Gå til hovedinnhold

Kjønnsforskarane treng akutt hjelp med si mediehandtering #hjernevask

Frå arkivet på pcen.


Hjernevask er eit slags skule-tv for kjønnsforskarar. Det har oppstått i eit vakuum i kultur-Oslo. Det vi er vitne til på skjermen, er eit slags gjengoppgjer pro og kontro-biologiens betydning. Der nokre få kulturkjemparar har teke på seg jobben med å bekjempe eit slags skadedyr, kjønnsforskarane, som vi etterkvart er mange som har sett oss grundig leie på.


Gong på gong framstår dei som arrogante debatthindrarar, som eit lukka miljø som mest av alt framstår som reinspikke underhaldning, som ein av landets leiandre redaktørar sa til meg på ein viss hagefest i 2009. Deira seriøsitet er synkande. Deira arroganse enorm.


Likevel er dei synlige i media. Og kvifor er det slik? Fordi vi er opptatt av sex og sånn. Kjønnsforskning er eit tabloid tema, diverre fronta med skinnheilag arroganse og sanningsmonopol.

Kjønnsforskning har eit demokratisk problem. Det dei driv med er ikkje truverdig grunna måten dei framstår på. Eg har lyst å bruke ordet pseudovitskap, fullt klar over at eg kjem til å få kjeft. Men kjeft frå kven? Kjønnsforskarar. Spørsmål to: kven bryr seg om dei kjeftar? Snart ingen.

Kjønnsforskarar har blitt fritt vilt. Dei kjeftar heile tida, på alt og alle som er ueinige med dei sjølv. Dei verkar kjempe for livet, eventuelt føler dei seg skvisa og har det travelt med å behalde sitt hjørne. Dei minnar om utdøande subkultur som frå hjørnet sitt kjempar mot alt og alle. I mellomtida ramlar og dett dei nedover skalaen, men dette vil dei sjølvsagt ikkje innrømme. Dei lyttar jo berre til seg sjølv. Alle andre er idiotar eller lir av førtiårskrisa. Problem: det er ein fare for eiga intellektuell utvikling å kun lytte til sin eigen krets.

Ein kan snart seie kva som helst om ein kjønnsforskar og bli tatt alvorlig. Ordet i seg sjølv er i ferd med å bli ein vits.


Lorentzen har gått ut i media og sagt at Harald Eia si skillsmisse og førtiårskrise ligg til grunn for at han har laga Hjernevask. Slik prøver Lorentzen å ødelegge debatten ved å spore av. Det er ein kjent hersketeknikk. Hersketeknikkar har feministar i alle år kjempa mot. Lorentzen kallar seg sjølv feminist.

Spørsmål: er det ok å ha UiO-forskarar som går ut i media og debatterer sitt eige fag- og forskningsfelt ved bruk av personangrep? Kan vi tillate at ein påstått seriøs forskar går ut med personangrep heller enn kunnskapsbaserte innspel?

I ein kommentar i Dagens Næringsliv skreiv BI-rektor Tom Colbjørnsen at han meinte retorikken om akademiske fridom er misbrukt i Nedkvitne-saka. Akademisk fridom skal ikkje vere ein fridom tli å slenge drit. Den skal nyttast til å framskaffe kunnskap og ny forskning, meinte Colbjørnsen.

Spørsmålet er: Gjeld dette også i det offentlige rom? Bør forskarar kunne ta i bruk personangrep når dei ikkje maktar snakke for seg i media? Bør dei på denne måten få lov til å ture fram for å ødelegge demokratisk debatt og hindre opplyst debatt, berre fordi dei er forskarar?


Svaret er NEI. Lorentzen framstår som fullstendig robba for medieintelligens. Dette kan eg påstå fordi eg er journalist. Vi journalistar er idiotar. Dette har professor Bernt Hagtvedt brukt mykje energi på å sei på kvar einaste Frukost med Bernt ved UiO. Hagtvedt har heller ikkje snøring på media, men i motsetning til for forskarane ved Senter for Tverrfaglig kjønnsforskning, går det for Hagtvedt stort sett bra å vere «blank slate» på mediafeltet.

For Senter for Tverrfaglig kjønnsforskning begynner derimot deira handtering av mediadebattar å bli problematisk. Dei undegrev seg sjølv effektivt. Dei har snart ikkje truverd att. Snart sit dei i lause lufta. Dei treng desperat hjelp, men ser det neppe sjølv.



Utspelet om Eias skillmisse fekk enda fleire Lorentzen opp i halsen. Han ramla enda fleire trinn nedover skalaen, om det er fleire trinn att, og det demokratiske problemet vaks. For kva skal vi med forskarar som ingen har tru på, og som ikkje maktar møte debatt med anna enn avvising og personangrep? Kva slags funksjon spelar dei eigentlig? Svaret er: som dårlig underhaldning. Desperate utspel og desperate personangrep på Eia. Sympatien for Eia stig. Dette er heilt enkel medielogikk. Difor blei det også sagt at Aps strategi om å angripe Frp i valkampen i 2007, bidrog til å auke sympatien for Frp.


Kjønnsforskarane får dermed ikkje så mykje sympati for å framstå i Hjernevask som arrogant avvisande. Dei har i det heile tatt svært lite å vinne på denne serien om den fortset som den stevnar med kjønnsforskarane som sure kleggar svirrande rundt. Eg har eit forslag til forskarane: gå i dialog og saklig debatt. Senter for Tverrfaglig kjønnsfallosforskning: de må redde skinnet mens det enda er noko igjen av det. Om de fortset som de stevnar vil de effektivt bli robba for legitimitet, og denne jobben treng de ikkje hjelp til. De går i baret gong på gong. Mange forskarar fornektar media, men media er mektige, og media er viktige. Vil de ha legitimitet utanfor dykkar eigen eifelbeinsfallos, må de anten a) halde dykk unna media, eller b) vise medieintelligens.


Om kjønnsforskarane på Blindern ikkje snart legg om mediestrategien vil det om kort tid vere eit legitimt folkekrav å få dei fjerna frå overflata.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys