12. jan. 2010

Å hoppe etter Knausgård/ Wirkola

Romanen som vi kjenner den er død.

Heretter gjeld det å skrive om tingene, livet og historien å ein måte vi ikkje har sett før.

Eg får følelsen av at det blir som å hoppe etter Wirkola: å hoppe etter Knausgård. Eventuelt å hoppe etter mediesuggesjonen og den massive ja-vi-elsker-Knausgård-hypen, eller den omvendte Knaustgård-er-teit,- det-må-du-skjønne-fordi-eg-skjønner-det.

Fordi det måtte jo komme eit slikt vendepunkt i fortellingen om Knausgård i media... Fordi ein eller anna på eit eller anna tidspunkt tenkte at nok var nok skryt. Akk så forutsigbart.

Difor vart eg svært begeistra for for denne kronikken til Lorentzen idag. Til forskjell frå ei rekke andre kommentatorar som har vore ute (Morten Strøksnes i BT osv), har Lorentzen noko å tilføre debatten. For medan Strøksnes ikkje klarer å komme over sin eigen navleknaus, klarer Lorentzen å gi oss eit interessant innspel. Heretter blir mediedebatten "å hoppe etter Lorentzen".