Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 11, 2010

Sommarens anbefaling: Osabua på Viksdalen: super burger og Viksdalen Hawaii fruktdrink

I Eldalsosen ligg Osabua. Det er på Viksdalen, rett ved der ein startar oppkøyringa til Gaularfjellet. Her likar eg å stoppe og ete. Det er fantastisk burger og fantastiske fruktdrinkar som attpåtil er alkoholfrie;) Her kan ein også sitte ute og nyte sommarveret like ved elva Gaula. Sommarens anbefaling frå meg. Eg stoppar ALLTID når eg drar forbi. No har også komikar Ole Johannes Övretveit i si treningsökt lagt inn eit fruktdrinkstopp på Osebua. Les bloggen her. Eg har testa ei rekke kafear i Sogn og Fjordane. Ja til kafekultur til bygda! Kommentaren er her: .

Arroganse eller ydmykhet i möte med verda?

Ein ting som er veldig digg, med å jobbe som dyrlege, er at eg jobber med folk som er litt ydmyke i sitt möte med verden, ikkje arrogant skråsikre i alle sine saker på grensa til idioti. Det er noko som heiter sunt folkevett, og det må eg sannelig sei eg liker å möte litt av, her ute på bygda. Sett i dette lys framstår den streberske besserwisserbestanden i lille, oksygenfattige Oslo som ein litt komisk parodi. Nokre lever i verden, nokre lever av å skape eit bilde av verden. Er den eine eller andre verden reell?