folk veks opp, har dei meiningar om matproduksjon. Mat er til sjuande og sist noko vi alle treng, men distansen til matprodusenten, gjer at debatten rundt matproduksjonen i Noreg i dag i stor grad tufta på heilt andre ting enn kunnskap.
Nisjeproduksjon
Men kvifor kan dei ikkje drive med nisjeproduksjon? Småskala, lokal mat og økologiske produkt er jo i vinden som aldri før.
-- Småbrukarlaget har eit meir romantisk syn på landbruk, men alle kan ikkje drive med nisjeproduksjon, ikkje her. Om vi hadde budd like ved Bergen, kunne vi ha reist inn og selt varene våre på torget, men det kan vi ikkje. Det blir for langt, seier Nedrebø.
Men sjølv om SMOK ikkje driv nisjeproduksjon, driv dei heller ikkje spesielt storskala. Den som snakkar om industrilandbruk i Noreg, skulle tatt seg ein tur til dei virkelig store farmane i eksempelvis USA, der ein kan møte på fjøsar med 25 000 melkekyr, men ein treng heller ikkje reise lenger enn til Danmark for å sjå storskala landbruk. I Noreg hadde vi i 2007 13 700 jordbruksbedrifter med tilsaman 261 812 kyr. Det gir eit snitt på tjue kyr per bruk, og om ein set på seg globale briller og set ting inn i den store samanhengen der ting høyrer heime, ser ein raskt at SMOK driv eit lite småbruk.
-- Eit firma i Danmark heldt dei på å le seg ihjel då vi fortalde om dimensjonane på gjødselsiloen vi skulle bygge. Dei lurte på kva som var poenget med å bygge ein så liten silo. Dei var rett og slett ikkje interessert i å levere silo til oss. Dei laga ikkje så små siloar, seier Nedrebø.
Sverige gir ikkje støtte til å bygge fjøsar av denne mikrostørrelsen. Det blir for smått og lite konkurransedyktig i den internasjonale marknaden.
Økobønder størst
Sjølvforsyningsgraden har dei siste 25 åra halde seg stabilt rundt femti prosent. Jordbruket har gjennomgått ei rask utvikling mot færre og meir effektive bruk utan at jordbruksareal i drift har blitt noko mindre, og stikk i strid med det mange kanskje trur, er det dei økologiske melkebøndene som i snitt produserar mest melk. Medan snittet for konvensjonelle bruk i 2007 var på 112 000 liter melkekvote, låg økobøndene på 122 000 liter.
Forbrukarane etterspør økologiske produkt, og mange let til å tru at økologisk mat er produsert på gardsbruk som er langt mindre og langt koselegare enn konvensjonell mat, medan fakta er det motsette. Dei økologiske melkebruka er i snitt større enn dei konvensjonelle. Det er ein tendens at dei som satsar mest pengar og bygger størst, er økobønder, og tendensen vil halde fram, seier Gjermund Stormoen, ansvarleg for satsinga på økomelk i Tine på landsbasis til Nationen ifjor.
Og om ein spør seg kven som er dei mest marknadsbevisste av den økologiske bonden og den konvensjonelle, er det ikkje sikkert ein får det svaret ein venta seg. Økologisk landbruk er ikkje nusselege småbruk med to høner og ein sau, men økologisk er utvilsamt ei god merkevare sjølv om økologiske kyr står på bås aldri så mykje. Kanskje kan dette “falske imaget” vere godt for matsalget, sjølv om bøndene sjølv kanskje ikkje er like glade i myten om at dei er raddisar med høner på låven.
Idealistane borte
-- Dei som legg om av idealisme, er det nok ikkje så mange att av. Dei som legg om no, gjer det med tanke på økonomi. Å drive økologisk kan gi betre økonomi i gardsdrifta. For han eg driv saman med, var det uaktuelt å legge om til økologisk før vi visste at vi fekk betalt for det. Å legge om til ein dyrare produksjon utan å få betre betalt, hadde vore uaktuelt for oss begge, seier Johannes Eggen Mundal.
Eggen Mundal driv økologisk i samdrift i Fjærland, men sjølv om han får økotillegg per liter melk, blir melka i første omgang blanda med konvensjonell melke og levert til butikken i vanlege melkekartongar. Meieriet har rett og slett ikkje nok økoprodusentar i sin leveringskrets til å kunne starte opp ein eigen produksjon av økomelk til forbrukarane, men økotillegget får samdrifta sjølv om den ikkje er ferdig med å legge om til økologisk.
