Gå til hovedinnhold

Ebba Haslund, Herbjørg Wassmo og Vigdis Hjorth: sterkt om kvinner, skjebnen og livet

I mangel av sverd heiter den tredje Ebba Haslund-boka i Haslund-Gigant frå Aschehoug. Den hadde ein treig start med ein traust gammal gubbe med solstikk som låg å ulte i søvne ved ein bassengkant før han fekk fire veker fri frå jobben og plasserte seg sjølv i tre vekers frivillig eksil på hytta slik menn som er lei av kjerringa og ser tilbake på den egentlige store kjærligheten ein gong for lenge sidan, ofte gjer. For det er mange som blir snytt for den store kjærligheten i Haslunds bøker. Som Anniken i "I mangel av sverd", kanskje også som hovedpersonen Espen Hoelfeldt. Og det er livet og døden, og alle slags skjebnar som blir innfiltra i kvarandre i Haslund sine bøker, igjen og igjen.

Det minnar om Vigdis Hjorth. (Les mitt Fett-portrett med Hjorth her). Men medan eg vil påstå Hjorths bøker, som i Hjulskift, Om bare og Tredjeperson entall, mest av alt handlar om enkeltkvinner med alle karakterar (familie, venner) svevande rundt desse kvinnene, handlar Haslunds bøker meir om heile familier. Sjølv om synsvinkelen i I mangel av sverd kun er Espen sin, skiftar synsvinklane heftig og utan varsel mellom dei ulike karakterane i både Døgnfluens lengsel og Behag og bedrag. Dette skjer ikkje i dei tre nevnte Hjorth-bøkene.

Hjorths bøker handlar dessutan i større grad om kvinneliv som sloss mot, eller er dritt lei av konvensjonar og forventningar, og ergo tek følgene av denne drittlei-følelsen. I Om bare: forlater gubb og ungar og stikker av med ein professor. I Hjulskift: professordama som er drittlei professorlivet og perfekte middagar på løkka og finn seg ein bilmekaniker. Tredjeperson entall: kvinna som gifter seg fornuftig, skiller seg og får ei rekke duds og ei akademisk karriere, havner på mentalsjukehus etter å ha drept/ forsøkt å drepe ein fyr, og ja.

Det handlar i stor grad om å komme seg unna konvensjonane, medan Haslunds kvinner lever og står i dei. Haslunds bøker handlar om kvinners liv i desse rollene, Hjorths bøker om kvinners liv før, i og etter at dei braut ut av desse rollene. Begge er feministisk plassert. Eg vil også nevne fantastiske Herbjørg Wassmos bøker Hundre år og Dinas bok, også om vanlige kvinner og deira liv. Sterke kvinner vil kanskje nokon sei, men dette handlar vel mest om alt om oss alle, for både Wassmo, Haslund og Hjorth maktar å veve inn i kvarandre, inn i kvar enkelt skikkelse, kvar skjebne og familie, så mange historier og hendelsar, eit slikt spekter av levd liv og følelsar, av alt som kan ramme eit menneske, at det er ja, imponerande. Kløkt og klokskap. Men medan Haslund og Wassmos kvinner er alt frå fiskarkvinner, fornuftige snille jenter og damer som aldri driver det til noko, er Hjorths kvinner akademiske karrierekvinner med evinnelige drittkjedelige middager på løkka, oftast på farta mot neste konferanse. Eg føretrekk faktisk Wassmo og Haslund.

I mangel av sverd viste seg etterkvart å vere ei både sterk og rørande bok, og eg satt igjen på slutten og tenkte: så ekstremt trist, eller nei. Eg tenkte: så ekstremt sterkt at mennesker fødes, lever og dør, og herre gud så fasinerande å lese om heilt vanlige mennesker og heilt vanlige liv. Og ja. Det var vel alt eg tenkte. Nokon bøker er vanskeligare å omtale enn andre. Eg er og blir ein stor Haslund-fan.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...