Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2010

No skal Clara Øberg starte annonsegransking

Denne annonsen skal no granskast, melder NRK . Det er Clara Øberg som ønsker granskning. Ja, kvifor ikkje bruke litt ressursar på å granske ei annonse. De har jo berre fått høyre at heile styret er eit terrorvelde, sjukehuset er drive på ein vanvittig måte og det er potensielt mulig at haugevis av ting og tang blir lagt ned - gud veit kva, eg orker ikkje følge med på alt. Og så skal de granske ei lita annonse? Kva med å sette inn energien der den heilt tydelig trengs? God påske.... zzzz .

Portrettintervju med Line Konstali i Klassekampen 27.mars

Trykk på bildene og dei blir store og leselige. Konstali er forfattar av boka "Ikke bare mamma",

Død feminisme

Klikk på artikkelen og den blir stor og leselig eller les teksten under her: Signert-artikkel frå Klassekampen 27.mars 2010. «De hardtslående alfahunnene synest først og fremst å invitere til politisk catfight, til latterliggjøring av de mange kvinnene som i dag oppfatter feminismen som en avleggs ideologi i vårt likestilte samfunn», skreiv Tor Dishington Johansen i omtalen av boka «Bråk» av Inngunn Yssen og Marie Simonsen i Bergens Tidende 15. mars. Men det er ikkje det Yssen og Simonsen trur at vi trur som er avleggs. Det som er avleggs er å fronte likestillingskampen med aggressiv retorikk, slik Simonsen og Yssen gjer. Den sinte retorikken er ikkje gangbar – om ein vil nå ut og ikkje berre skremme folk vekk, vel å merke. Men Yssen og Simonsen vil ikkje nå ut, med mindre det å vere i mediene er å nå ut. Men i det papiravisenes morgonutgåver klaskar i kjøkkenbordet, møter dei to sinte damene ein vegg. Vi er lei av negativiteten. Men dette bryr dei seg neppe om. Simonsen og Yssen frams

Søker sommerjobb som dyrlege

Har fordypning hestemedisin og er ein rakker på å køyre bil. Vil helst ha kombipraksis stordyr/ hest. Sikkert ikkje mange arbeidsgivere som leser denne bloggen, men uansett. Det er eit faktum at jobb søkes. .

Mi fordypningsoppgave frå Norges Veterinærhøgskole publisert som reportasje

Menn som bjeffer og kvinner som klorer. I skyggen av fugleinfluensa og HIV/AIDS, finner du de neglisjerte sykdommene som smitter fra dyr til mennesker. De opprettholder fattigdom og død. Denne reportasjen er basert på mi avsluttande oppgave i veterinærmedisin frå Norges Veterinærhøgskole og vart publisert i Klassekampen i påska 2009 som del av ein større serie om matproduksjon i India. Les meir og sjå bilder frå opphaldet her. Hyderabad, Andhra Pradesh, India 2008-09, veterinær Anne Viken (tekst og foto) Kommentar frå Dag og Tid om vold mot kvinner. Den største trusselen mot indiske kvinner er ikke Pakistan. Du er ikke mann om du ikke banker konen din. Han bjeffet som en hund og de puttet våte håndklær på hodet hans. Så døde han. Landsbyfolket slo ihjel alle løshundene etter dette. MEDAK DISTRICT, ANDHRA PRAESH: Vi sitter i et hus i landsbyen Gomaram, ti minutters kjøring fra sentrum i Medak som er Narsarpur by. Lyset strømmer inn fra et stort firkantethull i taket. Det er tidli

Les dagens Signert-artikkel i Klassekampen. DØD FEMINISME

Setter støvelen der den skal vere. Midt i ræva på sure kjerringer. Eit par responsar: En @anneviken gjør et voldsomt forsøk på å drepe @mariesimonsen i @klassekampen i dag. (sitat Twitter). Det er strålende hvordan du belyser feminisme-frekshow-tendensene. (sitat mail) Det er veldig morsomt når artikler genererer mykje respons. Det kan tyde på at ein har truffe spikern. Eller, det veit ein jo at ein har. Freakshow-poenget er så openbart at eg syns nesten det er litt rart at det har fått ligge til no. Artikkelen blir ikkje lagt på bloggen før ikveld pga sperrefristen. .