Årsaka til det siste er at ein ønskjer å oppmuntre bøndene til å produsere økologisk for å mette etterspørselen etter økoprodukt på den norske marknaden. Regjeringas målsetning er at 15 prosent av matproduksjonen skal vere økologisk innan 2015. I 2007 var 3,7 prosent av norsk jordbruksareal økologisk drive, og i dag er det over 2 000 økoprodusentar i Noreg, men tala stig ikkje merkbart. Når ein ny kjem til, forsvinn andre. Økonomien er ein viktig faktor. Økobøndene er ikkje idealistiske raddisar. Dei treng pengar på linje med alle andre.
Det økologiske kraftfôret er dyrare enn det konvensjonelle, og ein får mindre avling per areal. Difor får produsentane av økomelk rundt åtti øre ekstra per liter melk, femti kroner ekstra i tilskot per dekar mark, samt omleggingstilskot.
I Bondelagets studiehefte for landbrukspolitikk 2008 kan ein lese at økologisk landbruk blei etablert som eit korrektiv til det konvensjonelle landbruket. Mange bønder såg på dei økologiske bøndene som skjeggete, miljøfreaka mannfolk med busserull eller strikkejakke, og damer i lange skjørt med lilla skjerf som dreiv med mystiske gjeremål. Kuhorn vart grevne ned bak låven, og månefasar heller enn ver og vind, bestemte tidspunkt for såing.
Myten om økobonden kan ein med andre ord slenge på hylla, og erstatte med ord som merkevareorientert, inntektsbevisst, samt interessert i berekraftig matproduksjon. Med andre ord mykje det same som konvensjonelle bønder.
From Dag og Tid reportasjebilder |
Det folk vil ha
Marknadsstrategiar ligg også til grunn for kvifor ein bør drive økologisk i Noreg.
-- Eg har hevda at om ikkje norske bønder greier å fylle etterspurnaden i marknaden, vil butikkjedane importere økoprodukt, og det er det ikkje økobøndene som taper på, men dei konvensjonelle. Eg føler det er større forståelse for dette no enn for kort tid sidan, også blant konvensjonelle. Vi må levere det markedet vil ha, og difor er det viktig at ein gjer økonomiske grep slik at folk legg om til økologisk.
Eggen Mundal meiner ein heller enn å konkurrere økologiske og konvensjonelle seg imellom, bør samarbeide om å marknadsføre norsk mat, og vil velge lokalprodusert mat framfor importert økologisk, uansett om den lokalproduserte maten er konvensjonell. Årsaka er at dei generelle kontrollordningane rundt matproduksjon i Noreg er såpass strenge at kvaliteten er høg både på økologiske og konvensjonelle produkt, samt at importert mat er transporter kloden rundt med dei utslepp dette medfører.
-- Det var ein gong ein kar som sa det at økologiske produkt er for sånne universitetsfolk, ein elite som har råd til å betale det ekstra det kostar å produsere økomat. Difor meinte han økobøndene ikkje skulle få meir støtte enn dei konvensjonelle, men økomat er ikkje berre for eliten lenger. Eg trur også at det har skjedd ei forandring i konvensjonelle bønders haldingar til økologiske. No er det ein lausare tone, og ein aksepterer at også økomat må ha ein plass.
Vegen er humpete og full av stein der den svingar seg mellom fjella opp til stølen. Her beitar økologiske og konvensjonelle kyr side om side mellom stein og bregner, utmarksbeita er fri for både kunstgjødsel og sprøytemidlar. På same måte går økologiske og konvensjonelle sauer som også beitar side om side. Eggen Mundal har eit rasjonelt forhald til å drive økologisk, og rasjonelt er ofte, men langt frå alltid, det same som byråkratisk papirkunnskap. Han poserer på bilete saman med ei konvensjonell ku.
Lokale tilhøve
På dagtid er bygda tom, då er her kun pensjonistar, så ein arbeidsplass i bygda er viktig, seier Ole Jakob Nedrebø, og Kjartan Åsnes tilføyer at det er viktig at bygda ser fin ut og ikkje gror att. Det er ikkje kjekt å køyre forbi når alt ligg brakk.
-- Kvifor driv de ikkje økologisk?
-- Ein må drive med det dei lokale tilhøva tilseier, og at dette blir framstilt som uvilje mot økologisk, irriterar meg. Her ute ved kysten er det verken klima eller jord til å drive økologisk, seier Nedrebø.
-- Vi måtte ha hatt mykje større areal til fôrdyrking, og jobba oss ihjel, men dei som driv økologisk får betre betalt enn oss, og det er det vel verdt. Vi må tilpasse oss det regelverket som er, konkluderar Åsnes.
Og marknaden.
Andre saker i serien hos Dag og Tid: Fjordhesten (For gud eller ryttar), Sauen (Trendbøndene), Bjørnen (Udyra kjem) og Hjorten (Hjort på billegsalg).
t