Gå til hovedinnhold

Eg kjem med barnebok på Samlaget til høsten

Livet i ein ekte veterinærpraksis med hest

Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den avsidesliggande Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treff ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, men dei kvite hestane i Tordenbygda er ikkje som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Hakket for farleg.


Debutboka til Anne Viken er basert på livet i ein verkeleg veterinærpraksis med ekte pasientar, ekte dyreeigarar og ekte veterinærmysterier.

Aldersgruppe 10 +



Omslagsdesigner er Øystein Vidnes.

Meir informasjon kjem til å bli lagt ut etterkvart i høgre hjørne oppe på denne bloggen. Følg med!

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...