Les dagens portrett i Klassekampen

Eg har møtt Line Konstali , vår tids feminist, forfattar av boka "ikke bare mamma" Ta eit google-søk på Line Konstali og du vil finne masse info vel verdt å lese. Sjekk også ut det nystarta forumet hennar Grasrotfeministene. .

Skeptisk til medier i SFJ

Dette innlegget er ein fortsettelse på debattråden som ligg her , men fordi eg rett og slett har blitt litt skeptisk til Firda etter saka i januar, vil eg ikkje skrive på Fjordaglimt i den tråden meir enn littegranne. Å debattere her ( i SFJ/Firda) føles som å dunke skallen i stein. Dette seier eg ikkje for å slakte Firda, men fordi dette er den følelsen ein får etter feks den saka i januar der eg vart smelt utover framsida med krigstypar ute av alle kontekstar. Då er det er langt kjekkare å vere med på konferanser og den slags der ein saklig og skikkelig kan føre ordet og ta del i dialog, enn å bli spissa til døde på framsida. MEN der er eit men: konferanser går for lukka dører med høge honorarer, og er slik sett udemokratiske og folk får ikkje delta der beslutninger fattes og strategier legger og nettverk bygges. Men slik blir det når mediene fucker debatter med stålrør i ræva, og lager saker som den saka vi såg med meg i januar. For sjølv om utspelet var monstertøft, saka kongelig i

Det er på tide at sjefsbjellekua får smake litt offentlig debatt #hjernevask

Den feige Harriet Bjerrum Nielsen har ikkje sagt eit kvekk i denne debatten. No skal sjefen for Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, sjefsbjellekua, skal endelig ut på bana i Aftenpostens nettdebatt idag klokka 13. Måtte ho ha betaling for å stille, eller våga ho av seg sjølv? Det er på høg tid. Les Rolnes sin kronikk i Aftenposten . OBS. Hjernevask er ei ny form for gatevold, men i media. No syns eg snart det har gått for vidt. Alle går i takt, ingen tenker kritisk og det grenser snart til mobbing av Lorentzen. Og slik blir kompiskampen, som ei slags blodluktande presse som går i flokk. Kva med nye vinklar?? Var det ikkje det hjernevask skulle bidra med?? .

Halla Firda

som eit svar på denne bloggdebatten. Og ps Stang: bør ikkje avisa Firda heve seg over å gå etter enkeltpersonar med usaklige personangrep? Det er ganske pinlig å sjå kor ukontrollert sinte de blir, der borte i Firda. Som i januar då de gjekk i strupen på meg på ledarplass? Flaut. det er ein grunn til at de på presseseminar i Oslo blir trekt fram som eit medie omtalt som "GRØFTEMEDIE". Det er ikkje mitt ord. Det er henta frå NJs indre kretser, der de neppe set dykkar føter;) Så skal vi slutte fred, eller? Har de tenkt å misse besinnelsen gong på gong? Har de dårlig impulskontroll? Tåler de ikkje folk som tenker sjølvstendig og ser ei sak frå fleire sider? God påske! Og lukke til med kvalitetshevinga. Og eg veit godt kven som skreiv den infernalske leiaren dykkar. Takk for den, Sigurd Løseth. Der røk du til bånns på skalaen over journalistisk kvalitet.

Stagnasjonsfylket?

Innlegg på Fjordaglimt, vel verdt å lese. Noko av det beste eg har sett av innspel til mine utspel, eller kva eg skal sei;) Bra! .

