Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 1, 2009

India - Hyderabad

/ eg sit å høyrer på fuglekvitter og hinduhyl i ein supertørr park omgitt av mystiske lågtflygande fuglar og skrot/ / skrot er til for å kastast/ slengast ut bilvindu/ tette toalettavløp/ fylle kumagar/ tommer parkar/ byrom/ grassletter/ vere barnehage for kyllingar / hundar med høg hale/ skremte hundar/ laushundar med muskuløs kropp og glatt pels/ straidogs joggar/ loffar/ ruslar raskt gjennom krysset/ forbi porten/ bortover stien under palmetrea/ kråkeflokken/ rakettblomster, søv i veikryss/ har kvalpar i veikryss, er sjølvsikre med sterk hale/ sjølvsentrerte med territorium, blir av og til slått i bakhodet/ drept/ avliva, fanga i nett/ vaksinert mot galskap/ rabies/ / menn hostar/ harkar/ spyttar/ pissar/ snyt seg over alt, kvar kan eg sitte/ bakken er innpissa/ påspytta/ kvar centimeter dekka av kroppsvæsker, ingen leiar/ kosar/ klemmer, alle pissar/ snyt seg/ fis i trynet mitt/ fjeset mitt/ fasaden min/ / aper har sex i veikanten/ nøyaktig på asfaltkanten i store flokkar/ på lange