Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 19, 2010

"Mykje av kritikken som er komen mot deg som person vitnar om at kritikarane har dårleg språkleg/litterær kunnskap, lite sjølvironi og navleskuande.."

Kommentar frå bloggen: eg siterer heile kommentaren her: Eg må sei at eg er litt sjokkert over enkelte menneske sin manglande evne til å tolke språklege metaforar. Noko må ha gått gale i skulen ein plass. No skal det vel seiast at kronikken tidvis er sett på spissen så det held, og tilsynelatande har du fornærma eit heilt samfunn. Det morosame/ironien i det heile er jo at dei med sin umiddelbare aggresjon og nedslakting av innlegget hevar seg rett opp i bunadsligaen/eliteserien/ mafiaen. Nok ein gong måtte eg le då eg las det håplause innlegget du nemnar over. Etter mi meining er det utruleg at nokon som kallar seg akademikar kan lire av seg slikt tull. Evne til å skilje person og sak er ikkjeksisterande. Mykje av kritikken som er komen mot deg som person vitnar om at kritikarane har dårleg språkleg/litterær kunnskap, lite sjølvironi og navleskuande hovmod. Lite flatterande eigenskapar om du spør meg. Eg tykkjer det er flott at du set lys på denne debatten. Ein debatt som eg veit

Liv-Signe Navarsete misforstår i Firda idag

Svar til Navarsete: Les deg i Firda. Interessant. Tenkte berre eg ville påpeike ein ting. Du skulle ha lese det eg sa på det møtet i Førde. Her seier eg nemlig at mi merkevare er nettopp nynorsk, distrikt og slike verdiar, og at dette er det eg driver med. Du seier at det virker som eg tar avstand frå nettopp dette, og det er nett det eg ikkje gjer. EG brukar det aktivt som nettopp mine verdiar. Det er svært synd at du som statsråd seier dette i Firda, for det ødelegger mykje for debatten all den tid slike påstander om at eg tek avstand, undergrev heile debatten og fyrer opp under skepsis osv. blant anna skriv eg dette: Nynorskskrivande kvinner er den nye rocken, skriv Dagens Næringsliv. Den nye rocken betyr at vi er den nye motkulturen frå bygde-Norge, stemmer som set bygde-Norge på kartet og som skapar merksemd rundt nynorsk og distrikt. Vi skriv om distrikt på nynorsk, er stolte av det og brukar det som merkevare. Kallar du dette å ta avstand? Då har vi svært ulik definisjon av o

Polarisert debatt om Sogn og Fjordane

Debatten om Sogn og Fjordane engasjerer. Det er det liten tvil om. Og den virkar tidvis vere ganske polarisert. Folk er anten rasande på denne Anne Viken, eller dei formelig ropar inn i telefonen AT ALT DU SEIER ER SANT! Det er svært mange av dei sistnevnte, og ganske mange av dei førstnevnte.

Denne mannen har knekt Viken-koden:

Eg siterer Fredrik Hope frå Fjordaglimt: Sitatet er gjengitt med tillatelse frå Hope: Som ung spelemann, sp-ar og medlem i Noregs Målungdom, følte eg meg litt treft av Hovudoppslaget til Firda i dag. Men etter kvart som eg byrja å lese teksten inni avisa, skjønte eg fort at her hadde Firda “klipt og limt” nett so dei ville. So eg har no lest det opphavelege innleget ditt, og forstå meir kva du vil fram til. Du har monge gode poeng! Turistnæringa sitt einsretta fokus på “The local culture” er sikkert ikkje den beste måten å trekkje til seg nye innbyggjarar. Felespelande, bunadkledde huldre-jente og gamle gubbar som sit på kvar sin stein ute i skogen og spelar fele og bukkehorn, har nok begrensa tiltrekningskraft på nyutdanna akademikara. Sogn og fjordane er jo so mykje meir enn dette! Vi har Noregs einaste Operahus utanfor Oslo, nyskapande industriverksemder som jobbar med å utvikle meir miljøvenleg teknologi, eit stort potensial innan vindkraft og enkeltpersonar som står på for å drive