Sexy bitch i KrF

Denne kommentaren stod på trykk som Dagboka-spalte i Klassekampen 22.mars 2010. Lørdag morgon logga eg meg på Twitter. Der fekk eg servert ein link til VGs framside. Saka «KrF-topp poserer i undertøy. VIL VÆRE SEXY for å provosere», stod ved sida av saka «Kraniet sprakk etter takras». Dette må vere ein spøk, tenkte eg. Mannen bak linken er god på photoshop. Men det var ingen spøk. Inger Lise Hansen, nestleiar i KrF, dekka heile VG-framsida iført svart minikjole. What the fuck? tenkte eg. Trur ho virkelig at ho provoserer i eit antrekk som dette? No begynner eg å lure på dømmekrafta hennar. Greit nok at dama er kontroversiell og modig, all respekt. Eg har digga Hansen frå månen og tilbake, men no vart eg skikkelig skuffa. Og det var ikkje fordi ho stod fram i minikjole og ei lita utringing, for vi har vel alle gått med større. Årsaka var at Hansen sa at ho «kler seg sexy for å provosere». Eg som hadde inntrykk av at Hansen var ein politisk leiar anno 2010, fekk brått mitt inntryk

Korleis skrive dikt

No kjem det ut ein boksingle på Flamme forlag. Den heiter XXX og kjem i april. Dette er dei mest hudløst ærlige tekstane eg nokon sinne har publisert offentlig, og her kjem den andre sida av skribent Viken fram: den menneskelige. Ikkje den kontakt debattøffe som hamrar ut meiningar med riflefart. Ein stor kontrast. Singelen består av lengre dikt. Det siste diktet er frå Berlin. For å framprovosere ein sterk følelse av å vere lost, drog eg til Berlin rett før jul all by myself, og traska rundt i slapset midt i trafikken der nede. Det var jul over alt, alle hadde det totalt koselig og eg følte meg rett og slett heilt fortapt. Det er muligens litt pinglete å føle seg fortapt i Berlin, men eg fekk det iallefall til. Oss følelesmennesker i mellom er det ikkje så vanskelig. Nok fordi det var lillejulafta og eg satt ensom på bar og drakk pils i ei mølje av hardtrøykande tyskarar. Det funka fint for å skrive dikt. Eg følte meg virkelig like lost som den teksten skulle vere. Og den sit. Ein må

Krh : kristelig harryparti med harry-Hansen i spissen

Her går Hansen ein del steg tilbake på vegne av heile Krf: Heller enn å vise at KrF er som alle andre, viser ho oss at Krf ligg ganske langt bak andre. Iallefall gjer Hansen det. Provosere? Hallo? Når Inger Lise Hansen er SEXY for å PROVOSERE seier det kanskje litt om kvar KRF befinn seg i 2010, dersom det virkelig er PROVOSERANDE å vere SEXY i dette partiet.. Dessutan synest eg ikkje at ho er SEXY. Ho framstår som tåpelig som vil provosere med omtrent heildekkande kjole. Kanskje fordi ho er med i KRF? Eg trudde Hansen var ei smart dame. Eg er ikkje sikker lenger. Ho framstår som fjortis. Eventuelt tretti år for seint, som resten av KrF? KrF begynner å framstå som litt ehh harry. .

Hjernevask er eit oppgjer med eliten,

"Hjernevask" er en naturlig reaksjon på en samfunnsforskning som oppleves som elitistisk og virkelighetsfjern, mener Fredrik Thue og Thomas Hylland Eriksen i artikkelen Oppgjer med eliten i Klassekampen. Les også Dogmatiske kjønnsforskarar i Dag og Tid. Kronikk av Thomas Hylland Eriksen i Dagbladet. : «HJERNEVASK»: Evolusjonsteorien kan gi svar på alle spørsmål man måtte komme på å stille om mennesket. Bortsett fra de virkelig interessant . .

