Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 9, 2009

Offentlig mobbing av Hagen i mediene

Regjeringa mobbar enkeltpersonar. Eg kunne ikkje ha vore meir enig med Elin Ørjasæter i denne vekas Dag og Tid. Medias evige jakt på case, ein person å henge saka på. Og denne forklaringa som Ørjasæter trekk fram, er interessant: Magne Lindholm ved journalisthøgskulen seier at sidan den ideologiske tenkinga langt på veg er borte (frå mediene), og avisene blir meir og meir like, så er der lite anna å gripe tak i enn personleg umoral. Mediedekninga av Hagen-saken har minna meg om jakta på Valla. Personfokus, evig påpøsing av nye saker, den same vinklinga og like utspel frå person etter person/ minister, og det heile minnar om når journalister får blod på tann, jakter i flokk og kvar einaste kommaendring vert ei ny sak. Anten manglar vi gode journalistar i dei store mediene, ellers så skjer her for lite i dette landet. Eventuelt er der for få gravande reportere på jobb etter at ein har kutta ned på antal stillingar. Ei anna forklaring kan vere at ein prioriterer ikkje gode saker, men basi

Dogmatiske feminister som eit strukturelt problem

Her igår sat vi atter ein gong rundt eit bord i min bakgard, utan kaffe latte riktignok ettersom vi ikkje er kaffe latte-mennesker, men helst liker svart kaffe og sigg. Det var mørkt og dunkelt og vi hadde stearinlys. Stemningen var riktig god. Tema var feminisme. Skal ein ha lese seg opp på feministisk teori for å delta i debatt om feminisme? sa min venn. Dersom folks meininger om feminisme, ikkje spelar ei rolle har feminismen avskrive seg som relevant. Da blir feminisme kun eit begrep for dei som har definisjonsmakt frå før, og då får ein ingen progresjon. Der er per idag ingen progresjon i feministiske miljøer. Per idag er situasjonen denne: Det er dei same personane som igjen og igjen seier det same, og dei slepp ikkje andre til. Dette går i retning dogmatisme, sa min venn og tente ein ny sigarett sidan han ikkje liker kaffe latte. Men problemet er berre det at feminisme ikkje bør vere dogmatisk, all den tid dogmatikken verken er sjølvrefleksiv eller sjølvkritisk, men kun består a