Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 7, 2010

Falske profetar i landbruket

I ei kjöttfarse av eit innlegg, tydeligvis skrive etter oppskrift til korleis ein kvernar kjötdeig (ein veit ikkje kva som er kva og kva som er i deiga til slutta) kvernar sjefen for kjöt, XX (eg har ikkje navnet her pga ei latterlig internettilkobling som ikkje lar meg lese verken nettaviser eller epost), ut ei remse av eit innlegg (ein kronikk i Nationen som komisk nok heiter "ikkje mobb Brekk, eller noko i den dur), som får meg til å tru at han skriv i rein kjöttfarserus. Diverre er ikkje dette malen for korleis skrive ein god kronikk. Gode kronikkar er som heil steik: ein veit kva ein har lese, eventuelt: ein veit kva som står der etter at ein har lese det. Eg har hevda det för og eg hevdar det igjen: landbruks-Norge og deira organisasjonar manglar gode retorikarar. Det blir platt, det blir flåsete og ei mengde klönete ord utan innhald. Kort sagt: det blir pinlig. Men alright. Til saken, eller kjöttfarsen om du vil. Lat oss ta det punktvis på eit realt nakkebiffnivå: 1) Br