Debatt mellom Eia og Lorentzen på SKUP-konferansen: hissig!!! #hjernevask

Følg SKUP-debatten mellom Eia og Lorentzen her. Eg følger og kommenterer fortløpende. Opptaket av debatten ligg her. Det er verdt å sjå. Brennpunktteknikk, brukte Eia. Det vil sei å presentere og få forskere til å kommentere på direkten. Dette likte de utenlandske forskarane, men dei norske følte seg personlig angripne. Forskningsjournalistikk: går det ut på å RAPPORTERE eller å sei mot og vere kritisk??? (Liten tvil om kva som er riktig, men også liten tvil om kva norske journalistar bedriv). Eia seier det dårligaste intervjuet han gjorde, var eit intervju med Marte Michelet i Dagbladet. Why am I not surprised.. Debatten tar opp 25-26 timer av Lorentzens døgn. Han DRØMMER om Eia. Lorentzen liker utfordringer, og har blitt skjelt ut før, seier han. PROBLEMET er: Lorentzen meiner Eia har gjort eit kontraktsbrudd. Lorentzen bruker heile DAGEN på #hjernevask. Han må skrive og skrive. Kva står på spel for deg, spør programledaren. Lorentzen svarer: han liker ikkje å bli kødda med, har b

God helg!

.. to the crazy ones, troublemakers, not fond of rules and no respect for status quo. You can disagree with them, but the only thing you can't do is ignore them, because they change things. They push human race forward. The people who are crazy enough to think they can change the world, are the ones that do. Think different. Sjekk også ut fotograf Paal Audestads fabelaktige foto- og musikkvideo frå Tjernobyl: Echo of Chernobyl .

Mitt innlegg på Småsamfunnskonferansen i Tromsø 18.mars 2010

Då kongen fylte 70 år i 2007 sende Sogn og Fjordane 60 bunadskledde til Oslo som gåve. Min første tanke var denne: å nei, ikkje no igjen!! Det var første gongen eg skreiv om marknadsføring av distriktsnorge. Les lesarbrevet i Firda her. Link: Småsamfunn. Problem: Etter å ha jobba som sommarvikar i lokalavisa Firda året før, og sett fylket frå innsida med næringsliv og alt, vart sjisofrenien mellom det som faktisk er i Sogn og Fjordane og det bildet ein presenterer utad, enorm. Eg kjende meg ikkje att i imaget fylket prøver å skape seg utad. Kjem eg ikkje frå Sogn og Fjordane? Eller er eg for normal, for lite på innsida av den lokale bunadseliten, til at eg i det heile tatt kan kjenne meg att i markedsføringa? Eg lurer på kven det er som legg PR-strategien til fylket utad. Dei som gjer det, har iallefall ikkje sjekka ut kva som sel i det tjuande århundre. Og eg lurer ofte på kvifor Sogn og Fjordane absolutt skal markedsføre seg som eit fylke som stagnerte ein gong på att

Bråk: ei bok basert på bobleverd og rustne eggstokkar

Vi har hørt det og hørt det og hørt det og hørt det. No skal vi altså høre det igjen Eg har no lese over hundre sider i boka Bråk av Marie Simonsen og Ingrunn Yssen som kom på Aschehoug forlag for eit lite knippe dagar sidan. Det virker som om forfattarane i så stor grad har historia med seg at dei ikkje ser verken notida eller notidas yngre kvinner. Bobletenking. Kven kan la vere å kalle seg feminist? For da får ein feministane på nakken med deira konspirasjonstankar, for ja, dei er visst sure, desse to damene. Igjen. Feministar blir ofte beskulda for å vere sure, og det er ein grunn til det. Det kan ha noko med tonen dei seier ting på å gjere. Eg forstår ikjke heilt kva slags verd Simonsen og Yssen lever i. Jo, dei er ELDRE . Dei har eit middelaldrande perspektiv, pluss pluss... Dei bekreftar eigne fordommar gjennom å gjennomgåande bruke dei to casa Julie og Ida frå BI sine synsvinklar på likestilling. Det heile er unyansert og svart kvitt. Gutar vil ikkje bli kalt femi fordi femi e

XXX

Lei av samtidsforfattarar som held på å stryke med der dei sit og gneg på sine eigne knokar i desperasjon over stoffmangel? Treng du lesestoff, har du behov for noko å fyre i omnen med? Har du lyst til å lese tekstar som på førehand er omtalt slik: "i love it! fuck the world & superlol @ the establishment, i'll twitter your ass and your facebookmsnweb2.0-cousins and siblings, this is the new loud, jeg mener det!" Du treng ikkje vente lenge. Min boksingle på Flamme forlag kjem ut i april. .

