Gå til hovedinnhold

Dårlige argument mot utbygging

Utkantstrøk har ikkje argumentasjonen i orden i kraft og vindmøllesakene. Difor snakkar ein om turistar som ikkje vil komme, samt bygd mot by.


Debatten om Hardanger har blitt eit spørsmål om sentralmakta si overkøyring av lokaldemokratiet enn spørsmål om kraftlinjer. Det har også blitt ein debatt om bortskremte turistar. Lat oss vere realistiske: dette handlar ikkje om nokon av delene.


Distrikts-Norge må ikkje redusere seg sjølv til turistområder og nasjonalromantiske utstillingslokale. Ein må ha betre sjølvtillit enn som så. Med dette meiner eg ikkje å sei ja til kraftlinje i Hardanger. Eg meiner å sei nei til den destruktiv «bygd mot by»-debatten. Hardangersaka handlar ikkje om bygd mot by, men om at unik natur møter problemstillingar knytt til moderne samfunnsutvikling. Det er dette ein må diskutere. Her har ein ein real mulighet til å diskutere klima, miljø og natur, ikkje krangle om bygd versus by.


Ein må legge bort turistargumentet, og innover seg det faktum at dei færraste turistar vil unngå eit unikt område berre fordi det er berørt av menneskelig aktivitet. Den handfulla med turistar som eventuelt held seg borte, er i seg sjølv ikkje argument godt nok verken mot vindmøller langs kysten eller master i Hardanger. Difor er det underlig å sjå korleis store delar av debatten blir bygd opp rundt det svært svake turistargumentet.


Ei satsing på turisme tilseier også at ein satsar på ein sektor som i liten grad treng høgt utdanna arbeidskraft. Det er ein sektor som i stor grad baserer seg på ufaglært arbeidskraft og sesongarbeid, medan det i framtida vil vere høgt utdanna arbeidskraft som vil utgjere geografiske områders konkurransekapital. Områder som vil vekse, treng høgt utdanna arbeidskraft, men å tiltrekke seg denne, krev satsing på moderne samfunnsutvikling og kultur mynta på fastbuande. Turistargumentet er lite framtidsretta, og konkurranseargumentet er i seg sjølv eit argument mot turismesatsinga. Men turismeargumentet er dessverre den lettvinte løysinga ein ofte grip til i utbyggingsdebattar. Det er tafatt og lite framtidsretta. Dette betyr ikkje dermed at ein ikkje skal ha turisme. Ein kan ha både og, men legge mindre vekt på turismeargumentasjonen.


Debatten må dreie seg om korleis skape leve- og konkurransedyktige lokalsamfunn. Først då blir den matnyttig.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...