Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 18, 2010

Måtte bunadsmafiaen brenne!

Siterer frå dagens debatt på nett. Dette innlegget på min blogg idag seier vel alt: "Innlegget ditt har gitt meg mang ein god latter i dag. Å sitere små utdrag frå kåseriet ditt der metaforisk chili var brukt utan å forklare samanhengen vitnar om dårleg dømmekraft og dårleg journalistikk. Kan vel også sei at eg heller ikkje er spesielt imponert over Firda, sånn på det jamne.. Måtte bunadsmafiaen brenne!!" Tiltredes av bloggmoderator. Ja måtte den brenne, og måtte den brenne ved høg temperatur.

Vi er den nye rocken!

Vi er den nye rocken. Kvinner frå bygda som brenner bunader, et menn til frokost og ellers lever eit liv i vanvidd og camel-rus.

Sanningar må av og til seiast,

Les Georg Arnestad sitt Førde-innlegg. Eg siterer direkte: Vel tre år seinare står altså Anne Viken, frå noksagtkommunen Gaular som Eli Bjørhusdal har formulert det, fram i fri dressur. Frittalande, uredd, ukonvensjonell, språkleg uelegant; ho skriv mest berre store bokstavar. Og Anne Viken vart heldigvis ikkje eit eingongsfenomen. Vi vert ikkje kvitt henne. Frå sin utkikksstad i Oslo har ho gitt høg lyd frå seg mange gonger. Ho har sett dagsorden for fleire debattar. Ho har fråkjent dei feige lokalavisene våre all ære. Det førte til ein stor debatt landet over. Ho har slakta imagepreget vårt. Utfordra nynorskingane og fått alle nynorskmoralistane på nakken. Gitt Sogn og Fjordane spalteplass omtale i Klassekampen, Aftenposten og BT. Blogga frå fjøsen heime i Bygstad. Skjelt ut miljøvernarane våre. Og no sist i BT i dag: erklært SogFj som bananrepublikk. Anne har utfordra mange. Ho brukar svært sterke og fargerike ord, og peikar ofte på det negative ved SogFj. Taparfylke. Folkeflukt. Fo