Distriktssenteret har dokumentert at vi treng breiband på bygda

Spørsmål: blir det neste prosjektet deira å dokumentere at folk treng oksygen på bygda? Er dei sprø? Eventuelt: slit Distriktssenteret med kompetansemangel som eit resultat av at folk ikkje vil flytte ut av byen? Det kan sjå ut når det er slike rapportar som dette dei presterer å legge fram. Kreativiteten er iallefall på bånn. Dette understrekar behovet for at høgt utdanna flyttar ut av byen. Distriktssenteret skrik etter kompetanse!! Rapporten kan du lese her. Ein kan stille spørsmål ved om den blei bestilt fordi Distrikssenteret seint på året i 2009 fann ut at dei hadde att litt pengar dei måtte bruke opp. Dette er inga ukjent problemstilling, men det er sjeldan like tydelig som i denne saka. .

Skal eg gidde skrive nynorsk på jobb som journalist?

TJA. Eg er ikkje sikker. Det er så kranglete å sitte og slite med dette rotete språket når ein jobbar under tidspress. Gi meg god tid, og nynorsk er ok. Det må vere svært vanskelig for folk å skrive nynorsk når ikkje ein gong vi som skriv mykje, orkar dette språket. Jamfør forfattar Brynjulf Jung Tjønn som forlot språket etter å ha gitt ut to bøker og slost seg gjennom to rundar med nynorsk korrektur. Les Jung Tjønns Farvel til nynorsken i Aftenposten. No skriv han bokmål i NRK. Mitt bokprosjekt er på reinspikka bokmål. Eg gidd ikkje eingong tenke på alle orda eg måtte ha tatt ut, alle omskrivingane, alle forboda, alle dei forkrøpla gamle orda eg måtte ha nytta i mitt bokmanus. Difor valgte eg bokmål. Det var vi alle einige i. Trur forlaget var like glade. Men slik er det. Nynorsk er ikkje levedyktig med mindre noko graverande blir gjort. Det er mange ein kjenner som forsøker seg på nynorsk, men desse skriv eit musealt og dårlig språk. Kvifor ikkje ha eit språk som vi som brukar språk

Kjønnsforskarane treng akutt hjelp med si mediehandtering #hjernevask

Frå arkivet på pcen. Hjernevask er eit slags skule-tv for kjønnsforskarar. Det har oppstått i eit vakuum i kultur-Oslo. Det vi er vitne til på skjermen, er eit slags gjengoppgjer pro og kontro-biologiens betydning. Der nokre få kulturkjemparar har teke på seg jobben med å bekjempe eit slags skadedyr, kjønnsforskarane, som vi etterkvart er mange som har sett oss grundig leie på. Gong på gong framstår dei som arrogante debatthindrarar, som eit lukka miljø som mest av alt framstår som reinspikke underhaldning, som ein av landets leiandre redaktørar sa til meg på ein viss hagefest i 2009. Deira seriøsitet er synkande. Deira arroganse enorm. Likevel er dei synlige i media. Og kvifor er det slik? Fordi vi er opptatt av sex og sånn. Kjønnsforskning er eit tabloid tema, diverre fronta med skinnheilag arroganse og sanningsmonopol. Kjønnsforskning har eit demokratisk problem. Det dei driv med er ikkje truverdig grunna måten dei framstår på. Eg har lyst å bruke ordet pseudovitskap,

Tipselogikk

når eg ber folk utdjupe tips, får eg tidvis ei lekse om "at media forstår ingenting" pluss eit tips. Eg tar det som eit kompliment at dei då tipsar meg. Når ein så let vere å skrive om saka, fordi det ikkje er ei god sak, får dei rett i at sin påstand om at "media forstår ingenting". Denne gongen er eg inkludert . .

Firda har spurt 100 utflytte om dei kjem tilbake

WOW - det er bra jobba, Firda. Eavisa kan kjøpast og lesast her.

Nynorsk er bissniss.

Av og til må eg sei noko om nynorsk. Idag er nok ein slik dag. Dette skal eg sei idag: @ RuneMikal nynorsken må bli meir konsekvent. då vil kanskje fleire behalde den. d handler ik om Identitet, men om at ein treng eit redskap @ RuneMikal nynorsk =bissniss, men dette er d mange målfolk som ik forstår. dei trur nynorsk er ein hemsko som du må forlate. dei misforstår @ RuneMikal ja nynorsk er utan tvil noko du som journalist også dreg nytte av å beherske. fleire etterspør tekstar på nynorsk. @ RuneMikal det eg av og til reagerer på, er at målfolk trekk fram NRK-folk som reklame for nynorsk. dei les ofte opp frå bokmålsmanus. @ RuneMikal men dei nektar å ta innover seg problema som folk som skriv nynorsk slit med og som fører til at folk byter til bokmål. @ RuneMikal ja han ha rett ang sos medier. har og snakt m fl nynorskforfattarar som avskyr målrørsla.pga rørsla kastar skuggar over nynorsken Til slutt skal eg nevne at denne bloggen er med i Nynorsksenterets base med b

Kva mat skal ein kjøpe om økologisk ikkje er økologisk?

var det ein kar som spurte om i ein kommentar her på bloggen. Det er eit godt spørsmål. Eg forsøksvis svarer: Tja, om du ønsker å ete mat som er økologisk per Debio-definisjon, har du ø-merka mat, men dette er og blir tvilsomt, som før påpeika. Då ville eg faktisk berre spart dei ekstra kronene og heller kjøpt konvensjonelt. same shit, different wrapping. Du må nok ut i småskala heimeproduksjon, og knapt nok der, før du finn reelle økoprodukt. Lat osss ta eit eksempel. Feks er ikkje norske lam definert som økologiske sjølv om dei går på ugjødsla fjellbeite frå mai til langt på høsten, og kun eit par veker på heimebeite kvar vår. Fjellbeiter er ikkje gjødsla med verken kunstgjødsel eller sprøyta med sprøytemidlar. Dette med at norske lam, både øko og konvensjonelle beitar på same fjellbeite heile sommaren, side om side, for så å pakkast i ulik emballasje på hausten i butikken og prisa heilt ulikt, er eit eks på kor firkanta og lite i tråd med "økologiske prinsipp" D

Avliver mytene om "økolandbruket"

Trykk på bileta og dei blir store og leselege.

Ut av eifelbeinsfallosen på Blindern. # Hjernevask

Arv + miljø = menneske. Arv og miljø kan til og med føre til at eit menneske blir kjønnsforskar. Eg såg Hjernevask episode ein heime i Bygstad i Sogn og Fjordane ilag med mine foreldre, cirka femti mil frå kulturgryta i Oslo. Den fysiske avstanden frå Bygstad til Oslo er ein ting. Den kulturelle avstanden mellom mange medie- og kulturfolk i Oslo og folk heime er mange gonger så stor. Etter programmet spurde eg difor meg sjølv: kven er det Harald Eia skal overbevise? Kven er programmet mynta på? Folk flest, om ein kan nytte eit slikt uttrykk, meiner at vi er resultat av arv og miljø slik vi lærte på barneskulen. Eia treng ikkje overbevise desse. Men i enkelte av Oslos indre kretser eksisterer ein sterk skepsis til biologiens betydning for menneskets utvikling. Eit par dagar etter første episode sat eg på Wideroe-flyet tilbake til Tigerstaden. I sekken låg eit gammalt Klassekampen. 25.februar, etter Manifest-frukost med Harald Eia, sa Magnus Marsdal til avisa at Eias progr